Kikhoste, broderi og ein kultur som nesten er borte.


Eg hadde fått kikhoste, og  måtte vere inne, I den tid var det inga vaksine, og sjukdommen måtte lidast gjennom. Det tok tid, og det kunne vera farleg å gå ut for tidleg. Då kunne ein få ettersjukdommar, og til og med varige mein. Lei og kei fordi eg ikkje kunne gå ut , og anten hadde eg  venner var  sjuke,  eller så var foreldra deira  ikkje så interesserte i at borna vart smitta.
 Den seks-sju år gamle jenta   måtte sysselsetjast. Mor fann eit gamalt putevar, reiv ein høveleg firkant av det, og teikna kross-sting etter alle fire lengdene, og så fekk eg nål, dei seks trådane i broderigarnet vart delt i to, tre i kvar del, og så skulle eg starte prydsømkarrieren min. Det var om å gjere å få fine sting, og at dei låg same vegen. Då eg møysameleg hadde sauma alle fire sidene, la mor opp kunstverket, og så hadde eg mitt første broderte lommetørkle! I den tida hadde vi ikkje papirlommetørkle,  så heimelaga snyteklutar var det vanlege.


Vi hadde kjøpte pyntelommetørkle, men elles var det heimelaga når forkjølelsen tok over. Eg var kry over min sjølproduserte, og hugsa eg brukte det på skulen.


(I forkjølelsesperiodar vart gamle dynetrekk brukt, rive opp i høvelege lengder. Dei var mjuke og gode i møte med ei sår nase.)

Så vart det meir brodering.Etter kvart teikna ho mor opp tråklesting, stiklesting og tungesting, og eg fekk laga mine første brikker og løparar. I vekeblada var det også mønster, og eg lærde å føre dei over med blåpapir. Eg lærde tråklesting, fylte ut stiklesting og attersting, og fekk bruke flammegarn,
eit   effektgarn med flere fargar som gjekk mer eller mindre gradvis over i kvarandre. Det var gjevt.

I broderiforretningane i Bergen selde dei tråd , og påteikna løparar og dukar, og ofte var dei falda opp, eller hadde sauma blonde rundt. Ein tur innom ein slik butikk stod ofte på agendaen, og vi kunne bruke timar med å finne mønster , fargar og velge ut påteikna duk.
Vi  hadde håndarbeidsklubb, me jentene, der me strikka eller broderte, og sjølsagt var det kakao og påsmurde brødskiver, etter mønster av dei vaksne kvinneforreningane.
Dei vaksne kvinnene hadde sine samkomer, der dei kom saman og strikka, hekla og broderte til basarane. Det var leistar, gensarar og trøyer, gryteklutar og hekla og sauma  brikker og løparar. Det var brodert i ulike sting, og det gjevaste var dukar og løparar i engelsk broderi og hardangersaum. Det vart ofte ein av hovedgevinstane på basarane, og vart seld på bok som gjekk bygda rundt.

Helseslaget, Santalmisjonen, Kinamisjonen og Redningslaget hadde alle kvinneforreningar der kjerringane dreiv med handarbeid og hadde basarar då eg var barn.
Det var mykje vakkert handarbeid, som tok mange timars arbeid å få ferdig.

I bygda vår hadde vi  noko som heitte yngresarbeid. Der dreiv vi med småsløyd, peddik, halm, og ikkje minst broderi og strikking. Ei dukke med heimelaga klede, med snikra seng og sengeklede var hovedgevinst.  Samlinga var praktisk arbeid, avslutta med andakt.
Då eg kom i konfirmasjonsalderen, vart det populært med åklesøm, etter modell frå vev.  Me sydde mange slike, og eg trur eg har ein av dei enno.

Etter kvart broderte folk i utviklingsland mykje billegare, Og eg minnes mor hadde med seg heim broderte løparar og dukar frå ferie i  Budapest og Gran Canaria. Kvinnene arbeide dessutan meir utanfor heimen, og dermed vart det mindre tid både til handarbeid og kvinneforreningar.
Ikkje minst kom det symaskiner med broderiprogram, med vakre og formfullendte fargar og former. Det var få som kunne lage tilsvarande for hand. Eg trur ikkje det er så mange som broderer  lenger.
Det er synd. Det er ein heil kultur som blir til borte.:(


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar