Innlegg

Viser innlegg fra august, 2016

Is til ishuset på meieriet

Bilde
Denne historia er frå før krigen, men mor fortalde ho,og den er vel verd å skrive om. Bøndene i Dalebygden, på Hopsdal og Mundal hadde andelsmeieri, og i riktig gamle dagar, før krigen, brukte dei is til å kjøle ned mjølka med på meieriet om sumaren. Det gjekk ein liten bekk eller elv gjennom Leiknesdalen. og i utmarka til oldefaren min låg det ei  stemma eller demning av stein der det så samla seg vatn som fraus til  is om vinteren..  Men oldefar var litt vanskeleg å ha med å gjere, og ville ha alt etter sitt hovud, så dei andre bøndene vart einige om å laga ei ny stemme i Tongamarka, nedanfor utmarka til bestefar. Dei bygde den av stein, som vanleg var, med luke til å opne slik at vatnet kunne renne fritt når det ikkje var bruk for å demme det opp  til seinare is. Når vinteren kom, og isen hadde lagt seg tjukk ovafor stemma, så vart det kalla inn til dugnad blant bøndene i andelslaget, for då skulle dei skjere, frakte og lagre is. Bestefar og andre som arbeidde borte i vekene,

Ei lita syster

Bilde
Jormora hadde kome over fjorden kvelden før. Tante Bergitta, den ugifte tanta til mor  frå Mundal kom og . Ho pleidde å hjelpe til ved heimefødslar. Denne gongen skulle mor fø heime, fordi ho hadde god hjelp, medan ho hadde født i Bergen då søster mi vart fødd  to år tidlegare. Eg hugsar enno  vaskekluten som hardt ,fort og effektivt for rundt i det vesle fjeset mitt. Det var tidleg morgon, og me hadde blitt vekt og fått beskjed at no måtte me opp.  Me fekk vel i oss eit mjølkeglas og ei halv skive, før me i halvmørket  vart skyssa ut i bilen. Mine to yngre søstre og eg vart plassert i forsetet på Opel Blitzen, og skulle vera med far på arbeid. Han arbeidde på tomten til det nye huset han skulle byggja på Flossvika.  Husagrunnen var nesten ferdig, og det låg store steinrøyser rundt det uferdige grunnen, brakje og lyng var det rikeleg på tomten, store graner sørafor det som ein gong skulle vera huset, og eit stort bratt brot nedanfor  tomta vår. Vegen gjekk like forbi, og oppe på

Meieriet på Leiknes og funksjonar, slik eg hugsar det.

Bilde
Når meieriet var bygd, veit eg ikkje. Då eg var liten stod det der, på eine sida av kaien, med trapp ned til sjøen, og med to etasjar. I første etasje var det innveging av mjølk, og mjølkeutsal.Innanfor var det eit rom for avkjøling av mjølka, og lenger inne var ishuset.  Gardbrukarane  kom med dei store 10-50 liters spanna sine, og slo mjølka opp i  ei stor innvegingsbehaldar  som vog mengda dei leverde. Bøndene kom med mjølkespanna sine morgon og kveld. Nokre hadde slege seg saman i " mjølkeruter" der bøndene køyrde mjølka i  eit område etter tur. Dei køyrde med hest og kjerre, og batt hestane i veggen på meieriet . Eg hugsar ikkje kor mange det var som hadde den ordninga,  men trur det var ein tre -fire slike køyrelag. Dei som ikkje var med på eit slikt samarbeid, køyrde med handkjerre eller bar mjølkespannet på ryggen  til meieriet. Slik eg hugsar det, hadde alltid bøndene god tid når dei køyrde mjølk. Tida var sett av til dette arbeidet den dagen. Dei prata med

Barnearbeid eller opplæring?

Bilde
I dag splittast familiane kvar morgon i vekedagane. Far dreg til sitt, mor til sitt og ungane til barnehage og skule. Korleis var dette for vel 60 år sidan? Far drog på jobb, mor var heime, barnehage fanns ikkje på landsbygda, og skulen var annankvar dag. I mykje størregrad enn i dag var heimen opplærings- og arbeidsplass for borna. Vi lærde av foreldra våre. Eg var vel 3-4 år då eg stod på ein stol og tørka bestikk og ikkjeknuselege kjørel. Seinare fekk eg ansvar for å vaske og  tørke . Det var ein del av rutinane den dagen du ikkje hadde skule. Vi lærde å vaske golv, ta skikkeleg i krokane og ikkje bruke for våt dekse når me vaska. Lørdag var det rydding og vasking av rom, og rundtomvask før du tok golvet. Vi tørka av bokhylle og vindaugskarmar, av dørar  og hyller. Vi delte litt på romma, når vi vart fleire, og mor tok og del, men vi kunne halde det reint rundt oss. Vi rydda leikar og fekk beskjed om å henge opp klær og sette på plass sko, sjøl om me ikkje alltid gjorde det

Bensinstasjonen

Bilde
F Far hadde bensinfat og pumpe då me budde på Leiknes. Han henta fatet På Sandviken i Bergen, på Shell sitt raffineri. Det var langt til næraste bensinstasjon, og på den måten sparde han tid og pengar, og fyllte opp tanken heime. Pumpa var montert på veggen i den opne garasjen, og du sat på ein stige mellom første etasje og loftet og pumpa, og kunne velje om du pumpa opp 1 eller 10 liter før du sleppte bensinen inn på bensintanken. Eg visste kor mykje som gjekk på tanken, men ein gong rekna eg feil, og då fløymde det bensin ut frå bensinrøret. Eg var snar til å stoppe, men litt spille vart det, og eg fekk kjeft. Då me flytta til Flossvika, fekk far grove  ned først ein tank, og så ein til. Han støypte fast ein bukk, slik at han kunne skifte olje på bilen sjøl, og utføre småreparasjonar.Mange lånte bukken til både oljeskift og når dei skulle vøle bil. Eit lite pumpehus sette han og  opp, Der det var plass til olje og  rekvisita.  Han fekk opp eit par ben

Søndagsturar med far

Bilde
Vi var fine der vi gjekk søndagstur med  far, med kjole, kåpe , sløyfe i håret og kvite strømpar. Vi leidde han, eller slepte handa og sprang litt i forvegen for å undersøke noko i vegen eller kanten. Grusvegen var full av variasjon, og det var alltid noko å sjå på. Det var eg og syster mi som var med han. Mor var heime, som skikken var, og rydda huset og laga søndagsmiddag. Kanhende fann ho også tid til å lese eit vekeblad eller litt i ei bok, når me var ute. Eit lite friminutt i ungestellet. Me gjekk oppover dalen, og  vi møtte folk, andre menn som og var ute på søndagstur.Kvinnene stod ved grytene, denne dagen som alle andre. Far var glad i å prate, og det var alltid noko å snakke om, som kommunepolitikken, der dei på sørsida av fjorden alltid fekk fordelar, om utviklinga i bygda og landet, og dela nokre skoser om naboar og sambygdingar. Vi såg på vegen, plukka blomar til mor, kasta litt stein og hoppa i søledammar, noko som var strengt forbode når du gjekk i sundagsklede. H

Spel.

Bilde
Nå sit barn og ungdom ved sida av kvarandre og trykkjer på kvart sitt spel, eller dei sender bilete og meldingar til kvarandre om dei er på same staden. Eg er takksam for å ha barndommen i ei tid når me gjorde ting i lag, og eit av tinga me rett som det var held på med, var spel. Me leika Gnav, med tall frå 0 til 12, og nokre figurar der den største var gauken. Gnav kunne du spela på den måten at du trekte kort frå medspelarane, og når du fekk like, kasta du dei i ein haug. Den som sat att til slutt, hadde tapt. Me leika " Svelt i hel, " , som gjekk ut på at du skulle ta alle korta frå medspelaren, og sitje att med heile kortstokken. " Svarteper" kunne me leika med gnav, eller med ein spesiell gnavsort som heitte nettopp " Svarteper". I min barndom  leika me  berre med at ein tapte, men då eg i sekstenårsalderen kom i Husdalen, tok vi spelet heilt ut, og taparen fekk svart nase med sverte frå omnen, med mykje hyl frå den slegne, og fryd frå dei som s
Bilde
Var me fattige? Det var me nok ikkje, men heller ikkje rike.  Det var mat på bordet kvar dag, og me hadde klede og sko. Me kunne få snop og byturar, og vi fekk bøker og leikar. Nokre leiker var heimelaga, og dei første dokkene mine hadde kjøpt celluloidhovud og heimesydd bol. Men like ofte laga me oss leiker sjølv, og vi lånte bøker i skuleboksamlinga og den offentlege boksamlinga. Det var mange draumar som fekk sin slutt med orda: " Me har ikkje råd". Men leistar og sokkar vart bøtte når det var hol på dei,og nokre var reine lappeteppe etterkvart. Leistabrotet kunne bli brukt til nye leistar, medan labben vart kasta.  Mor bøtte gensarar og strikketrøyer, og strikka nye brot på dei. Av og til rekte ho opp garn, og strikka nye plagg. Vi hadde bøter på buksene når det vart hol på dei.  Mor skifte glidelås som var øydelagde, og sydde i knappar som mangla. Det var kjeft å få når me hadde laga flengjer i kleda, eller slege hol på eit buksekne. Me ervde klede og sko, o