Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2016
Bilde
Denne vakre kyrkja var kyrkja i barndommen min. Den var bygd på 1600.talet, og hadde etter skikken då mange vakre bilete fra bibelhistoria til lærdom for alle som ikkje kunne lesa så godt. Ein gong på 1860. talet vart alle bileta måla over, men då kyrkja vart restaurert etter krigen fann ein fram til måleria på nytt. Ikkje alt var ferdig restaurert i mi tid, men me var litt kry av denne kyrkja som var annleis enn dei andre som stort sett var bygd på 1800-talet, og derfor mindre fargerike. Kyrkja var av lafta tømmer, og tjørebreidd på utsida. Den hadde også inngang på høgre langside. Det var bilete frå bibelhistoria over nesten heile kyrkja, det var skriftstader på takstolpane  og rikt utsmykka stolar frå 16.hundretalet, og  eit eige avlukke  for klokkaren oppe i koret. Når det var messesundag reiste me av og til  med kyrkjebåten til Hamre. Han kom fra Eikanger og Hjelmås, og hadde med nokre sjeler frå kvar plass.  Gudstenesta var på nynorsk, og samenummera hang på v
Bilde
Det var ikkje så mykje leikesaker i min oppvekst, men me leika mykje både ute og inne.  I dag vil eg fortelje om nokre av inneleikane me kunne drive med, aleine eller saman med andre. Vi samla glansbilder, hadde dei ein blekkboks og bytte. Eit verdifullt glans, som ein stor engel eller  eit utkrota bilete av eit brudepar eller eventyrfigurar, måtte du gjerne gi to eller tre vanlege for. Det står ikkje til å nekte at yngre søsken utan sans for kvalitet av og til bytte bort verdifulle glans for ein slikk og ingenting. Eg hadde ingen skrupler for å lure dei, men om andre narra dei, var eg solidarisk  med mine småsøsken. The law of the jungle.  Elles limte me glans inn i glansbildebøker. Oftast brukte me kveitemjølslim . Det var  kveitemjøl og vatn i høveleg blanding, som du kunne ete opp restane av når du var ferdig. Vi brukte fyrstikker til å lime limet på baksida av glansa i mine heilt yngste dagar, seinare fekk me limtubar som me fekk bruke med varsemd. Eg hugsar enn da eg

Skuletur- topptur i 4. klasse

Bilde
Siste skuledag i 4. klasse skulle me på skuletur. Me gjekk saman med 5. klasse, og denne spesielle dagen skulle me på fjelltur, topptur så og seie, for me skulle på heile tre toppar og sjå vidt utover til fleire prestegjeld. Veret var fint, og me hadde pakka ranselen med obligatorisk niste, og Tomkjeks og Perlebrus. I ranselen låg oppdragelse, og læraren hadde lommekniv med korketrekkjar, så her låg det til rette for anten hol i korken eller korken av Me sprang av stad, oppetter mot Hodnesdalen, Det det var lettast å nå fram til næraste topp, nemleg Sjonkletten. Vi hadde ordre om å stoppe å¨vente på kvarandre med jevne mellomrom, og det gjorde me, fordi i den  tid gjorde du som læraren sa, om du var aldri så oppspilt. Det bar oppetter, og nokre forskræmde sauer som hadde halde til i ein vårflor, sprang det dei kunne då me kom. De var slepte på fjellet for fleire veker sidan, og hadde teke til å bli redde for folk. Me leika litt rundt huset, og gøymde oss under de
Bilde
Det var skuletur for 6.og 7. klasse ved Leiknes skule. MS Bruvik  frå Indre Norhordland Damskipsselskap, ( INDL) la frå kai, og 10 forventningsfulle elevar skulle ut på ei dagslang reise, heilt til Mo, oppgjennom dalen og tilbake til utgangspunktet. Båten ringde med klokka, bakka ut frå kaien, og ferda var igang. Billettøren kom med pengeveska på magen, og læraren betalte med innsamla midlar. Vi fann oss plassar, nokre oppe og nokre nede, og dei mest forvitne og urolege sjelene stod ute då me gjekk inn gjennom fjorden. Oppe på andre dekk var det panoramautsyn over fjorden, og etterkvart som  det vart mindre passasjerer hadde vi base der. Eg såg opp til huset vårt på Flossvik då båten gjekk innover mot Hjelmås, og vidare til Eikangervåg. Alle stader vat det same prosedyre, med fløyte på båten, trosse til dampskipsekspeditøren, landgangen vart lagt ut, og folk som gjekk av og på. Kvinner med skaut og hatt, menn med  ryggsekk eller koffert. Mjølkespann vart heiste på land, og nye
Bilde
Fjorden var riksvegen  då eg vaks opp.. Rett nok hadde vi nokre  bilar i bygda, men grusvegane var smale, og  rett som det var kom fjordane i vegen.  Ferjer gjekk absolutt  ikkje alle stader, bruer kunne ikkje leggjast i store spenn som i våre dagar, så fjorden var vegen du reiste på når du skulle til byen, til kommunesenteret , til kyrkja, eler anten du skulle på møte eller dans. Mange fann seg ein make på andre sida av fjorden, og den eine eller anrde flytte sørom eller nordom.  Dei fleste hadde robåt og kunne ro, og det å ta seg ein tur tvers over fjorden tok ikkje lang stund ein godversdag. På grunn av båtbruken var det og sjølsagt at  ungane lærde seg å symja, så dei kunne koma til lands i eit knipetak. Eg budde eit stykke inni Osterfjorden, med Osterøya på andre sida av vassflata. Osterøy er den 14 største øya i Noreg, og var i mi tid delt inn i 4 kommunar. Osterfjorden  fortsette vidare innover til Mo, medan fjorden på andre sida av øya heitte Sørfjorden. Vi høyrde ti
Bilde
Korleis gjekk me kledd? Ja, det er nokså ulikt i dag, både stoff og kledeplagg. Klesplagg har endra seg. og  materialar har endra seg. Ull, bomull og silke var mest brukti min barndom, sjøl om nylon eller nailon, som me sa, vart brukt til finare klede. Vi hadde regnklede, sid regnfrakk og oftast gul sydvest. Når regnfrakken vart liten, vart det ei glipe mellom den og støvlane, og me vart våte på knærne. Ein god regnfrakk skulle vera lang, og halde seg på plass om det var sterk vind. Det var ikkje oljebukse i min barndom, så vidt eg hugsar. Men vaksne gubbar hadde oljehyre.På  føtene hadde vi gummistøvlar.Viking mode,brun på farge..  Dei vaksne brukte paraply, sjeldan regnfrakk. Langbukser var mykje brukt, men også mykje skjørt og kjole.  Langbuksene hadde damelukning i sida, for det var egentlig litt skam å ha guttelukking for ei jente. Vi hadde strikkejakkar og gensa