Agentar



Det var ein feiande flott og sjarmerande mann, som hadde to medhjelparar med seg. Han pakka ut måleri, og viste dei eitt etter eit - Se her frue, De må se hvordan det tar seg ut på veggen! Medhjelparane demonstrerte det eine etter det andre. - Et strålende bilde som vil forskjønne stuen og som De vil ha glede av i mange år!  Me ungane sat beinka i sofanen, og såg og lydde med store augo og øyre på dette vedunderlege, og høyrde ordflaumen. Om det var biletet eller agenten som overtydde veit eg ikkje, men mor kjøpte, og biletet hang på stoveveggen i mange år. Eg hugsar best denne  måleriseljaren..
Det var og vanleg å selje måleri på dørene i dei dagar.. I Mimra 2009 las eg om Stranda, der det var fleire som målte bilete, og dei som måla hadde kommisjonærar over heile landet. Dei selde så godt at dei var med å finansiere eit møtetelt for pinsevennene i området.

I min barndom var det omreisande handelsfolk , agentar , som dreiv sal direkte til heimane.. Det var langt til byen, og derfor reiste desse agentane rundt, og selde varer folk kunne ha bruk for. Agentane var ikkje sjølstendige næringsdrivande, slik som splinten, men hadde kommisjon hjå leverandøren sin, og fekk provisjon av salet. Ikkje rart sume av dei var pågåande, eller overstrøymande høflege og imøtekomande.

Allereide då me budde på Leiknes hadde me besøk av bokseljarar, som kom med kofferten full av bøker, viste fram, og tok opp bestilling på varene, som kom i posten ei stund etter. Eg hugsar me kjøpte ein serie på 6 bøker av Runa, som eg trur eg las 3-4 gonger. Handlinga var enkel: Presentasjon av hovudpersonane, intrige, og løysing, der Gud var ein del av hjelpa og løysinga. Eg fekk med meg, med 3 repetisjonar, at det til slutt gjekk godt med Guds assistanse, men at dei som ikkje ville fylgje Gud gjekk det ille! Seinare kjøpte foreldra mine ein serie på 12 av same forfattar, så då vart det fleire repetsjonar av same livsanskuelse, medan eg les bøker som "Hans mors gud" og "Ols Barbro".
(Då eg dreiv research til dette innlegget, lærde eg ar Runa var psevdonym for Elisabeth Bescow , og at ho var ein av dei mest lesne svenske forfattarane i byrjinga av 1900-talet- Ho   skreiv mange barnebøker også, som "Putte i blåbærskogen" og "Tante Bruns fødselsdag" )
 

Støvsugaragenten kom og, med bilen full av støvsugar, slangar og munnstykke, og demontrerte kor mykje støv det var i teppet og i sofaen. Han tømde posen på eit kvitt papir for å demonstrere kor mykje skit  ein ikke fekk bort med vanleg reingjering, og brukte ulike munnstykke for å gjere rein bokhyller og gardinbrett. Me ungane fylgde spent med. Dette var noko anna enn å  bruke vatn,dekse, og løvang på golvet! I eit hushald som vårt,  var oppvask og golvvask ein del av dagleg rutine. Golvet vart skite kvar dag, på grunn av grusveg, mold og søle, og sjøl om me tok av oss skoa når me kom inn. Men det var alle dei små ærenda inn og ut der det ikkje alltid var tid til å vippe av seg  fottøyet.
Me kjøpte støvsugar, Electrolux med ein del finesser. Eg trur me måtte ta han på avbetaling.  Reingjeringa vart lettare, men det bråka meir. Eg trur mor var mest glad for nyvinninga!


Mor hadde symaskin som var dreve av pedal, og ho sydde mykje både til ungane og til bygdefolk. Ho var flink, og skapte mykje fint.
Så kom symaskinsagenten med den elektriske symaskina, og demonstrerte  treing og spolar,
Han viste fram føter til knapphol og glidelås, og synte  ulike prydsaumar, og mor fekk prøve seg.  Ho vart overbevist. Maskina kom, og ho fekk glede av henne i mange år, og mange vakre plagg vart trylla fram, mest til familien. Me fekk alle prøve oss, og fleire av systrene mine vart ordentleg flinke  på symaskina.
Etter kvart som kommunikasjonen med Bergen vart betre, og det kom tunnel gjennom Mundalsberget, det vart  senter i Knarvik, vart det mindre behov for desse omreisande agenturhandlarane, og det var slutt på denne forma for sal. Alt har si tid.
(Så avsluttar me med ein annan type  agent!)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar