Julebukk
Vi ungane gledde oss til jul, til fødselsdagen, 17.mai og jonsok. og ikkje minst til nyttårsaftan.. Den siste kvelden i året skulle me gå julebukk. I folkeleg tradisjon har denne skikken røter tilbake til førkristen tid, der ein slakta ein geitebukk ved vintersolhverv for å sikre grøda neste år. Seinare vart det ein tradisjon som kunne vera bunde til Lucia, oskorrreia eller julenissen.Før var ein i følget utkledd med dyrehovud, horn og dyrefell, og såg skræmande ut. Ulike land hadde ulike skikkar. Halmbukken med raude band som mange har som julepynt den dag i dag, er eit symbol på julebukkskikkar. I Noreg har det utvikla seg til at ungane går utklede frå hus til hus i romjula, syng og får gotteri. Så langt eg veit, er dette å gå julebukk på nyttårsafta ein skikk ein finn berre i Bergen og på strilalandet. Vi planla på forhånd, og la opp ruter. I byrjinga var det helst besteforeldra og naboane me besøkte, seinare utvida me området, og dei siste åra gjekk me både til