Ein veslebror til, og den første påsketuren hans.

Det var småfolk på gang heime, enn ein gong. På den tid var ingen veg gjennom Mundalsberget, så vegen til Bergen var framleis med båt, eller om Kleivdal, Seim og til Knarvik i det Herrens år  1962.. Men nattferjer var eit framandord, så venta du små, og doktoren meinte at du burde fø på sykehus, som dei fleste gjorde, så var løysinga sykehotell dei siste vekene eller dagane før termin.
Så mor reiste til Bergen, tok inn på sykehotellet, og dei heimeverande  heldt fortet. Inga sak, forresten,  for me hadde ei vaksen dame frå Eikanger til hjelp, så me ungane fekk mat, klede og tilsyn som det seg hør og bør, sjøl om far i huset var mykje borte i vekene.

Men ungen let venta på seg, og det vart både rikstelefonar og brev før han endeleg kom.
Eg hugsar ikkje så mykje frå den første tida, truleg fordi eg hadde byrja på realskulen og var lite heime, men eg hugsar at gleda var stor over enno ein veslebror!  Eg stal til og med biletet av den nyfødde med meg på skulebussen, og viste det fram til alle.  Ein av dei eg viste det til hadde 10 søsken. Eg hugsar han snøfta forakteleg, liksom ein ny unge var noko å gle seg over!  Men gleda vår var ekte, og me gledde oss over både å stelle, trille tur og etterkvart ta gromguten med ut i den store verda.

3 månader gamal var han på påskeferie i Husdalen. Me køyrde nok Toyota Hiache då som før, med plass til 3 lovleg, og litt til i førarhuset, og resten plassert på hagebenk i lasterommet. Det var mykje som skulle med, klede, ski, mat, og alt som trongs for ein familie på ni som skulle vera der 5 dagar,
Eg trur Sigmund var oppe med ei ladning i Palmehelga, og.Kven som skulle passa bensinpumpene , hugsar eg ikkje, men nokon var det vel, om me ikkje hadde stengt helgedagane.
Bilturen gjekk om Fyllingsnes og gamle vegen forbi Askvik kapell, med den svingete vegen ned til kaia på Bjørsvik. Lengre, og meir kronglete enn i dag. Der parkerte me, og så var det å få på seg ryggsekkar i ulike størrelsar, og vesker og nett i hendene, og start oppstigninga til Stemma, steil, steinut og til dels glatt. Det vart vel fleire turar på nokre, før alt var kome opp til vatnet.
Dei fleste av oss gjekk frå Bjørsvik, gjennom Oslia, som den gong var brattare og med meir svell enn i dag, og ein såg vel ned dei brattaste stadene, bad ei bøn og kravla seg vidare. Frå vatnet var det kjerreveg  til Husdalen, steil den og , men enkelt å gå.
 Mor måtte og gå opp til vatnet, med veslebror og hadde sjølsagt god hjelp av Sigmund. Der vart dei frakta over vatnet, saman med gamle tante Brita som oia og bar seg over at robåten var tungt lasta. Ho var vel redd at siste timen var komen. Kva mor tenkte, teier historia om. Veslegut sov vel, tenkjer eg. Dei  sat på vogn opp til husa, medan hesten drog dei og ein del av pargaset. I Husdalen var det stinn brakke, med   tilreisande onklar og tanter med familie, og kjempekjekt for oss ungane, med mange nye bekjentskap, og mange å leike med med for dei minste. Eg reknar med at me var minst 20 i huset til Sigmund, for alle var jo van til å ta inn der, hjå den tidlegare ungkaren

.Me ungane hadde ei stor tid. Husdalsfolket leika seg, både ung og gamal, og det var Svarteper med sot på nasa, tikkjen  rundt husnovene og mykje anna, der både onklar og tanter var med. Mange til bords, der eg trur me dekka på to bord i storastova, og oppvasken gjekk på omgang, etterat vatnet var varma på den store vedkomfyren på kjøkkenet. Me gjekk på ski om dagane, og nokre var på skitur på fjellet.
 Veslebror vart beundra og handsama som det 7-ande underverket han var, og fekk mykje merksemd, ettersom han så desidert var den yngste i sin generasjon.Ho mor har vel i ettertid ymta frampå at det vart vel mykje folk og åtgaum, og vel trangbudd, så ho var nok lukkeleg når helga var over, og kunne setja seg på høyvogna,, og gjera vendereis  over Husdalsvatnet.

Veslebror var med på det meste. Men fordi eg var på spranget ut frå heimen, hugsar eg lite frå kvardagen med han.  Men han tok opp att  tvillingane sin kjøretur med leikebil lasta med havregryn eller rosiner frå kjøkkenet og inn i stova og bak sofaen. Der  vart bytet fortært.
Han strekte seg mykje mentalt, som alle attpåklattar, og mor fortalde at det var som han senka skuldrene når dørene slo att etter sistemann som for på skulen. Då kunne han gå over i eit rolegare univers, med barnetime, leike med bilar, puslespel og lego, og ikkje minst ha  mor for seg sjøl.
Skjønt, for seg sjøl var vel litt mykje sagt. Folk kom og skulle kjøpe bensin, og mor flaug ut og inn.
Det var kledevask, stell av tøy og matlaging til ein stor familie, så ho sat vel ikkje akkurat attmed han., heller, sjøl om ho var der.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar