Ta mandlar - eit must i 50-åra.





Eg tok mandlane i 5-6 års alderen. Det var gjengs. Hadde du store mandlar, og var ofte forkjøla, som ungar ofte er, så tok du mandlane. Då eg gjorde research til  dette, fann eg at det medisinske omgrepet for mandlar var tonsillane, og at dei ligg på begge sider av svelget . Dei er viktige for immunforsvaret, for å lage kvite blodlekamar, og dei er størst i 3-4 års alderen. I dag fjernar ein tonsillane om immunforsvaret er defekt, om det er tale om forstørra mandlar i årevis, eller hjå eldre som lid av søvnapne.

Då eg var barn, var det viktig å få tatt mandlane. Ungane vart friskare då, sa folk.
Men då måtte vi få tilvising frå lækjar til sjukehuset, og når du vart kalla inn,måtte ein ta turen til Bergen. Det var den sedvanlege køyreturen over Kleivdal, gjennom Seim og til Isdalstø, med mange grindar ein skulle opne på vegen. Det var ferje til Steinestø, gjennom Åsane, Hedlesneset  og til Florida sykehus, driven av nonner, og som den gongen var rekna som det beste hospitalet, fordi nonnene tok seg godt av pasientane sine. ( No er dette St. Pauls skole i Bergen)

Far var den som fylgde, for mor hadde hendene fulle med veslesyster nr.2. Eg var ikkje høg i hatten, der eg tok farvel med far og vart leidd inn på ein sal med enorm høgt under taket, og kjempestore vindaugo som eg trur det gjekk nesten frå golv til tak. på innsida var det jarnsprosser, som såg ut som i eit fengsel. Det vat 6-8 andre ungar der inne, og  eg fekk seng og nattbord som var mitt. . Eg hadde med gnav, kladdebok, blyant og fargar, og sikkert  ei dokke eller ei biletbok i ranselen, og dei vart plassert i nattbodet mitt. Me fekk middag, og eg sat oppe til det var tid å leggja seg. Det var fleire med same ærend som eg, og ho i nabosenga var frå Sogn. Eg opplevde henne som sur, men tenkjer som vaksen kor eg ville vore ( og sikkert var), langt heimanfrå. Nonnene sløkte lyset, og eg trur dei song ein song på kveldsrunden. dei var annsleis å sjå til, med lange svarte kjolar og underlege hodeplagg, men dei hadde snille augo.

Dagen etter fekk eg beskjed om å trekke pusten djupt når eg fekk ei maske på meg, og så vart eg trilla inn på sjukestova og fekk beskjed om å puste. Så hugsar eg ikkje meir før eg vakna opp att. Eg var grueleg tyrst, men fekk ingenting å drikke. Når eg endeleg fekk vatn, gjorde det vondt i halsen. Det vart etter  eit par dagar  suppe og fiskebollar, og legen kom på visitt ein gong om dagen. Han konstanterte  at det grodde i halsen, og at eg kunne få reise heim til fastsett tid.

Eg fekk vere oppe, og fekk bevege meg fritt på sjukesalen, men gangen utanfor var stor og skremande for seksåringen, så eg held meg på sjukerommet. Der var leikar og bøker, og me fekk teikna , og eg trur nonnene las eller song for oss.

Dagen eg skulle heim gjekk seint. Dei andre som skulle ut den dagen vart henta, og ein slekting henta jenta frå Sogn. Eg sat att, og måtte eta middag før far endeleg kom. Han hadde gjort unna alle ærend, sjølsagt, slik at me kunne reisa direkte heim att. Eg fekk sjerfet godt opp over munnen, for såret hadde ikkje grodd, så eg måtte ikkje puste inn kald luft og få ettersjukdommar. Slike sjukdommar som kom etterpå, var frykta, og kunne øydeleggje helsa i lang tid framover. Me ungane hadde frykt for dei.

Vel heime var det uendeleg godt å sjå att mor og veslesystre, finne katten og leikane sine, og etterkvart sove i si eiga seng. Det heitte seg at du skulle ikkje gå ut før 14 dagar etter operasjonen, for at såra skulle vera skikkeleg grodd, og forat du ikkje skulle bli smitta og få ettersjukdommar.
Ho mor sysselsette meg, og det vart mykje teikning, leiking med dokker, papirdokker og tørke oppvask . Kanhende det var eg lærde å brodere ?

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar