Nyvinningar i nytt hus.


Eg hugsar ein sommardag medan me budde på Leiknes. Me hadde bada ute, i stamp, syster mi og eg. Så sprang me inn,  og fann ut at me skulle gøyma oss for mor, og kraup opp i ektesenga og gøymde oss under dyna. Våte. Ikkje populært. Oftast vaska vi oss i vaskefat, både kattevask og rundvask, men det hende stampen stod på kjøkkengolvet. Då vart det mykje søl. Me hadde ingen dusj, inkje badekar så lenge me budde i Lundalen.

Så flytta vi i nyahuset, på Flossvika. Far og mor var einige. Dei skulle ha bad og toalett i første etasje. Dermed vart huset for stort i flatevidd, og dei måtte ta opp lån i vanleg bank, for Husbanken godkjente ikkje flatevidda. Ho vart for stor. Trass i ekstra kostnader, det vart bad, med badekar og dusj, og me kjende oss som kongelege då me kunne ta det i bruk. Det var blankt blandebatteri med varmt og kaldt vatn, og dusj der du kunne  stille varmen på vatnet. Du dukka ned i mykje varmt vatn, og kunne liggje å bløyte heile deg! Men det var dyrt å bruke straum, og å varme  vatn var dyrt, så dei yngste bada saman, og me måtte vera forsiktig med å bruke dusjen. Men vi hadde bad!  Det var ei nyvinining så stor!.Dei første åra  brukte me Sunlightsåpe, Lux og Lano til reingjering, før me investerte i meir avanserte midlar, som shampo og  badesalt.

I gamlehuset hadde vi vetlehus i uthuset. Med rundt lok, og du kunne sjå ned på herlegheita etter du var ferdig. Det lukta, og flugene lika seg der om sumaren. Dopapiret var gamle aviser og vekeblad, som måtte gnikkast mellom hendene før det vart mjukt nok til å gjera nytten der bak. Dei fleste las gamle vekeblad når dei likevel var på do, så ein brukte god tid når ein først hadde ærend dit..
Potta stod under senga, og skulle du noko kveld, natt og morgon gjekk du der. For det meste vart ho tømt ute, men det hende vel innhaldet for i utslagsvasken, men det skulle ikkje gjerast, for det lukta. Då måtte vatnet renna etterpå. Det hende vel og at ein sette seg utanfor døra i mørke og kalde vinterkveldar, om ein berre skulle gjera lite.  Eg hugsar også  far gjorde eit poeng av eit hus me køyrde forbi på veg til byen. Det hadde ei stripe frå vindauga i andre etasje og nedover veggen. Han meinte at innhaldet i potta hadde teke snarvegen der.

No var me kome i nyahuset, og der var det vannklosett! Du trengte ikkje lenger gå ut med lommalykt for å gjera ditt fornødne. Du trekte ned, og så var bæsjen borte! Ingen fluger, inkje restopplag under loket.  Me måtte bruka kjøpetoalettpapir, for elles vart det tilstopping, så novellelesinga vart det slutt på. Mor ville ikkje ha noko lager av lesestoff på do, men det hende ofte at me lurde med oss Donald under gensaren  og las, lenge, like til nokon kom og ruska i døra og ville inn. Men du kunne låsa døra, og dei fleste av småsøskena mine klarde etter tur å få dodøra i vranglås, og så måtte dei instruerast om å klatre opp på stolen ved sida av badekaret, opne det vesle vindauga og kaste ut nøkkelen, eller i alle fall ta ut nøkkelen, slik at vi kunne prøve resten av nøklane i huset for å få opp døra. Kritiske minuttar med grining på innsida og iherdig arbeid på utsida.Høg temperatur, med andre ord!

Så vidt eg hugsar fekk me panelomnar på veggen i nyahuset. Dei kunne setjast på 1-2 og 3, og var varme nok til at små fingrar brende seg om dei tok på omnsida. Bratt læringskurve for dei minste.
Men framleis var vedomnen viktigaste varmekjelde, og me fyrde etterkvart  med koks og kol attåt. Seinare kom oljefyren. Den var fin om den fungerte, men om veiken ikkje verka, vart det fort kaldt.
Det hende nokre gonger, for veiken måtte sjølsagt verte i ustand når det var skikkeleg kaldt.


Dei første åra vaska me golvet kvar dag. Grus og søle kom inn med små barnesko, og det var ikkje alltid lett å hugse å ta av seg skorne når ein berre skulle hente noko. Sanddungen utanfor huset var leikeplass, og mykje sand kom inn med kleda til leikande små. Vår og haust kunne ein av og til ause sand frå vaskebøtta. Så kom støvsugaren og revolusjonerte reinhaldet. Meir bråk, og lettare reingjering.
Auka bruk av elektrisitet, og nye hjelpemiddel  gjorde livet lettare og enklare. Ingen vil vel snu tida tilbake til vaskefatet, utedoen og golvdeksa i dag.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar