Leikeplass og sovesal for 4, - lemmen.


- Prøv å skyve han litt lenger inn. Eg ropa høgt inn gjennom omsrøret. - Eg klarar ikkje, kom det med fortvila røyst frå innsida.  Eg strekte meg enno litt til, og såg sotmerka oppetter armen. Der nådde eg han, nøkkelen, og kunne låsa opp for redde småsøsken. Dei skulle vera store, og låse oss ute. Så gjekk døra i vranglås.
Lemmen var soveplass og leikeplass dei første åra etter me flytta til til Flossvika.

Vil du vere med opp dit?  Me hadde altså lem i nyehuset.. Den gjekk tvers over huset, og hadde eit stort vindauge på midten med utsikt over  fjorden, Kråka og Fyllingsnes. Det var skråtak i begge endane.Veggene var i ståande, lakkert panel, og det var ei rund kule i taket, lys for heile rommet..I byrjinga var det 3 skuvsenger, seinare kom det køysenger ved veggen tvers overfor  døra, og ei ordentleg vaksen seng til på andre sida av glaset.. Der låg eg som var eldst..  Vi hadde omn, og innebygd garderobeskap med heimesnekra hyller, ei hylle til kvar og ei felles, i tillegg .Det var eit skap med stong til å henge klede på hengjarar,  eit lite speil på veggen. To " kommodar" med 2-3 hyller, laga av  dynamittkassar som far hadde tømt og spikra saman, stod attmed veggen, Der låg leikane. Dokker, som ikkje var verdige til å liggja i dokkeseng eller vogn, bilar, båtar, heimesnekra båtar og bilar, fargar, teiknesaker, skjel, kongler , steinar og skyteledning, alt ungar kunne finne på å samle på.

Dei minste søstrene låg i  køysengene, den eldste øvst, Du klatra på kortsida for å kome opp, stigar var ikkje oppfunne enno. I byrjinga hadde me ikkje lys anna enn i taket, og mor kom opp og sløkte lyset.  Eg hadde smugla  med meg lommelykt, og låg og las under dyna. Det var strengt forbode, for eg kunne få dårleg syn, sa mor. Men boka var spanande, og kvelden ung, så eg las. Oppdaga vart eg eit par gonger, og eg fekk kjeft og lykta var konfiskert, men ho var jo mi, så eg fekk  ho  jo tilbake, og når ho først låg i dynamittkassa, var fann ho snart vegen bort att i senga mi.

Etterkvart kom syster nr. 4 opp til oss og, for tvillingane var på veg. Ho fekk plass i skuvseng attmed vindauga, og senga mi vart skove bort i kråa. Eigentleg ganske greit, men då gjorde eg opprør mot å leggje meg like så tidleg som dei minste, og ettersom eg var stor og hadde lært meg regla om at når du er 8 år legg du deg klokka åtte,  og så vidare, så fekk eg vera lengre oppe, og høyra ynskjekonserten, laurdagsunderhaldninga  i Store Studio og andre viktige program, før eg tusla opp trappene og fann senga. Dei andre hadde sovna, og eg var stille, for vakna dei, fekk eg kjeften. Eg hadde no avansert til å få leselys over senga, og ein krakk til nattbord. Der låg det Donald og bøker lånt på skulebiblioteket, og der stod den gamle vekkjarklokka etter mor og far, som eg høgtideleg drog opp før eg la meg. Ein eller annan vakna alltid før ho ringde, så i praksis hadde ho liten nytte.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar