Høgtidsdagen som ikkje var- 1. mai.




Kvar var 1. mai i min barndom? Han var fråverande. Han vart ikkje tala om på skulen, ikkje feira på ungdomshuset. Det var ikkje tog, ikkje talar, ikkje song, ikkje barneleiker. Han  heitte på folkemunne arbeidets dag.

 Mor og far tilhøyrde Venstre, og trudde på sjølstendig initiativ, på fridom til å velje og finne sin eigen veg. Dei var mot sosialismen , som etter deira meinig greip altfor mykje inn i livet til den enkelte med forskrifter og reguleringar. .Far var sjølvstendig næringsdrivande, og hadde folk i arbeid. Så han identifiserte seg nok med arbeidsgivarsida, og sukka når regjeringa Gerhardsen la på ei avgift, ei ny trygd eller noko anna som gjorde at staten fekk meir, og arbeidsgjevaren måtte dele enno meir med felleskapet. Han hadde ei lita bedrift som ikkje gav så mykje av seg, og syntes skattebyrdene skapte lite inntekter og at det vart lite att til innvesteringar. Det var ingen av dei som arbeidde for far som var organiserte, for det vart rekna som eit styggelse, og hadde sikkert vore grunn til oppseiing. Ellers trur eg far betalte arbeidarane litt over tariff.

1.mai var arbeidets dag. Dagen vart ikkje sett på som noko høgtidsdag av folk flest, men ein dag  ein ikkje hadde noko forhold til, og derfor bruka som ein ville. Bestefar Leiknes var vel meir oppsett på å feire, så vidt eg hugsar, fordi han arbeidde hjå ein byggmester (?) i byen, og sannsynlegvis var fagorganisert, men det var ikkje mange som han. Ettersom det var litt grått mellom far min og han, så vart vel det og ein grunn til å markere eit skilje, og  ikkje  feire dagen.
 ( Fra Hillesvåg ullvarefabrikk si heimeside)

Dei fleste som arbeidde i «Udlavågen og på « Tøffelen» var ikkje organiserte, og mange av dei var kristne, så dei av den grunn ikkje organiserte seg.

Bøndene sokna til andre parti enn Arbeiderpartiet og fagrørsla, så dei feira heller ikkje dagen, og dei fleste bønder såg dagen som eit  kjærkomme høve til å få nokre poteter  i jorda, særleg dei som hadde jord som ikkje låg attmed storvegen.

Vi lærde ikkje om 1.mai på skulen. Ingen songar, inga førebuing. Om dagen vart nemnt, vart det litt foraktfullt om  «dei» som laga høgtidsdagar som ikkje var kristne. Underforstått: - Ikkje bry deg om å feire dagen.
1. mai var høgtidsdagen  utan feiring. Utan raud fane.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar