Påske.før (og no)



Korleis var påska i min barndom? Det er mykje eg ikkje hugsar, men det som er visst var at
påske var høgtid på 50-talet. Det kristne stod i sentrum, og det var fleire sundagar etter kvarandre. Dei fleste arbeidde halv dag palmesundag og påskeafta, og dagane i den stille veka var og arbeidsdagar for dei aller fleste. Far var eit arbeidsmenneske, men påskedagane var det helg.

                                                   

  På skulen hadde me om påske kvart år, og me lærde salmar som høyrde til dei ulike høgtidsdagane frå Palmesundag til 2. påskedag. " Hin time i Getsemane " og  "Påskemorgen stiller sorgen" var to av dei som vart lært  oppatt og sunge kvart år. Me hadde eit vers kvar dag, og lærde dei utanatt, og så song vi salmane. Me såg bilder frå lidingsoga og frå den opne grava, og følgde læresveinane som møtte den oppstadne Jesus utan å kjenna han att, på veg til Betsaida. Vi visste kvifor ein feira påske, ikkje tvil om det.

Var påsken sein, kunne påskeliljene titte fram, men ofte kom dei etter påske. Mor tok inn bjørkelauv, og det spratt ut i helga. Me pynta med heimelaga påskekyllingar, og etterkvart vart dei kjøpte, gule lys og påskeserviettar. Ein gul duk, eller søndagsduk på bordet. God middag, middagskvild på dei vaksne, og søndagsturar til slekt og vener. Av og til slektningar til middag eller kaffe, men mest var det helg. Appelsiner var vanleg, men Solo og Kvikklunsj var kome, men ikkje alminneleg å bruke.
                                               


Det var gudsteneste i radioen og i kyrkje og bedehus, stevner og leirar. Høgtidsgudstenesta var i første påskedag ved Hamre kyrkje, og det var verkeleg høgtid når me song påskehøgtidsverset like før preika. I Midtgård interrimskyrkje var det gudsteneste skjertorsdag eller langfredag. Omreisande emisserar hadde kveldsmøter på bedehuset, og det var stevner og leirar. I første tida var leirane rundt om i bygdene, med møter og mat på bedehuset, og deltakarane overnatta rundt på gardane.Seinare var det leirar på Raknestunet rett over fjorden.  Offentleg dans var det lite av, etter som eg hugsar, fordi det var høgtidshelg. 
Det var fåe som reiste på påskeferie. Det var eit byfenomen i min barndom. Men far tok oss ofte i lastebilen, og køyrde til Hjelmås og besøkte bestefar, eller til Eikanger til onklar og tanter der. Mange søskenbarn å leike med på slike turar, så tida var aldri lang.
                                              
Seinare , då me reiste i Husdalen, vart det påsketurar med ski, Kvikklunsj og appelsiner og gul saft. Best hugsar eg langfredagsturen, då me først gjekk opp på Husdalsfjellet og så innover mot Vikanes, det vakre utsinet og viddene oppe på fjellet, den bratte og kronglete nedstiginga, og båturen utatt til Bjørsvik.
Ein times bratt oppstiging til Husdalen att før me var oppe. Ein fin tur! Du kjende i  det i kroppen, og sov godt natta etterpå.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar