Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2016

Utmark 1

Bilde
                                                Utmarkje   var eit omgrep i   barndommen min. Alle gardar hadde utmarker, der det vaks tre som kunne fellast til tømmer og ikkje minst brukast til ved. Det var mykje older, men og anna lauv og treskog.   Dyra gjekk på beite i   utmarka,   både kyr og hest, og sau om våren og hausten.   Dessutan gjekk det snarvegar gjennom utmarka, frå det eine bygdelaget til det andre, stigar og kjerrevegar som gjorde   det lettare å omgås kvarandre. I utmarka vaks det bær, særleg blåbær og tytebær, og der sjølvefolket ikkje plukka, var det fritt fram.   Ikkje så mykje etter austnorske forhold, så ei to- tre liter vart rekna som god fangst. Eit av dei gode minna frå barndommen min    er da mor tok seg fri frå sying og småborn og plukka blåbær, og eg som eldstejenta var med. Det var uvant og godt å ha mor for seg sjølv, og ho hadde tid til meg, og fortalde om korleis ho hadde vanka i marka som barn, om blåbærstader og stiar ho fylgde den gonge

Storskulen 2

Bilde
                                                             Bokutlånet var i lærarkammerset, og læraren var flink til å kjøpe inn bøker. Norsk barneblad gav ut årgangar av bladet sitt, og det kom mange forteljingar av dei som hadde gått der, eller bøker frå Samlaget.   Vi skulle låne ein gong kvar 14. dag, men leselysta var stor, så det vart nok lånt ut fleire gonger enn det, fordi vi masa litt, og fordi læraren gjerne ville oppmuntre til ekstra   lesing, for det gav seg jo utslag i skuleprestasjonar.      Ofte las han bøker på slutten av dagen, og   « Frostmoborna» og «Vesle Lord Fountleroy» gjorde inntrykk. Så når læraren hadde lest dei ferdig, lånte me dei , og leste dei på nytt. Hjortefot, Tom Sawyer, Snorre og    gjekk ned for fote både ein og to gonger. Nynorsk , og god språk . Friminutta var leik, eller me sat på steingarden og prata. Vippen, slåball, kanonball, tikkjen, og ymse leikar rundt huset. Skuleplassen var liten, og steinane kom opp både her og der. Eg tr

Storskulen 1

Bilde
       Ikkje heilt ulik, men mangla lærarrommet på høgre sida Storskulen var for dei frå 4-7. klasse. Den  var i  ei lita stove frå 30-tallet, med gang, loft, stove og lærarkammers. Stua hadde eit tjuetals pultar , og dei første var av tre med samanfelt bord og stol, med bokhylle under bordet og plass til blekkhus oppå.   Stor tavle over heile framenden av rommet , eit stort gamaldags orgel og omn på langsida ved sidan av døra. Vindauga gjekk frå 50 cm over golvet og til taket, med små ruter. Jentene sat for seg, og gutane for seg. Faga var lesing, skriving, rekning, bibelhistorie og katekisme, landkunne, historie, naturfag og song.   Første time var alltid kristendom,   med song, framføring av pugga salmevers, bibelsoga etter sist og gjennomgang av ny lekse. Vi avslutta med salme. Så var det rekning, eit anna viktig fag. Vi pugga gangetabellen, og rekna ganging og deling i minst to år, før me vart slept til holmål og areal, og noko som heitte praktisk rekning. X-ar

Småskulen

Bilde
                                                       Skulen var organisert i småskule og storskule, der dei tre yngste klassane var små, og dei fire største var store. Dei små gjekk i bedehuset, og dei store i skulestova. 3 dagar skule, og 3 dagar fri, annankvar dag heime og på skulen. Dei minste hadde også fri når det var handarbeid for dei store, nokre veker kvar vinter. Då var jentene i bedehuset og arbeidde med sying og strikking, medan høvlebenkene fekk plass i skulestova der gutane var. Småskulen var i storsalen i bedehuset, med portabel tavle og store pultar med plass til 2 stykkjer på kvar. Borda kunne skrus så dei kom i riktig høgde, og eg trur det var nedfelt plass til blekkhus på dei. Vi var 9 stykker som byrja i   førsteklasse saman, to gutar og sju jenter. Lærarinna vår var nyutdanna, og tok seg godt av oss små krabatane. Me fekk lesebok med hane på baksida, skrivebøker og reknebok, og så var strevet i gang.    Vi skulle skrive bokstavar og bordar, og tal, og

Snø

Bilde
Store snøkrystallar fall gjennom lufta, og me ungane fanga dei med tunga, og saug dei i oss. Snø, alle ungars glede og tidtrøyte.  Plutseleg var det så mykje å gjera! Me rulla snøballar med gras og stein inni, for den første snømannen måtte opp i år. Mor lika ikkje at me brukte gulrot til nase, det var misbruk av mat, men med pinnenase og armar, stein til auge og munn vart den gjev, og stod der og minna om at no var det vinter!      Skiene måtte prøvast om det berre var ein centimeter snø, og det gjekk strykande. Litt oppskrapte på undersida vart dei, men vi stod på ski! Kjelken vart henta fram, og   drog seg fram mellom grastuster   og   store steinar, og det gjekk så fort, syntes me.   Når det vart litt meir snø, gjekk me i Hannisdalsbakkane og akte, eller skreia, som det heitte på lokal dialekt. Heile grenda kom dit, for det var desidert beste staden for aking, og skigåing også, for den saks skuld. Slakk nedst, skikkeleg bratt øvst, men ingen bekk du måtte forsere eller