Ein dam eg minnes
Bortafor huset, attmed vegen låg det ein liten sump. Den fylltes fort opp når det regna, og tørka ut i godver. Han kunne vere sigledam for heimelaga trebåtar av ymse slag, snekra i garasjen hos far når han ikkje var heime. Spissa med øks eller tollekniv, og sjølsagt var det banka på eit styrehus med 4 tomsspikar. Det var ein spikar til mast, og av og til ein spikar til å feste hyssing i fremst på båten. Vi laga kaiar av nærliggjande steinar, og hadde mang ei våt og koseleg stund, anten me dreiv fraktefart i Osterfjorden eller langsiktig mot Amerika. Var det mykje vatn, kunne ein og bruka han til å måle djupna på dammen kontra høgda på gummistøvlane, og sjå kvar ein kunne vasse utan at det gjekk over støvlane. Av og til gjekk det over støvlekanten anyhow, fordi vi ikkje rekna med bølgjegangen når vi vassa, eller var så uheldig at vi trakka på ein liten vippestein. Men då var det berre å tøme ut vatnet og halde fram. Ein tagde klokeleg om våte støvlar til kvelden, slik at ein ikkje