Tekniske dupedittar har alltid fascinert meg. Eg trur eg er arveleg belasta, ettersom far min også var svært interessert i alt nytt, så elektriske  nyvinningar  kom tidleg i  heimen vår.




Tankane går tilbake til barndommen. Hermetikkboksar skulle opnast. Ikkje kunne du setje eit støpsel i stikkkontakten og trykkje på ein knapp for å opne den, ei heller kunne du setje opnaren i eit hol og skru på ein ...... Nei, du måtte lage hol, og så bevege kniven framover med handmakt.


Piske krem eller eggedosis? Du bruka visp, eller etterkvart hjulvisp. Ikkje noko håndmiksar, i min barndom. Den kom litt seinare, på 60-talet i min heim, og du under, kor lettvint det plutseleg vart å vispe krem, eggedosis eller lage kaker!

Pålegget stod i kjøkkenskapet. Det du var redd skulle bli surt, bar du i kjellaren., ned trappa og inn i spiskammerset der. Der stod osten sommardsdagen, elles vart han pizzaost i skapet oppe, berre det at vi ikkje visste kva pizza var, men svett goudaost det kjende me til. Mjølka måtte i kjellaren , elles vart ho sur, og all middagsmat som ikkje var røykt, salta eller turka.Før kvart måltid henta du opp det du trengte, og etter kvart måltid tok du kjøkkentrappene fatt med det som skulle stå kaldt. Så du verda, då kjøleskapet kom på kjøkkenet, og du kunne henta deg kald mjølk der, og måtte ta ut margarin litt før du skulle ete, så han vart mjuk, og skjere ost utan svettperler i sumarvarmen, då var framskrittet langt kome. Isbitar i safta kunne me lage, dersom me fraus vatn i terningar, og hadde dei oppi glaset! Det var velstand! Inga sveitt fårepølse eller skjemd servelat lenger!

Frysar hadde me heller ikkje. I min tidlegaste barndom hermetiserte mor kjøttkaker og kotelettar, som vart oppbevart i kjellaren, og  elles vart helst kjøtet og fisken salta, tørka og røykt.
Som eg tidlegare har skrive, hadde onkel Ingebjørn utleige av fryseboksar på Eikanger, og då kunne vi anten hente kjøt når vi reiste innom, eller han tok det med når han leverte varer lørdagskveldane.
 Så fekk vi fryseboks i kjellaren! Å du hendes mirakels! Plutseleg kunne du hente  middagsmat or frysen, tine fisken eller kjøtet, hente opplaga fiske- eller kjøttkaker frå kjellaren! Du kunne lage opp middag til fleire dagar, og fryse han inn til seinare!

Vi kjøpte iskrem, og båtisar og kronesisar  låg freistande der nede i boksen i kjellaren, og me tok dei opp  til dessert eller når det var behov for noko godt i sumarvarmen. Før var det å skunde seg heim i full fart slik at isen ikkje skulle smelte, og så var det å samle alle og fortære pinneisen raskt.  Nå sat vi på troppa i ettermiddagssola og sleikte is og kosa oss, og syntest at vi hadde kome langt i utvikling og velstand. ( Eg trur ikkje 2 og 3 liters- boksane med is hadde kome i salg enno.)

Mor baka brød, men kjøpte og ein del. Ho sette brøddeigen i  eit brunt stort steintykjærald, og måtte elte han for hand. Det var tungt arbeid å bruke hendene og kna inn mjølet i den store massen. Ho laga fire brød om gangen, og la dei i langpanna og smurde smør mellom dei så dei ikkje skulle feste seg til kvarandre. Det var godt med nybaka brød, helst med  sirup, som me elles ikkje fekk bruke på skivene. Det gjekk nok ekstra mange skiver når brøda nett var kome or omnen..
Så kom den første Kenwooden til hus, ein gong i byrjinga på 60-talet. Med mange funksjonar, som elektrisk kjøttkvern, visping og elting. Brødbakinga vart ein leik! Ein vispa ut gjæren, og så hadde ein ingrediensane oppi, og maskina laga ferdig deig.
Lage fiskekaker, male kjøt berre med hjelp av elektrisitet, og sleppe å snu sveiva til kjøttkverna..
Eg synest ikkje alt var betre før. Dei elektriske innretningane og maskinane har gjort dagleglivet mykje lettare, særleg for husmora.
 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar