Utmark 1
Utmarkje var eit omgrep i barndommen min. Alle gardar hadde utmarker, der det vaks tre som kunne fellast til tømmer og ikkje minst brukast til ved. Det var mykje older, men og anna lauv og treskog. Dyra gjekk på beite i utmarka, både kyr og hest, og sau om våren og hausten. Dessutan gjekk det snarvegar gjennom utmarka, frå det eine bygdelaget til det andre, stigar og kjerrevegar som gjorde det lettare å omgås kvarandre. I utmarka vaks det bær, særleg blåbær og tytebær, og der sjølvefolket ikkje plukka, var det fritt fram. Ikkje så mykje etter austnorske forhold, så ei to- tre liter vart rekna som god fangst. Eit av dei gode minna frå barndommen min er da mor tok seg fri frå sying og småborn og plukka blåbær, og eg som eldstejenta var med. Det var uvant og godt å ha mor for seg sjølv, og ho hadde tid til meg, og fortalde om korleis ho hadde vanka i marka som barn, om blåbærstader og stiar ho fylgde den gonge