Innlegg

Viser innlegg fra april, 2017

Høgtidsdagen som ikkje var- 1. mai.

Bilde
Kvar var 1. mai i min barndom? Han var fråverande. Han vart ikkje tala om på skulen, ikkje feira på ungdomshuset. Det var ikkje tog, ikkje talar, ikkje song, ikkje barneleiker. Han  heitte på folkemunne arbeidets dag.  Mor og far tilhøyrde Venstre, og trudde på sjølstendig initiativ, på fridom til å velje og finne sin eigen veg. Dei var mot sosialismen , som etter deira meinig greip altfor mykje inn i livet til den enkelte med forskrifter og reguleringar. .Far var sjølvstendig næringsdrivande, og hadde folk i arbeid. Så han identifiserte seg nok med arbeidsgivarsida, og sukka når regjeringa Gerhardsen la på ei avgift, ei ny trygd eller noko anna som gjorde at staten fekk meir, og arbeidsgjevaren måtte dele enno meir med felleskapet. Han hadde ei lita bedrift som ikkje gav så mykje av seg, og syntes skattebyrdene skapte lite inntekter og at det vart lite att til innvesteringar. Det var ingen av dei som arbeidde for far som var organiserte, for det vart rekna som eit stygg
Bilde
Tekniske dupedittar har alltid fascinert meg. Eg trur eg er arveleg belasta, ettersom far min også var svært interessert i alt nytt, så elektriske  nyvinningar  kom tidleg i  heimen vår. Tankane går tilbake til barndommen. Hermetikkboksar skulle opnast. Ikkje kunne du setje eit støpsel i stikkkontakten og trykkje på ein knapp for å opne den, ei heller kunne du setje opnaren i eit hol og skru på ein ...... Nei, du måtte lage hol, og så bevege kniven framover med handmakt. Piske krem eller eggedosis? Du bruka visp, eller etterkvart hjulvisp. Ikkje noko håndmiksar, i min barndom. Den kom litt seinare, på 60-talet i min heim, og du under, kor lettvint det plutseleg vart å vispe krem, eggedosis eller lage kaker! Pålegget stod i kjøkkenskapet. Det du var redd skulle bli surt, bar du i kjellaren., ned trappa og inn i spiskammerset der. Der stod osten sommardsdagen, elles vart han pizzaost i skapet oppe, berre det at vi ikkje visste kva pizza var, men svett goudaost det kje

Påske.før (og no)

Bilde
Korleis var påska i min barndom? Det er mykje eg ikkje hugsar, men det som er visst var at påske var høgtid på 50-talet. Det kristne stod i sentrum, og det var fleire sundagar etter kvarandre. Dei fleste arbeidde halv dag palmesundag og påskeafta, og dagane i den stille veka var og arbeidsdagar for dei aller fleste. Far var eit arbeidsmenneske, men påskedagane var det helg.                                                       På skulen hadde me om påske kvart år, og me lærde salmar som høyrde til dei ulike høgtidsdagane frå Palmesundag til 2. påskedag. " Hin time i Getsemane " og  "Påskemorgen stiller sorgen" var to av dei som vart lært  oppatt og sunge kvart år. Me hadde eit vers kvar dag, og lærde dei utanatt, og så song vi salmane. Me såg bilder frå lidingsoga og frå den opne grava, og følgde læresveinane som møtte den oppstadne Jesus utan å kjenna han att, på veg til Betsaida. Vi visste kvifor ein feira påske, ikkje tvil om det. Var påsken se