Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2016

Den tid hoggormen var fredlaus

Bilde
Det var den tida då folk ennå trudde at kultur betydde kultivering, at sivilisasjon betydde utrydding av rovdyr, og ormen kraup på jorda som straff frå Gud. I 4. klasse lærde eg å forsvare meg mot hoggorm i natufagstimen, og læraren teikna på tavla og illustrerte - Når hoggormen kjem krypande, skal du slå han i hjel. Du kan bruke ein stav, men det sikraste for ungar er å bruke to steinar. Den første kastar du på ryggen hans, for då kan han ikkje reise seg og bite, og den andre kastar du på hovudet, og då er han daud. Deretter sparkar du han utfor vegen, og er det ei maurtue i nærleiken kan du bere han på ein staur, og legge  han dit. Han teikna både steinar og orm, så lærdommen sat. Sumaren var varm og fin, riktig ein sumar for hoggormen. Me hadde flytta til Flossvika sumaren før, og der hadde det vore eine og ur, riktig eit eldorado for giftormar. Far sprengde tomt og rydde land, men det var enno litt eine og urd i utkanten av tomta, og eit steingjerde der beista nok trekte seg

Meistring.

Bilde
Skip ohoi !  Langt oppe i bjørka sat eg, og såg vidt utover. Det å klatre i tre var ein livsstil, og eg såg alltid etter om eit tre kunne klatrast i. Dei beste var bjørk, og older, medan gran og furu var verre å klive i, særleg grana, for den var ofte tett, og hadde mange barnåler. Nede i kanten av tomta stod ei ask som var fin å bevege seg i, og eg prøvde også å lage meg hytte der, men greinene var for småe. Eg klatra i epletre og plommetre, og det gjekk vel med nokre kvistar og greiner som var for speie, sjøl til tyngda mi. Litt arveleg belasta var eg nok når det galdt å klatre og kome meg oppover, for eg såg seinare bilete av far min som stod i øvste matetoppen på ein båt. Typisk, stod det i kommentaren. Så eplet fall ikkje langt frå stammen-. Når du sat der høgt oppe og hadde utsynet, kjende du deg som ein sigerherre som hadde erobra verda. Sjølsagt måtte også mindre sysken innviast i denne vedunderlege verda. Eg kan ikkje hugse at alle var like begeistra, men då me flytt

Leik med andre

Bilde
- -Du har han. Eit liten berøring , og du var innehavaren av tikkjen, og måtte springe etter ein eller annan for å bli kvitt den. Vi var sosiale, og leiken var ein viktig del av samværet mellom oss borna. Vi leikte slå på ringen og siste par ut, slåball, kanonball og fotball. Vippe pinne var så visst som våren. To steinar, ein kort og ein lang pinne, og to lag. innelaget vippa den korte pinnen med den store, og la den  pinnen oppå steinane, og, ein frå utelaget prøvde å treffe den veslepinnen. Traff han, var det nestemann sin tur, traff han ikkje målte ein lengda med den lange pinnen og fekk alen. Så slo vi den vesle pinnen med den store, og slo du to gonger, kunne du måla alen med veslepinnen.   Vi heldt på med denne leiken i månader på skulen. Elles leika vi gøymespel i mange variantar. Rundt huset, i hagen, inne i uthus var det mange gøymestader. Ein stod, og telte til 100, og alle gøymde seg. Av og til var det berre å bli funnen, andre tider måtte ein liste seg fram til tel

Nasjonaldagen

Bilde
17.mai var ein festdag, saman med julaftan, fødselsdag og jonsok. På skulen øvde me til den syttande, eller nasjonaldagen, som me ofte sa. Vi sang songar, så -Vi ere en nasjon vi med, Fagert er landet og Guds signe vårt dyre fedreland var innøvd fra 2-3. klasse, og me ungane song med på allsongen når dagen kom. Det var  ikkje musikk, anna enn at eit par år gjekk det ein med trekkspel framst . Vi øvde på å gå i tog, og fekk streng innstruks om å halde flagget høgt opp i lufta, og ikkje vanære det ved å la det subbe i grusen. Det var ikkje mange år sidan det var forbudt å bruke flagg, og flagget måtte haldast i ære. Me lærte om Eidsvollsmennene og enig og tro til Dovre faller, og me lærte om kongen og fridommen me fekk i 1905. Det siste og verste var tyskjen som tok frå oss retten til å bruke flagget i 5 år. Dagen rann, og flagg small i vinden. Det var lausprett og kvitveis og blomstrende rips. Dei song nasjonalsongar og salmar i radioen, og det var  høgtidssame talar for dagen, al

Bergen- staden der me strilane var på handletur

Bilde
Bergen var storbyen i mine unge dagar.  Med lyskryss , parkeringsplassar, store hus og mykje å oppleva.  Sundt var eit anna stort kjøpesenter med mange  etasjar, avdelingar og mykje auga. kunne bli mett av å sjå på. Der  og på  Kløverhuset hadde dei juleutstillingar, og levande nisse der du kunne fortelje kva du ynskte deg til jul. Det var alltid så stor kø at ein travel strilefamilie med hundre ærend hadde ikkje tid til å stanse, men vi beundra jo vedunderet, og hadde sett nissen når vi kom heim att til vesle Leiknes. Ikkje alle hadde sett ein levande nisse i dei dagar! Det var julepynta , og det klang julesongar over høgtalaranlegget då du gjekk og prøvde å finne julegåver for dei få kronene du hadde fått med til formålet.  Sundt hadde rulletrapp, endå eit vedunder som ein måtte prøve, sjølv om ein ikkje hadde ærend i dei høgare etasjane. Tenk å kome seg oppover utan å bruke beina! Utviklinga var kome langt, syntes me, og tok trappa ein gong til. I Øvregate låg spesialbutik

Med mor på bytur. Me tek rutebåten.

Bilde
- Ver så god , neste! Frisøren  viste korleis eg var klyppt bak, og rista forkledet  før syster mi tok plass i stolen. Me var hos frisør i Bergen, etterat mor hadde gjort eit mislykka forsøk på å klyppe oss, og deetter resolutt teke med  4 stykker til  byen for å bli klyppt. -Dei kan ikkje gå med huver lengre no, sa ho. - Ja, eg ser du har forsøkt å klippe, sa frisøren. Å reise til byen var annleis  for 60 år sidan. Du sette deg ikkje berre i ein bil, og 30-40 minutter etter steig du av på Tyskebryggja. Nei, du pakka omhyggeleg ranselen kvelden før med penalhus og teiknesaker, og etterkvart ei bok, og vart vekt  halv seks morgonen etter, og sat og streid med mjølkeglaset og den obligatoriske skiva. I i nokre tilfelle vart kravet redusert til ei halv, og så var det å smørje mat, og ta med saft. Det var for dyrt å kjøpe på båten, så mat måtte ein ha med. -Nå kan de byrja å gå, sa mor, og me gjekk . Vi såg båten inne fjorden, og visste kor lang tid det tok. På kaia var det folk,

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar

Bilde
. I dag har vi fryseboksar, og vi kjøper ferskt det meste av året. Vi har det lettvint, og gløymer at for eit par generasjonar sidan var matlaging og husstell  fulltids- jobb. Eg hugsar at mor hermetiserte kjøttkaker med brun saus  og kottelettar. Det var same omstendelege prossessen, med vasking og sterilisering av Norgesglas, koking og steiking av kjøtet som skulle hermetiserast.  Det vart lagt koheit på glasa, og fyllt heilt fullt, og så vart lokket skrudd på. Glasa vart sett i kjellaren, og teke opp til sundagsmiddag  ut over hausten og vinteren. Det kunne vera ein sjangse at maten vart bederva, så ein måtte lukte på, før ein varma det opp. Ellers hermetiserte mor frukt kvar haust. Også der var det vasking og sterilisering av glas, som var oppevart i varm steikeomn til ein skulle bruka dei. Pærer vart skrella og koka i sukkerlake til dei vart møre, og lagt på glas. Ein hella den kokande sukkerlaken over, så glaset vart heilt fullt, og la glaslokket med gummiring på, og skr
Bilde
I våre dagar kjøper ei heimelaga syltetøy  frå Lærum, eller finn bær i kjøle- eller frysedisken hjå kjøpmannen  når ein treng det. I min barndom hadde nesten alle bærtre i hagen, solbær, rips, bringebær og stikkelsbær var dei vanlegaste, men kirsebær var og i ein del hagar. I tillegg plukka ein ville bær om hausten, mest blåbær og tytebær. Det var ein del av matauken, og viktig for å få matbudsjettet til å gå i hop. Mor og far sette bærtre med same dei flytta inn i nytt hus, og dei første åra verna mor om bæra og handsama dei som veldig verdifulle. Dessutan plukka ho bær hos bestemor, og av og til hos tante og onkel, eller andre naboar som hadde hatt bærtre lenge, og dermed hadde for mykje. Me ungane var med, og det for nok like mykje i munnen som i spannet, men det var ein del av gamet. Bringebær hadde vi sjølv, og det var det mykje av, så lenge vi budde på Leiknes. På Flossvika kjøpte me av naboen dei første åra, seinare vaks det til hjå oss og. Men arbeidet var ikkje ferdig