Mørkaloftet- ein spanande tilfluktsstad.



Mørkaloftet var bak ein glugge i taket på utelemmen. Det var spanande og kanhende ikkje heilt ufarleg å krype dit opp, ettersom du kunne risikere å ramle ned troppa til første etasje. Derfor var det helst Flossvikas svar på Tarzan(les Britt) som klauv dit. Det var spanande der oppe. Halvmørkt, med gamle kledeplagg, bøker og andre ting som ikkje var i dagleg bruk, men for gode til å kasta. Dei  hadde ikkje lagt golv der, så du måtte balansere på tverrsprossene, elles kunne du gå gjennom taket, sa dei vaksne. Eg var vel så lett at det hadde gått greit, men eg passa meg jo, og steig på sprossene.
Skorsteinen gjekk gjennom loftet og ut, og det gjorde det varmt og lunt vinterstid. Av og til hang det fisk til tørk der oppe, eller mor hadde hengt eit par fenalår eller ei spekeskinke der. Eit år hang det ribbe attmed skorsteinen.

(ikkje fullt så mange)
 Mor førde rekneskapen for far, og bilaga skulle oppbevarast i ti år. Dei låg på høgre sida, klede bak skorsteinen, , bøker på venstre side,  og diverse som ikkje var i bruk, men for godt til å kastast, på andre sida.
Etterat eg hadde teke ei oversikt og forsikra meg at alt var der det skulle der oppe, sett på klede og rota litt i gamle bøker , fann eg fram lommelykta, og den spanande boka eg hadde lånt på skulebiblioteket, og så hadde eg ei freda stund der oppe, langt frå mindre sysken og mor, som så altfor ofte hadde eit gjeremål til meg om ho såg meg. Det kunne nok hende eg hadde med meg litt rosiner, eller tok meg eit lite flak frå fenalåret, enno det var strengt forbode!

Saman med Gulliver på reise, eller med Heidi i dei sveitsiske alpar, saman med Lord Fountleroy eller i den Løyndomsfulle hagen gløymde eg meg bort, og høyrde ikkje omverda. Det skulle meir enn roping til for å få meg ut av  fantasien si verd.
Når eg så kom ned att, full av dårleg samvit over å ha lurt meg bort ei rid, og kanhende også  ete forboden tørka  mat,  var eg ekstra snill mot småsysken, eller gjorde plikter utan å mukka. Så letna samvitet, og eg vart meg sjøl att.

Etterkvart fekk me stigetropp opp til lemmen, men når stigen stod der, vart det lettare å sjå at nokon var der, og yngre søsken kunne og klatre i stige. Så  då hadde me heller ekspedisjonar saman, såg på gamle kladdebøker og prøvde klede.

Då eg tok til å bli vaksen, vart loftet invadert av flaggermus. At desse myteomspunne, blodtørstige skapnadene kunne invadere tilfluktsstaden min, og skite han ned, kjendest som eit brotsverk, ei kriminell handling.Eg såg dei føre meg der dei hang, mykje større enn dei i røynda var, klar til å bite kvar som stakk hovudet opp luka. Sjøl lenge etter foreldra mine hadde tetta inngangane og fått ut ekskrementa, sat  kjensla av svik att. Barndommens magiske mørkeloft  var borte for all tid.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar