17-mai



Toget hadde kome fram til endestasjonen- ungdomshuset. I våre dagar eit lite uanseeleg hus, den gongen stort og innhaldsrikt. Det var pynta for høvet, med avhogne ungbjørker kring inngangsdøra, og  små norke flagg  i kross i lauvet. Den vesle gangen til å henge frå seg klede i hadde to -tre trebenker utan ryggstø, og inne i sjølve salen var det pynta med bjørkelauv, flagg og ungbjørk.

 Dei fleste sat på trebenker utan ryggstø, men så vid eg hugsar var det nokre benker fremst som hadde rygg. Ei lita trapp leidde opp til scena, der det var duka bord kring 3 av veggene, med kvit papirduk og norske flagg. På andre langveggen var det trapp ut til kjøkkenet, som var i kjellaren. Der koka dei rømmegraut eller ertersuppe, alt etter som menyen var det året. Kaffi vart det også koka, sjølsagt.
Det var program, med "Ja, vi elsker", "Fagert er landet", "Gud signe vårt dyre fedreland" og" Å, eg veit meg eit land", og enno fleire. Ein og annan gongen underheldt skuleungane, eller nokre las dikt, Ja, så må vi ikkje gløyme prologen, skriven av lokale diktarar og lesen med skjelvande stemme og mykje fedrelandspatos. Talen for dagen var lang og innhaldsrik, med tilbakeblikk på den stolte Noregshistoria, på tyskjen og hans fall, og gode voner for framtida. Ispedd litt fromme tankar om Vårherre om talaren var frå den kanten, eller litt meir allment framtidsvon om talaren var frå frilyndte krinsar. Så avslutta me med 3 gonger tre hurra, og eit leve for konge og fedreland, og meir song og dikt.
Det tok lang tid. Me ungane tykte det, og venta på slutten. Men me var godt oppdregne, så det var berre dogang som var god nok grunn for å gå ut. Men om ei skulle, så var det fleire som fylgde for selskaps skuld, og for å passe på at ingen kom uventa inn på utedoen. Det var utedo, med hol, fluger og lukt og tynt dopapir, som det seg hør og bør. Vi gjekk vel ikkje alltid snaraste vegen inn att, heller.

Så kom serveringa, der dei voksne sessa seg rundt borda på scena, og vart servert frå kjøkkenet gjennom ei luke under scena. Me ungane hadde brus med, og Tomkjeks. Ettersom eg vart eldre, vart det meir vanleg å kjøpe både is og brus.

I 1956, det året tvillingane vart fødd, sydde mor bunad, eller nasjonal, til dei fire eldste .Ho kjøpte blondar  i byen, og sydde 4 skjorter og 4 forkle. Me fekk  like nye sko, brukte foldeskjørt, og Synnøva Mundal sydde 4 liv. Eg arva  brystduken etter mor og perlebeltet etter tante Stina. Med søljer på- Anny har den einaste sølja i halsen, og dei 3 minste har sløyfer i håret, som det høvde seg ein slik dag.  Biletet frå den store dagen er teke utanfor ungdomshuset, og viser labbar utanpå strømpene og ålar i sokkane. Men fine var me!

Når maten endeleg var fortært, starta leikane. Ungdomshuset låg tett ved vegen, og han  brukte me til
dei ulike aktivitetane. Det var ingen bilar som køyrde att og fram i den tida. Det var vel 2-3 bilar i bygda i det heile. Brukte vegen når me sprang 60 meter på tid, sprang stafett gutar mot gjenter, og dei vaksne sprang og. Så trekte me tau,først gutane mot jentene , og seinare dei vaksne. og det var om å gjera at ikkje laget vart trekt over midtstreken.  Eit år var det fotballkamp med utkledde spelarar, der dei innvolverte braut regel etter regel, til stor glede for tilskuarane. Størts jubel vart det då ein tok ballen i skjørtet og bar den i mål!
Vi gjekk på stylter, hoppa lengde og høgde, og kosa oss med resten av brusen og kjeksa. Det var premieutdeling, der alle fekk premie, men første- og andrepremien alltid var litt gjevare. Kanhende eg hugsar det så godt fordi eg alltid fekk trøstepremie-. Eg var ingen atlet(-inne)
Ei høgtideleg avslutning inne i huset, med litt underhaldning og allsong , sjølsagt songar om ferdelandet og historia vår, og Gud som passa på oss.
Det var feiring i dei to bedehusa på kvelden, og av og til dans i ungdomshuset.
Men for oss var dagen slutt. Vi gjekk heim, slitne og trøytte, men tilfredse etter ein lang dag, men dagen fortsatte den 18, i alle høve for den som hadde skule. Me gjekk i nasjonal på skulen den 18, og hadde med saft, brus og kjeks. Me leika litt 17. mai i friminuttane, og tok såleis vare på dagen litt lenger. !7.mai var trass i alt ein dag vi hadde gledd oss til lenge!

Her har eg fått bunadshuve frå Hardangerbunaden. Men sølje fekk eg ikkje før til konfirmasjonen. Dette var før Norhordlandsbunaden kom fram i lyset.

Kommentarer

  1. Hei, bildet av to norske flagg er min eiendom og er her publisert uten tillatelse eller nødvendig betaling av vederlag. Jeg må derfor be om at bildet slettes fra siden og fra serveren. Send gjerne bekreftelse på at bildet er slettet.

    Mvh, Robin Lund

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar