Vaskemaskiner



I gamle huset på Leiknes hadde me bryggeripanne, og koka klede, og stor var gleda da far ein dag kom køyrande med ei Hobby  vaskemaskin på lasteplanet. Maskina var  laga på Eidet i Bjørsvik. Den kunne du varma vatn i, Og du kunne koka kleda . Så vaska du det som skulle vaskast i varmast vatn først, og så fyllte du på med kaldt vatn i maskina etterkvart som du skulle vaska klede som ikkje tolde så mykje. Det var montert vrimaskin på maskina, og den vridde væta ut av kleda, slik at det var det var mindre såpe å skylja etterpå. Det var moro å vere med og vri på handtaket til vrimaskina og sjå  vatnet pipla ut, og kjenne kor turt tøyet vart til slutt!

Me brukte sinkbaljar med kaldt vatn  til å skylja i, I førstninga køyrde far vatn med lastebilen når det var turt, og brunnen var vasslaus, seinare fekk me innlagt vatn frå ei kjelda som heldt vatn. Mor vaska ulltøy for hand, med Sunlightsåpe, og bruka vaskebrett til det tøyet som hadde flekkar..

Ute på haugen var det klesnorer trekt mellom nokre tre, og der hengde me opp vasken. Ein gong klødde me fælt då me la oss i det nyvaska sengetøyet. Det viste seg å vere fuglelus i  kleda vi tok inn frå snora, for det var eit reir i bjørketreet. Far gjorde kort prosess, og reiv ned fuglebustaden, så ingen klødde seinare. På den tid var ingen fuglar freda. Menneska rådde over dyra.

Så flytte me til Flossvik, og fekk vaskekjellar . Der var det   to støypte skyljekummar, stor varmtvasstank, og snart kom det halvautomatisk vaskemaskin med automatisk vrimaskin.Du under! Ein koka kleda, og la dei vrimaskina, og så vart dei nesten såpefrie automatisk! Det vart forskjell! Framleis hadde me meir kaldt vatn i maskina når me vaska det som ikkje tolde koking, og me måtte framleis skylje i kaldt vatn, men no kunne me lure oppi litt varmt vatn i skyljekummane, for me hadde jo både  varmt og kaldt vatn i  kjellaren. Vi kunne leggje dei skylde kleda i vrimaskina på nytt og dei vart nesten tørre før dei kom på snora.
 Ulltøy vart vaska i skyljekummen eller i sinkbalje, ( ja, dei finaste tok me i badekaret ), og dei finaste ullkleda vart og rulla i håndklede og lagt på strekk for å tørke. Me hadde god tørkeplass utanfor kjellaren, eit overbygg med rikeleg av klessnorer der ein kunne henge tøyet.

I den tid strauk ein kleda. Undertøy , lommetørkle, sengetøy, blusar og skjorter, kjolar og eg veit ikkje kva, vart stroke, og bukser, skjørt og gensarar og trøyer vart pressa. I byrjinga strauk me på bordet med ullteppe og laken over, men så fekk me strykebrett. Dei første strykejerna var uten termostat, og du måtte regulere varmen med å ta jernet ut av stikkkontakten når du strauk, utan ville det bli brune roser. Mykje vart og stroke med dampeduk, nettopp for å unngå  at plagga vart øydelagde.
Skjorter skulle strykast med kragen først, så linning og ermer, deretter bol og så gå over erme og krage til slutt, og deretter hengd på hengjar.
I vaskekjellaren  kom det etterkvart  Milo og ny Blenda, Omo, tørketrommel og heilautomatisk vaskemaskin. Strykejerna fekk termostat, og det kom crimplene og meir strykefrie klede.

 Eg hugsar bestefar sat og såg på vasken som gjekk rundt i den heilautomatiske vaskemaskina, og sa han såg fjernsyn!  Det vart forandring. Livet vart lettare for husmora:)
For spesielt interesserte: Under research fann eg dette om vaskemaskina produsert i Bjørsvik
https://digitaltmuseum.no/011022819345/vaskemaskin:
Om du bevegar biletet, finn du fleire av maskina og tilbehør!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar