Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2016
Bilde
Vi gjekk ofte i bad på Flossvika. Då måtte vi gå gjennom garden til ho Aslaug og Martin, før vi kom til utmarksleet, og gjekk ned til den vesle bukta der det stod nokre naust og eit par hytter, i tillegg til at det var kaiplass for nokre sjarkar. Det var som så ofte i Vestlandsviker, litt småstein å forsere før ein kom ut til sandstranda, og utanfor der låg marabakken, ei sagnomsust linje for oss borna, der det gjekk bratt ned, og i vår fantasi kunne ein då bli sugd ned i djupet for all tid. Me heldt oss godt unna den, og syrgde for at mindre småsysken fekk del i lærdommen. Før eg kunne symja ordentleg, var det obligatorisk med symjebelte, ei kvit anordning med kork? både på framsida og baksida, og som heldt deg flytande både på grunnt og djupt vatn. Den dagen eg skal fortelje om var vi i bad, og eg trur eg hadde parkert yngre søsken på grunna, med trussel om å halde seg der. Sjølv gjekk eg ut på odden, for eg hadde ein plan. 3-4 hundre meter lenger inne i

Hjelp frå ein Herrens engel

Bilde
                                          Å vere med far på arbeid var alltid stas. Først sat du i lastebilen, ofte klemt saman med andre ungar eller vaksne, før du kom fram til arbeidsstaden, som kunne vere ein husagrunn, ein vegstubbb eller ei kjelde.  Om det var utskyting av tilbygget på butikken på Leiknes eller arbeid på utvidinga av kaien, denne gongen, hugsa eg ikkje, men vi enda på Leiknes, på Tånjen, som det heitte.  Far tok til med sitt, og eg fekk mast meg til ein tur etter strandlinja, retning Mundal. Med formaning om å vere forsiktig fekk eg gå, velkledd i gul sydvest, svart regnkåpe og tunge vikingstøvlar, riktig kledd for å forske ut fjøra. Det var seinhaustes, og grått. . Det var alltid noko spanande å finne, hyssing, flasker, rekved, ein og annan leike. Ja det var berre å leite. Det var sleipt, det regna litt i byrjinga, og eg heldt meg forsiktig på avstand til sjøen når det var djupt utanfor. Det var litt bøljer, og for

Siste etappe

Bilde
Eg måtte vidare. Ein steingard kom i vegen, og den var vrien å forsere, for det var streng og piggtråd i enden, for å hindre at sau og ku kom over til naboen. Men det gjekk bra, bortsett for ei lita rift i buksa.        . No var lendet meir kupert, og  lia var brattare opp på båe sider. Det var i sanning V-dal, som me hadde lært på skulen. Bekken slynga seg fram, og mange stader var det reine urskogen å kome gjennom, der gamle mosegrodde og halvrotne oldrar  låg i bekkekanten, og av og til over bekken. Det siste måtte då prøvast, og eg balanserte over, utan å detta uti. Ein stad kraup eg over, og kjende meg som eg dreiv på i regnskogen i Amasonas. Langt oppe frå lia høyrde eg ungar som leika og lo. Det var spanande å gå nede i dalbotnen og vite at eg høyrde dei, men dei visste ikkje at eg var her nede! Eg angra litt på to gaudaskiver i staden for fire. Men litt gauksyre og eit par jordnøter gav ny energi, og nokre nye skot frå ei lita

Leiknes indre 2

Bilde
Heile den store ekspedisjonen var gjennom utmark, der du kunne møte både ku og hest.. Sauane var på fjellbeite på denne tida av året. Eigentleg var starten ein gedigen skuffelse. Heile øverste del var lon, og dermed måtte du gå  i lia for å vere sikker på å ikkje dette uti. Det var eit nederlag, for skulle du fylgje ein bekk, gjekk du ikkje i lia! Dessutan måtte du smyge deg under trea, for kyrne og sauane hadde ikkje rådd med all underskogen. Eg bevega meg nedover, likevel oppteken av det store prosjektet, å finna Vågen. Nedanfor Myrane var det igjen Lon, og igjen var det oppi bakkane. Langt borte høyrde eg eit plask, og skjøna at det var oteren som hadde høyrt oppdagaren, og forsøkte å kome unna. Hjarte slo litt ekstra, for i min fantasi var dyret stort og farleg, og eg var glad for å kome til kloppa over bekken, og såleis kome for

Å utforske Leiknes indre

Bilde
No skulle det skje! Eg hadde planlagt det lenge, men ikkje fortalt det til nokon, aller minst mor, som hadde ei   velutvikla evne til å forpurre eventyr. Vi hadde nemleg ein bekk på Leiknes. Den strekte seg 2-3 kilometer frå Piparvatnet til Vågen, og gjekk gjennom loner og i botnen av bratte dalsider. Ingen eg kjende hadde gått der, og eg hadde ein ubendig trong til å oppdage dette ukjente territoriet. Vi hadde høyrt på skulen både om Livingstone og Roald Amundsen, så kven visste kva som ville openberre seg i Leiknes indre? I alle fall ikkje eg, før eg hadde sett med eigne auge. Så oppdagaren Britt Hagesæter rusta seg ut med støvlar, kniv og matpakke, og etter at Anny fekk oppdraget å ta middagsoppvasken, noko som ellers kunne utsett heile ekspedisjonen til neste godversdag, så la eg ut på den ville ferda. Katten Mons sa farvel midt i Myramarka, og gjekk for å finne mus, så eg måtte ta vegen på oppsida av steinmuren åleine, og fylgja den heilt opp forbi Lonæ, før eg

Utmark 2

Bilde
                                    Utsikt frå huset på Flossvika ( Gudmund utan lov) Då me flytta til Flossvikjæ   vart det enno meir utmark. Det var brakjeland, med mykje eine og ymse slags lyng, små myrar med meir eller mindre væte,   eit og anna furetre og litt bjørk i krullar. Så var det older, sjølvsagt, Nordhordlands nasjonaltre .   Det var mange myrar. Små vasshol, våte stader og tuver, myrull over det heile, ein stad der ein kunne hoppe frå tuve til tuve, og passe seg for hola og søkkjemyr. Det verserte grufulle historier om desse stadene blant oss ungane, om korleis   dyr og menneske hadde rota seg borti eit slikt hol, og heilt eller nesten kava seg under. For det var ikkje gagn i å streve for å komme opp att,                                                                   Di meir du streva, di meir drog myra deg ned. Hende det at du slumpa nedi eit myrhol, så var du snar opp att, og torde ikkje fortelja det heime, men kunne nok skryta til vener om at