Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2017

Nyvinningar i nytt hus.

Bilde
Eg hugsar ein sommardag medan me budde på Leiknes. Me hadde bada ute, i stamp, syster mi og eg. Så sprang me inn,  og fann ut at me skulle gøyma oss for mor, og kraup opp i ektesenga og gøymde oss under dyna. Våte. Ikkje populært. Oftast vaska vi oss i vaskefat, både kattevask og rundvask, men det hende stampen stod på kjøkkengolvet. Då vart det mykje søl. Me hadde ingen dusj, inkje badekar så lenge me budde i Lundalen. Så flytta vi i nyahuset, på Flossvika. Far og mor var einige. Dei skulle ha bad og toalett i første etasje. Dermed vart huset for stort i flatevidd, og dei måtte ta opp lån i vanleg bank, for Husbanken godkjente ikkje flatevidda. Ho vart for stor. Trass i ekstra kostnader, det vart bad, med badekar og dusj, og me kjende oss som kongelege då me kunne ta det i bruk. Det var blankt blandebatteri med varmt og kaldt vatn, og dusj der du kunne  stille varmen på vatnet. Du dukka ned i mykje varmt vatn, og kunne liggje å bløyte heile deg! Men det var dyrt å bruke straum,

Agentar

Bilde
Det var ein feiande flott og sjarmerande mann, som hadde to medhjelparar med seg. Han pakka ut måleri, og viste dei eitt etter eit - Se her frue, De må se hvordan det tar seg ut på veggen! Medhjelparane demonstrerte det eine etter det andre. - Et strålende bilde som vil forskjønne stuen og som De vil ha glede av i mange år!  Me ungane sat beinka i sofanen, og såg og lydde med store augo og øyre på dette vedunderlege, og høyrde ordflaumen. Om det var biletet eller agenten som overtydde veit eg ikkje, men mor kjøpte, og biletet hang på stoveveggen i mange år. Eg hugsar best denne  måleriseljaren.. Det var og vanleg å selje måleri på dørene i dei dagar.. I Mimra 2009 las eg om Stranda, der det var fleire som målte bilete, og dei som måla hadde kommisjonærar over heile landet. Dei selde så godt at dei var med å finansiere eit møtetelt for pinsevennene i området. I min barndom var det omreisande handelsfolk , agentar , som dreiv sal direkte til heimane.. Det var langt til byen, og de

Ein veslebror til, og den første påsketuren hans.

Bilde
Det var småfolk på gang heime, enn ein gong. På den tid var ingen veg gjennom Mundalsberget, så vegen til Bergen var framleis med båt, eller om Kleivdal, Seim og til Knarvik i det Herrens år  1962.. Men nattferjer var eit framandord, så venta du små, og doktoren meinte at du burde fø på sykehus, som dei fleste gjorde, så var løysinga sykehotell dei siste vekene eller dagane før termin. Så mor reiste til Bergen, tok inn på sykehotellet, og dei heimeverande  heldt fortet. Inga sak, forresten,  for me hadde ei vaksen dame frå Eikanger til hjelp, så me ungane fekk mat, klede og tilsyn som det seg hør og bør, sjøl om far i huset var mykje borte i vekene. Men ungen let venta på seg, og det vart både rikstelefonar og brev før han endeleg kom. Eg hugsar ikkje så mykje frå den første tida, truleg fordi eg hadde byrja på realskulen og var lite heime, men eg hugsar at gleda var stor over enno ein veslebror!  Eg stal til og med biletet av den nyfødde med meg på skulebussen, og viste det fr

Kikhoste, broderi og ein kultur som nesten er borte.

Bilde
Eg hadde fått kikhoste, og  måtte vere inne, I den tid var det inga vaksine, og sjukdommen måtte lidast gjennom. Det tok tid, og det kunne vera farleg å gå ut for tidleg. Då kunne ein få ettersjukdommar, og til og med varige mein. Lei og kei fordi eg ikkje kunne gå ut , og anten hadde eg  venner var  sjuke,  eller så var foreldra deira  ikkje så interesserte i at borna vart smitta.  Den seks-sju år gamle jenta   måtte sysselsetjast. Mor fann eit gamalt putevar, reiv ein høveleg firkant av det, og teikna kross-sting etter alle fire lengdene, og så fekk eg nål, dei seks trådane i broderigarnet vart delt i to, tre i kvar del, og så skulle eg starte prydsømkarrieren min. Det var om å gjere å få fine sting, og at dei låg same vegen. Då eg møysameleg hadde sauma alle fire sidene, la mor opp kunstverket, og så hadde eg mitt første broderte lommetørkle! I den tida hadde vi ikkje papirlommetørkle,  så heimelaga snyteklutar var det vanlege. Vi hadde kjøpte pyntelommetørkle, men elles va