Innlegg

Viser innlegg fra november, 2016

Ein dam eg minnes

Bilde
Bortafor huset, attmed vegen låg det ein liten sump. Den fylltes fort opp når det regna, og tørka ut i godver. Han kunne vere sigledam for heimelaga trebåtar av ymse slag, snekra i garasjen hos far når han ikkje var heime. Spissa med øks eller tollekniv, og sjølsagt var det banka på eit styrehus med 4 tomsspikar. Det var ein spikar til mast, og av og til ein spikar til å feste hyssing i fremst på båten. Vi laga kaiar av nærliggjande steinar, og hadde mang ei våt og koseleg stund, anten me dreiv fraktefart i Osterfjorden eller langsiktig mot Amerika. Var det mykje vatn, kunne ein og bruka han til å måle djupna på dammen kontra høgda på gummistøvlane, og sjå kvar ein kunne vasse utan at det gjekk over støvlane. Av og til gjekk det over støvlekanten anyhow, fordi vi ikkje rekna med bølgjegangen når vi  vassa, eller var så uheldig at vi trakka på ein liten vippestein. Men då var det berre å tøme ut vatnet og halde fram. Ein tagde klokeleg om våte støvlar til kvelden, slik at ein ikkje

Husavask

Bilde
Det skulle vera reint til jul. Det innebar vask, sjøl om hovedreingjeringa ofte vart teken i lysare tider. Det var vedfyring, og derfor var det nødvendig å vaske huset. At det skulle skje til jul, var eit ideal, men ikkje alltid det vart då, i den kaldaste årstida. Det måtte førebuast. Ein måtte ha dekser, noko som ikkje vart kjøpt på butikken, men ein brukte gamle filler. Det var dynetrekk, gamle skjørt eller skjorter, ja til og med dei store unevnelege vart brukt, utsliten makko som var fin til å vaske med  Grønsåpe var den beste såpa, og om du ikkje hadde, måtte du kjøpe ho. Var det varmt vatn i springen, så var det fint, elles måtte ein varme vatn i store kjelar på omnen. Ofte var ein fleire til den store reingjeringsoppgåva. Då kunne ein vaske, og ein skylje. Vi ungane måtte liggja lågt i terrenget slike dagar, om me ikkje var store nok til å hjelpa til. Som oftast var det ungepass, der ein måtte sørja for at dei var ute av sikt. Regna det, var det å sysselsetje på romma

Keivhendt. Frå 50-talet og i dag.

Bilde
Å vere keivhendt, er ikkje arveleg, men dersom mor eller far er venstrehendt, er det større sjangse for at borna vert det. I gamle dagar var det ca. 5%, no er det ca. 10%, truleg fordi det er meir godtatt. Sonen min var vel eit og eit halvt år då eg la merke til at skeia var i venstrehanda, at leikane vart styrt med same handa, og at han sparka ballen med venstrefoten. Så dominant som noko kunne vera! Å vere keivhendt var ei funksjonshemming i min barndom. Du hadde vanskeleg for å skrive med penn og blekk, og alle reiskap, som saks, kniv, linjal, og blyantspissar var tilpassa høgrehendte. Du kunne vera kor vensrehendt du ville, på skulen vart alle tvinga til å bruke høgrehanda til å skrive med, for det var vanleg. Brukte du venstre hånda til blyanten, vart du tidlegare slått, og på mi tid tvinga til å bruka høgre. Om du greip med venstre handa, heldt blyanten i venstre og sparka ball med venstre, så galdt det ikkje, du måtte skrive med høgre. No veit vi at  hjå dei fleste v

Sløyfe i håret

Bilde
Vi måtte ha sløyfe i håret. Hadde du ikkje det, så var du ikkje ferdig kledd. Om du skulle ut å leike måtte du ha sløyfe, om du skulle på skulen eller butikken: sløyfa måtte på. Du hadde ei til kvardags, og ei til fest, i det minste. Mor hadde fire jenter, og kvar morgon var det å setja sløyfe i håret på dei alle. Så måtte hårdusken sløyfene sat i festast med klemmer, slik at sløyfa sat fast og kunne tåle slåball og paradis og klatring, og kva ein elles dreiv på med. Det var stas når ein fekk samle nok hår i ei lita klype, slik at veslejenta fekk sitt fyrste bånd i håret. Då var ho fin, og alle skrytte! Eg var misunneleg på syster mi, for ho fekk raude sløyfer. Med mitt raudbrune hår var det ikkje aktuelt med anna enn kvitt og blått. Eg drøymde om ein annan hårfarge, så eg kunne ha raud sløyfe Dei som hadde fletter, hadde som regel ei sløyfe i kvar flette. Fint og praktisk. Sløyfene var i min barndom raude, blå eller kvite. Dei vart kjøpt i passelege lengder i byen,, hos

Lommelykta var viktig i mørketida

Bilde
Det var brått mørkt, eller lyset blinka eit par gonger, før me sat i stummande mørke. Febrilsk leiting etter fyrstikker, som som regel låg attmed omnen, og etter talglys som oftast var inni eit skap. Eit blafrande lys spreidde seg i rommet, og du kunne starta leitinga etter den viktigaste reidskapen når lyset var borte: lommelykta.  Ho skulle liggja i skapet ute i gangen, og om ho ikkje låg der, var det leiteaksjon over heile huset, til me fann ho, forhåpentligvis med både batteri og lyspærer intakt. Lyset vart borte, i timar og dagar. Skulle ein frå eit rom til eit annan, i kjellaren eller på utedo, måtte ein ha lys. For ikkje å snakke om dersom ein skulle arbeide i fjøs, låve eller garasje! Ofte måtte ein av ungane halde lykta, mendan dei vaksne fekk jobben gjort.  Stearinlyset var ikkje sikkert, og kunne i verste fall løyse ut brann. Parafinlampe hadde dei fleste ikkje lenger. Men lommelykt... Det hadde ein.  Store og små. Eit teikn på at du var blitt eldre, var at du fekk lomm

Bjødling og rabbing.

Bilde
To skikkar som ikkje lenger er i bruk, er rabbing og bjødling. Det var litt i bruk i min barndom, men ikkje etter eg vart stor nok til å vera med. Men eg hugsar det vart snakka om hendingar då eg var liten. Det hadde seg slik at første gongen ein gut overnatta hos jenta si, eller omvendt, så samla ungdommane i bygda seg for å bjødla. Dei brukte då alt dei kunne koma over av saker som laga lyd, ku- og sauebjøller, sykkelbjøller, sirenar, slå på mjølkespann ja, you name it.   Så henta dei sagrabb på næraste sag, og laga ein tydeleg veg frå heimehuset og til kaia, eller til huset der den andre budde. Det var ein måte å seie frå om at no var forholdet offisielt, og ikkje løynd lenger. Eg spurde mor om dei hadde bjølla for henne og far. Det hadde dei, men ho fortalde ikkje meir om det, anna enn det var vanleg i hennar ungdomstid. Kjærasteparet hadde som regel kome i land på Tangen med båten, og var då synleg for alle og einkvar. Dei kunne ha kome med buss eller båt, men som oftast var

Håkjerring i Osterfjorden

Bilde
Dette skjedde på femtitalet på Leiknes.  Vi hadde fleire fiskarar i bygda, folk som kombinerte småbruk med fiske,  og  pensjonerte sjømenn som fiska, og selde fangsten i nærmiljøet eller til bydn.  Magnus på Flossvika,  dreiv ålefiske, og elles fiska sild eller makrell eller kva som sesongane  elles kunne by på. Han selde til Salslaget i Bergen, og det hende ikkje sjeldan at far leverde ålekassar for han ute i Sandviken. Bernt i Røiskattlia fiska, og det gjorde også Ole Vik. Dei var rett som det var utpå, og det er ikkje få fiskehanker me kjøpte hjå han Ole i min oppvekst. Kven av dei som var med på denne hendinga hugsar eg ikkje, men dei var utpå fjorden og fiska, og då fekk dei napp. Det var ein svær fisk, og dei streva lenge, fordi han drog meir enn dei kunne halde att.  Det såg ut som fisken ville dra dei til havs, og dei snakka om å kappe lina, men så var det trassen som tok over, og dei bauta og sleit, og fisken roa seg litt etter litt. Denne fisken er kjend for å bevege