Innlegg

Viser innlegg fra september, 2016
Bilde
Det er rart å tenkje på at då eg vaks opp var me meir   avhengig av høyrsla for å få informasjon. Me las, og nokre bilete var det i bøkene, men mest av alt skapte det vi las indre bilete av hendingane vi las om Men vi høyrde på radio, og der fekk me mykje av informasjonen vår, og underhaldninga. Vi såg ikkje det som vart sagt, så vi skapte oss indre bilete av det som vart sagt. Så tok fantasien over, og vi leika rolleleikar og dikta vidare.  Alle born som var heime  på dagen høyde på barnetimen frå 8.40-9.00. Vi sat andektige og lytta, og song med i songane, lytta til forteljingane og vart kjende med dei ulike programleiarane og figurane dei fortalde om. Torbjørn Egner fortalde om Karius og Baktus, og vi pussa tennene nøye etter den forteljinga! Vi høyrde om tante Sofie og røvarane i Kardemommeby,, og var glade då alt enda godt. Det fine med desse forteljingane var at konfliktene var spanande, men dei vart løyste. Livet kunne gå vidare, og vi slapp å gruble på uløyste gåter. D
Bilde
Det er rart å tenkje på at då eg vaks opp var me meir   avhengig av høyrsla for å få informasjon. Me las, og nokre bilete var det i bøkene, men mest av alt skapte det vi las indre bilete av hendingane vi las om Men vi høyrde på radio, og der fekk me mykje av informasjonen vår, og underhaldninga. Vi såg ikkje det som vart sagt, så vi skapte oss indre bilete av det som vart sagt. Så tok fantasien over, og vi leika rolleleikar og dikta vidare.  Alle born som var heime  på dagen høyde på barnetimen. Vi sat andektige og lytta, og song med i songane, lytta til forteljingane og vart kjende med dei ulike programleiarane og figurane dei fortalde om. Torbjørn Egner fortalde om Karius og Baktus, og vi pussa tennene nøye etter den forteljinga! Vi høyrde om tante Sofie og røvarane i Kardemommeby,, og var glade då alt enda godt. Det fine med desse forteljingane var at konfliktene var spanande, men dei vart løyste. Livet kunne gå vidare, og vi slapp å gruble på uløyste gåter. Doktor Dyregod

Fløksand husmorskule. Dagleg liv.

Bilde
På kjøkken I laga vi middag. På kjøkken II laga vi kaker og dessert og dreiv med sylting og safting. På handarbeidssalen sydde vi, vov og strikka. På vaskepartiet hadde vi klesvask, laga bakverk som lefser , og eg trur at me og hadde fjøs og uteparti på desse vekene. Første dagen på kjøkken I skulle me laga blodpannekaker. Litt av ei byrjing for dei fleste, som ikkje var van med slik mat! Eg vispa med hjulvisp og prøvde å tenkja på noko anna. Vi skulle smake på all mat, men behøvde ikkje å forsyna oss andre gongen. Eg tør vel seia at det var fåe som benytta seg av 2. servering med pannekaker.. Ein annan dag hadde me heimelaga sjokoladepudding. Eg trudde det var ein innertiar, og forsynte meg rikeleg. Det var det ikkje, for den var laga av kakao, og hadde lite sukker. Dei andre hadde lukta lunta, så eg sat der i einsam majestet, svalde ned med vatn, og vart til slutt ferdig. Vi hadde fårekotelettar, og alle gledde seg.  Dei skulle sjølsagt ete med kniv og gaffel. Det var ikkje m

Fløksand husmorskule

Bilde
Litt frå 60-talet.  Då eg var ferdig med gymnaset i -64, meinte mor at eg måtte kunna koka poteter. Det kunne eg, men forat utdanninga mi skulle vera perfekt, så måtte eg ha eit halvår på husmorskule. Denne skulen var og god å ha både om ein skulle søkje sykepleie eller bli hustellærar. Så eg søkte opptak ved Fløksand husmorskule våren 1965, og kom inn. Skulen var då vel etablert, opna 1909, og nyrestaurert i 1954. Mange kjende personlegheiter har gått her, og eg lærde seinare at Ingrid Espelid Hovig var elev her i 1943, då det ikkje var elektrisitet, og alt måtte kokast på ved og kol i kjellaren. Ho kom tilbake som lærar i 1954, til ein  skule som var i topp stand .  ( Ingrid Espelid Hovig og Olga Leiknes Hopsdal møtes etter 61 år. Dei var kullingar i 1943) Vi fekk ei liste så langt som eit vondt år med alt ein skulle ha med, så mor var engasjert i vekesvis med å sy. Det var sengetøy og håndklær, arbeidsklede, forkle, hette, høvelege sko, og mykje meir som eg ikkje hugsa. Al

Bestefar på Hjelmås 2

Bilde
Denne delen av historia om bestefar har eg lese i bøkene til Kari og Erling, eller høyrt frå mor. Eg nemde at bestefar var grunder. Men for å gjera biletet komplett, må eg fortelje om alt det andre han jobba med, før mi tid. Då han budde på Eikång, starta han tricotasjefabrikk, og hadde 3-4 kvinner i arbeid.  Huset han bygde for dette arbeidet brann ned. Han lika ikkje så godt å vera bonde, og i 1928 flytta han med kone og 6 ungar frå Eikång  til svigermor på Knippevehaugen på Hagset.  Den tidlegare svigerfaren hans hadde teke garden tilbake,  og bestefar måtte flytte med nykona og 6 ungar.    Han hadde kjøpt tomt til hus på Hjelmås, på Lynghaug, og plass til å setje opp sag i Grovæ , også på Hjelmås.Materialar til det første huset saga han på eiga sag, og fekk hjelp til å setja det opp. Først lånte han sag hjå Brakvatne, seinare sette han opp si eiga sag. Han saga for andre ,og  fekk også sett opp høvleri  i andre etasje, kai og slipp for båtar. Det første huset

Bestefar på Hjelmås

Bilde
Far reiste ofte på søndagstur med oss ungane. 2-3 ungar inn i Opelen, Vi vinka til mor som hadde sundagsmiddag og husstell , og så køyrde vi avgarde. Over nybrua over Leiknesvågen som kom i 1949, opp Sudmannsbrekka, gjennom Hillesvåg, som nesten ikkje hadde nokon hus,  opp og ned Apalen, som også var nesten tomt for hus, gjennom Grovæ og opp til bestefar på Hjelmås. Han budde saman med yngste son sin, og då han reiste ut, var bestefar åleine i eit hus som til tider hadde vore så overfyllt at det ikkje var senger til alle ungane og andre familiemedlemmar.   Sundag var heilagdag, så då arbeidde ein ikkje. Ofte kom det besøk, og så diskuterte ein små og store problem, om dei sørom fjorden som hadde alle godane, om vegar og Gerhardsen som styrte og ikkje slapp andre til. Bestefar vart ivrig, og gjekk til omnen og spytta så det freste, og tok seg ei ny skrå. Han likte å diskutere, og var ofte ueinig. Vi ungane høyrde på, eller tok oss ein tur ut i hagen, på utedoen eller fann oss andr

Bestefar på Hjelmås

Bilde
Far reiste ofte på søndagstur med oss ungane. 2-3 ungar inn i Opelen, Vi vinka til mor som hadde sundagsmiddag og husstell , og så køyrde vi avgarde. Over nybrua over Leiknesvågen som kom i 1949, opp Sudmannsbrekka, gjennom Hillesvåg, som nesten ikkje hadde nokon hus,  opp og ned Apalen, som også var nesten tomt for hus, gjennom Grovæ og opp til bestefar på Hjelmås. Han budde saman med yngste son sin, og då han reiste ut, var bestefar åleine i eit hus som til tider hadde vore så overfyllt at det ikkje var senger til alle ungane og andre familiemedlemmar.   Sundag var heilagdag, så då arbeidde ein ikkje. Ofte kom det besøk, og så diskuterte ein små og store problem, om dei sørom fjorden som hadde alle godane, om vegar og Gerhardsen som styrte og ikkje slapp andre til. Bestefar vart ivrig, og gjekk til omnen og spytta så det freste, og tok seg ei ny skrå. Han likte å diskutere, og var ofte ueinig. Vi ungane høyrde på, eller tok oss ein tur ut i hagen, på utedoen eller fann oss andre