Innlegg

17-mai

Bilde
Toget hadde kome fram til endestasjonen- ungdomshuset. I våre dagar eit lite uanseeleg hus, den gongen stort og innhaldsrikt. Det var pynta for høvet, med avhogne ungbjørker kring inngangsdøra, og  små norke flagg  i kross i lauvet. Den vesle gangen til å henge frå seg klede i hadde to -tre trebenker utan ryggstø, og inne i sjølve salen var det pynta med bjørkelauv, flagg og ungbjørk.

 Dei fleste sat på trebenker utan ryggstø, men så vid eg hugsar var det nokre benker fremst som hadde rygg. Ei lita trapp leidde opp til scena, der det var duka bord kring 3 av veggene, med kvit papirduk og norske flagg. På andre langveggen var det trapp ut til kjøkkenet, som var i kjellaren. Der koka dei rømmegraut eller ertersuppe, alt etter som menyen var det året. Kaffi vart det også koka, sjølsagt.
Det var program, med "Ja, vi elsker", "Fagert er landet", "Gud signe vårt dyre fedreland" og" Å, eg veit meg eit land", og enno fleire. Ein og annan gongen underhe…

17.mai-

Bilde
Eg tenkte først å skrive om 17.mai, og så såg eg at eg hadde skrive ganske utførleg om det i fjor. Men eg finn ikkje noko anna å skrive om, så her kjem 2017 versjonen av 17, maifeiringa i min barndom, medan me enno feira dagen i ungdomshuset på Leiknes.

Men dagen starta litt før. Me lærde om dagen på skulen, om 1814, då me fekk grunnlova og vart fri frå danskjen, om Henrik Wergeland som stifta dagen, om 1905 då kong Håkon vart kongen vår og steig i land på Honnørbryggja i Oslo med vesle kronprins Olav på armen. Me lærde om tyskjen som tok landet i frå oss, og gleda  over å vera fri att. Det var jo berre 8-10 år sidan.

Men førebuinga fortsette. Me teikna norske flagg etter mål, og prosesjon og vårlauv. Me lærde "Vi ere en nasjon vi med", og kjende byrgskapen over å vere ein del av dette landet. Me var ikkje utanfor, men med!  Så lærde vi utanatt "Gud signe vårt dyre fedreland " og " Fagert er landet", og det seig inn at- vil Gud ikkje verja folk og land, …

Freden og tida etter.

Bilde
I desse vakre maidagane er det fint å minnast ei tid som var. Eg er fredsbarn, eller litt etter freden, eigentleg. Eg vaks opp med foreldre og besteforeldre som mintes krigen, der tyskarane så absolutt var "the bad guys" og  amerkanarane "the good ones".

Foreldra mine snakka om krigen, og kor godt det var då meldinga kom om fred, om korleis flagga vart heist over heile bygda, og folk kom på vitjing for å fortelje at det var fred. Rusen og begeistringa var til å ta og føle på, sjøl i ei lita avsondra bygd som vår, som enno mangla bru over Vågen for å kome i kontakt med andre bygder, og måtte ut med båt for å få kontakt med andre, om vi ikkje fylgde utmarksvegar til Hjelmås eller Seim.
-Det kom eit par tyske soldatar nedover vegen, sa mor.- Dei hadde vel lege i dekning  i utmarka ein eller annan stad. Ho fortalde ikkje så mykje meir, men i dei siste åra vart det meir om krigen, om frykt,  blending, tyskarane på gatehjørna i byen, om razzia, bombing og undersøking av…

Høgtidsdagen som ikkje var- 1. mai.

Bilde
Kvar var 1. mai i min barndom? Han var fråverande. Han vart ikkje tala om på skulen, ikkje feira på ungdomshuset. Det var ikkje tog, ikkje talar, ikkje song, ikkje barneleiker. Han  heitte på folkemunne arbeidets dag.
 Mor og far tilhøyrde Venstre, og trudde på sjølstendig initiativ, på fridom til å velje og finne sin eigen veg. Dei var mot sosialismen , som etter deira meinig greip altfor mykje inn i livet til den enkelte med forskrifter og reguleringar. .Far var sjølvstendig næringsdrivande, og hadde folk i arbeid. Så han identifiserte seg nok med arbeidsgivarsida, og sukka når regjeringa Gerhardsen la på ei avgift, ei ny trygd eller noko anna som gjorde at staten fekk meir, og arbeidsgjevaren måtte dele enno meir med felleskapet. Han hadde ei lita bedrift som ikkje gav så mykje av seg, og syntes skattebyrdene skapte lite inntekter og at det vart lite att til innvesteringar. Det var ingen av dei som arbeidde for far som var organiserte, for det vart rekna som eit styggelse, og hadd…
Bilde
Tekniske dupedittar har alltid fascinert meg. Eg trur eg er arveleg belasta, ettersom far min også var svært interessert i alt nytt, så elektriske  nyvinningar  kom tidleg i  heimen vår.




Tankane går tilbake til barndommen. Hermetikkboksar skulle opnast. Ikkje kunne du setje eit støpsel i stikkkontakten og trykkje på ein knapp for å opne den, ei heller kunne du setje opnaren i eit hol og skru på ein ...... Nei, du måtte lage hol, og så bevege kniven framover med handmakt.


Piske krem eller eggedosis? Du bruka visp, eller etterkvart hjulvisp. Ikkje noko håndmiksar, i min barndom. Den kom litt seinare, på 60-talet i min heim, og du under, kor lettvint det plutseleg vart å vispe krem, eggedosis eller lage kaker!

Pålegget stod i kjøkkenskapet. Det du var redd skulle bli surt, bar du i kjellaren., ned trappa og inn i spiskammerset der. Der stod osten sommardsdagen, elles vart han pizzaost i skapet oppe, berre det at vi ikkje visste kva pizza var, men svett goudaost det kjende me til. Mjølka…

Påske.før (og no)

Bilde
Korleis var påska i min barndom? Det er mykje eg ikkje hugsar, men det som er visst var at påske var høgtid på 50-talet. Det kristne stod i sentrum, og det var fleire sundagar etter kvarandre. Dei fleste arbeidde halv dag palmesundag og påskeafta, og dagane i den stille veka var og arbeidsdagar for dei aller fleste. Far var eit arbeidsmenneske, men påskedagane var det helg.

  På skulen hadde me om påske kvart år, og me lærde salmar som høyrde til dei ulike høgtidsdagane frå Palmesundag til 2. påskedag. " Hin time i Getsemane " og  "Påskemorgen stiller sorgen" var to av dei som vart lært  oppatt og sunge kvart år. Me hadde eit vers kvar dag, og lærde dei utanatt, og så song vi salmane. Me såg bilder frå lidingsoga og frå den opne grava, og følgde læresveinane som møtte den oppstadne Jesus utan å kjenna han att, på veg til Betsaida. Vi visste kvifor ein feira påske, ikkje tvil om det.
Var påsken sein, kunne påskeliljene titte fram, men ofte kom dei etter påske. Mor …

Mørkaloftet- ein spanande tilfluktsstad.

Bilde
Mørkaloftet var bak ein glugge i taket på utelemmen. Det var spanande og kanhende ikkje heilt ufarleg å krype dit opp, ettersom du kunne risikere å ramle ned troppa til første etasje. Derfor var det helst Flossvikas svar på Tarzan(les Britt) som klauv dit. Det var spanande der oppe. Halvmørkt, med gamle kledeplagg, bøker og andre ting som ikkje var i dagleg bruk, men for gode til å kasta. Dei  hadde ikkje lagt golv der, så du måtte balansere på tverrsprossene, elles kunne du gå gjennom taket, sa dei vaksne. Eg var vel så lett at det hadde gått greit, men eg passa meg jo, og steig på sprossene.
Skorsteinen gjekk gjennom loftet og ut, og det gjorde det varmt og lunt vinterstid. Av og til hang det fisk til tørk der oppe, eller mor hadde hengt eit par fenalår eller ei spekeskinke der. Eit år hang det ribbe attmed skorsteinen.

(ikkje fullt så mange)  Mor førde rekneskapen for far, og bilaga skulle oppbevarast i ti år. Dei låg på høgre sida, klede bak skorsteinen, , bøker på venstre side,  …