Tvillingar II
Det var stas med tvillingar i huset for oss ungane. I den første tida låg dei lag i same senga, og mor fortel om første gongen den eine oppdaga den andre, og forsiktig strekte ut ei hand for å røre ved vesenet ved sida av. Det kom gutar i 10-12 årsalderen på døra, ringde på og spurde- Kan vi få sjå dei? Så fekk dei kome inn, sjå vedundra og sitje forsiktig i sofaen og halde dei. Jenta var tunn, og fekk dermed mest morsmjølk, medan guten fekk litt av det, og litt erstatning. Dei vaks, og snasrt var dei like store, men guten var alltid litt meir sett. Mange kom med sengjakonemat. nokre hadde med rømmegraut eller kaker, som skikken var, og me ungane likte sjølsagt det. Mange hadde med gåver til dei nyfødde. Dei fekk rikeleg av sparkebukser, fine trøyer, ein del heimestrikka, tepper, luer , vottar og labbar. Alt var i lyseraudt og lyseblått som skikken var, og mor fortel at det var moro å kle på dei to så mykje fine klede. Heldigvis var det ulike størrelsar, så dei hadde kleda