Innlegg

Viser innlegg fra april, 2016

Det skjer igjen-

I fjerde klasse hadde vi handarbeide for første gang. Det var i bedehuset, ein månad om vinteren, og småskulen hadde fri. Vi gjekk saman med 5, 6 og 7. klasse, og det var spanande å vera med dei store. Dei sydde seg kjolar og drakter, og strikka store plagg, medan vi heldt på med handarbeidsposar og vottar.  Dei prata om vaksne ting, synes me.  Denne vinteren gjekk det vekking over bygda, og det prega også samværet på skulen. Dei eldste gjekk på møter, og nokre av dei tok imot Jesus og endra livsstil. I staden for slagarar vart det sunge bedehussongar, og me yngre sang med. Det var tale om kva som gjekk føre seg på møtene, og alle vart vi vel meir oppteken av åndelege saker den vinteren. Eg hadde songmøter på lemmen, og lærde opp yngre søsken i song og møteteknikk. Søster mi song " Han er tofast i går som i dag", med atonal stemme. Det var elles ikkje så mykje vi fekk lov til å gå på dei ordentlege møtene, men vi var på gudstenestene, og masa oss til eit og anna bedehusmøte.

På ferietur med Opel Blitz.

Bilde
Vi reiste på mange turar med den overbygde Opelen. Den lengste gjekk både til Ålesund og nesten til Lillehammer. So vanleg samla far saman slekt og vener, og me var 12 stykker som reiste, inklusive mor, Anny og eg. Vi hadde med soveposar og madrasser, og nokre overnatta i telt. Maten vart kokt på primus, og skaffetøy henta me frå kjøkenskuffa og skap. Litt dramatikk vart det då ein hadde lova å ta med bestikk til forloveden sin, men hadde ikkje turt å nevne det for mor si, men mor hadde ekstra, og det ordna det seg. ( Det var ikkje alle som godtok at forlova par reiste på tur i den tida!)  Turen gjekk til Voss, som var lengre og dårlegaste veg enn i dag, og ned dei gamle Stalheimskleivane.  Møtte du nokon, var det å rygge til ein av dei mange møteplassane. Å sjå ned var spektakulært, og særleg nokre av dei vaksne var heller bleike då me kom ned Kleivane. Me måtte vente på ferja frå Gudvangen, og som vanleg gjekk me inn på ferja, men far køyrde. Turen var lang, og det var mykje å s

Opelen som turbil

Bilde
Opelen var ikkje berre arbeidsbil. Far fekk snekra overbygg til den, med vindauge, og fekk tak i  12 gamle bussete, som han sveisa saman, to x4 og eit 4 . Taket var av presenning, og passasjerane steig inn bak.  Dei klatra opp ein stige for å kome inn. Når far brukte bilen til arbeidsbil, hang overbygget i taket, og så rygga han berre inn, heiste ned huset, og så var turbilen ferdig! Me var mykje på tur med den. Far samla gjerne slekt og vener, og så drog me på tur. Det vil sei, på sundagsturane var mor heime med dei minste. Ho laga middag og tok seg av det som skulle gjerat i ein veksande familie. Første turen eg hugsar, gjekk til Radøy for å besøkje tanta til far, som hadde busett seg heilt ute på Sletta, utmed havet, med lite og ikkje skog, slik det var på våre kantar. Så vidt eg hugsar, var det full bil. Å få tilbod om dagstur til Sletta var ikkje kvardagskost i dei dagar, og ikkje mange hadde bilar. No var det ikkje slik å reise til Radøy som i dag, når ein cruisar over

Litt tå kvart om far sitt arbeid

Bilde
Far hadde Opel Blitz. Han kjøpte ny, utan lasteplan, og laga planet   sjøl, kjøpte jernplate i botn, og så hadde han eit godt lasteplan. Far dreiv som entrepenør, og bora i fjell,  skaut ut,   og murde grunnmurar.  Lasteplanet brukte han til å frakte det han trong, sement,  rør, fenghetter og dynamitt, og ulike typar verktøy. Han hadde kompressor ei lita først, seinare ei større. Han hengde den på kroken etter lastebilen, og drog den dit han skulle arbeide. Mange meter slange førde krafta frå kompressoren til boremaskina, som var ein eldre type enn den me ser her.Eg stod ofte nede ved vegen, og fekk beskjed om at når han ropa, kunne eg setje på kompressoren..  Det var ein knapp eller to å trykkje på, og plutseleg gjekk han . Den bråka noko aldeles forferdeleg.   Boremaskina gav enno meir støy , og ein måtte rope om ein ville ha kontakt.  Høyrselsvern var  det ikkje snakk om, og i ein alder av  40 byrja han nok å få nedsett høyrsel .                                        Litt yngre

Overnatte

Bilde
Litt kribling i magen, og ei kjensle av å vere stor! Å reise på overnatting var ei greie i min oppvekst. Vi gjekk på skulen annankvar dag, og hadde difor  meir fritid enn i dag. Å overnatte var eit teikn på at du meistra vaksenverda, og kunne klare deg utan mor og far for ein periode. Eg overnatta helst hos syskenborn, anten på Eikanger eller hos ho Oddveig på Leiknes.  Reiste vi til Eikanger, var vi grytidleg oppe, og var med far på arbeid, og vart att når han reiste heim om kvelden. Skulle eg til Oddveig, gjekk eg ofte gjennom skogen, litt seinare på dagen, og hadde med det mest naudsynte i ranselen. Men det hende at ein masa seg til overnatting der og då. Eg var ofte med far då det hende, og han gav alltid lov. Det var ingen mobiltelefon for  å konferere med mor. Av og til ringde me heim og spurde henne, av og til tok han avgjerda åleine. Ringde me, så brukte vi svevetelefon, og måtte ringje til sentralen, der ho Olga på Tångjen så ringde ein kort og ein lang heim til oss, før

Om overnatting på Eikång, og fryseri og vareutkjøring

Bilde
Leseboka, rekneboka og skriveboka vart teke ut av ranselen, og tannbørste, vaskeklut og nødvendig skift var lagt inn, og så var eg ferdig for overnattingsbesøk på Eikång. Der var det to stader å overnatte, men denne gongen skulle eg til søskenbarnet mitt, Berit, og overnatte hos onkel Ingebjørn og tante Magda.  Dei budde like nedfor Eikångvatnet, ved ein liten bekk som etterkvart rende ut i fjorden. Ingebjørn og Magda hadde fiskebilar og laga fiskemat, så om morgonen når me vakna, måtte vi stelle oss sjølv, for begge var forlengst i gang med dagens arbeid i fiskematen.  Men me stellte oss sjølve, klauv på kjøkkenbenken om det var noko me ikkje nådde, og fekk oss mat, og vaska opp.  Deretter var det ut for å sjå seg om,  undersøke bekken eit stykke nedover eller oppover, gå på butikkane lenger nede i bygda, ( ja for oss frå Leiknes var det storveges med butikkar i fleirtal), kanhende besøke bakeriet, eller ta ein tur opp til søskenbarna på garden.  Dei budde i eit stort og spennan

Brød og brødbil

Bilde
Vanlegvis kjøpte me brød på butikken, eller mor baka. Men etter kvart vart det  brødbil på bygdene. Den første som starta opp, hadde bakeri på Hjelmås, i Pittersburg. ( Pittersburg var bygdenamnet på eit vertikaldelt  utleigehus bestefaren min sette opp, og i kjellaren på huset  vart det bakeri.  Eg hugsar ikkje kva bakaren heitte) Eg trur dei køyrde rute til  Leiknes, Hodnesdal og Hopsdal  to gonger i veka, og reiste då innom og oppom dei fleste avkrokar på sin veg. Signalet på at dei stod utanfor huset  var tuting med fløyta, ( Å bruke fløyta var varsel, og ikkje berre fare i den tida)  Igjen var det å få på seg skor og flyge ut. Brødbilen  hadde ikkje så stort utval, men på den tida var det storveges, med vitten, siktebrød, langebrød, frøbrød og kneip. Etterkvart kom det også grovbrød, som etter det eg hugsar var finare enn grovbrødet no. Brødet låg i kassar, og vart når du kjøpte dei  pakka inn i  brunt papir og etterkvart posar. Men det store med brødbilen frå ungane si

Fiskebilen hass Ingebjørn

Bilde
Tut, tut... No kjem fiskebilen!  Eg ropte det ut, og mor fekk på seg rappane  og sprang ut.  Vi ungane skynde oss etter. Det var onkel Ingebjørn   i Eikangervåg som selde fisk hos oss. Han var grytidleg oppe og kjøpte fisk frå brønnbåt på kaia i Vågen, og la det i kassar med is, og køyrde så ruter på dagen. Først køyrde han sjølv, men etter kvart hadde han to sjåførar som køyrde for seg. Ruta vi var på tok til i Eikangervåg, og sidan dette var før vegen over Fyllingsnes var kome, køyrde dei om Høylandsmyr, Vaet og til Hjelmås, før dei kom fram til Leiknestangen. Bilen stoppa utanfor huset, og tuta. Då visste me at no var det fiskesal.   Utvalet var torsk, sei, hyse, av og til lange,   kveite, flyndre og av og til røykt blåkveite som var røykt av onkelen min i det lokale røykeriet . I tillegg var det salta fisk, lettsalta og salta på bilen. Sild og makrell i sesongen for det, likeså lever og rogn.  Mor var nøye på fisken. Blaut halvdaud fisk var ikkje god vare, så ho s