17.mai-


Eg tenkte først å skrive om 17.mai, og så såg eg at eg hadde skrive ganske utførleg om det i fjor. Men eg finn ikkje noko anna å skrive om, så her kjem 2017 versjonen av 17, maifeiringa i min barndom, medan me enno feira dagen i ungdomshuset på Leiknes.

Men dagen starta litt før. Me lærde om dagen på skulen, om 1814, då me fekk grunnlova og vart fri frå danskjen, om Henrik Wergeland som stifta dagen, om 1905 då kong Håkon vart kongen vår og steig i land på Honnørbryggja i Oslo med vesle kronprins Olav på armen. Me lærde om tyskjen som tok landet i frå oss, og gleda  over å vera fri att. Det var jo berre 8-10 år sidan.

Men førebuinga fortsette. Me teikna norske flagg etter mål, og prosesjon og vårlauv. Me lærde "Vi ere en nasjon vi med", og kjende byrgskapen over å vere ein del av dette landet. Me var ikkje utanfor, men med!  Så lærde vi utanatt "Gud signe vårt dyre fedreland " og " Fagert er landet", og det seig inn at- vil Gud ikkje verja folk og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja," ein lærdom som sit enno. Vi lærde " Ja vi elsker," alle versa og dermed identifiserte vi oss med den sterke historia, Noregshistoria i kortform.
Vi var ute og marsjerte, stillte opp to og to, og lærde korleis ein gjekk i prosesjon, halde plassen og gå nokonlunde i takt. Flagga skulle haldast høgt, og ikkje subba i grusen! Vi kunne gå i tog då dagen kom.

Mødrene våre førebudde festklede, og det gjevaste var jo om me jentene kunne gå i bunad, eller nasjonal, som det heitte i min barndom. Med faldeskjørt, vest , skjorte og forkle, belte og brystduk. Ein heimelaga variant av Hardangerbunaden, men du kor fine me kjende oss! Eg hadde arva ein brystduk med nokre perler på, og fekk etterkvart mor sitt perlebelte. Du verda kor fin eg kjende meg den dagen!  Men ho som strauk 4 skjorter og 4 forkle, og syrgde for at nasjonalen passa frå år til år, ho hadde nok ei kort natt mellom 16. og 17.mai. Me hadde kvite strømpebukser og sløyfe i håret, i alle høve dei første åra. Seinare fekk Anny og eg perlebroderte huver til bunadane våre. Då var me enno finare!

Bygda var etter gamalt delt i to dalføre, og heitte Dalebygden. Seinare, etter 1949, vart ho knytt til Hillesvåg med bru og veg, og dei som budde der vart tettare knytt til det som føregjekk på Leiknes.
I min tidlege barndom var fjorden ferdslevegen, og nesten kvart hus hadde naust, robåt eller ei lita
snekke som dei brukte for å kome seg til andre bygdelag, om dei ikkje tok fjordabåten.
Dei dagane det var gudsteneste på Hamre, var det mange som reiste dit først, og så tok prosesjonen til når folk kom heim att. Seinare starta han i 11-12 tida, og gjekk anten frå Mundal og til ungdomshuset,eller frå Hodnesdalen og til ungdomshuset.

Flagget var fyrst, så stillte skuleungane opp, klassevis, og så kom dei vaksne under fana til ungdomslaget. Det hende ein spela trekkspel, og ein gong sat spelaren til og med på ein bil, men stort sett var det lokale songarar som starta opp, og me andre fall inn. Me kunne jo songane! Tre gonger tre hurra ljoma, spesielt når vi møtte dei som var seint utte til prosesjonen, og barnevogner og eldre slutta seg til toget dei siste hundre metrane.


Flagga vaia og nysprunge lysegrønt lauv kransa dalen, og kvitveisen og engkarsen blømde. Dei sette ei vakker ramme om dagen.
Målet var altså ungdomshuset, eit lite hus ikkje langt frå kaia, bygd på 30-talet, med lakka veggar og golv,  med ein liten gang til å henge frå seg klede, kjøkken i kjellaren, ei lita scene og utedo.
Her feira vi 17. mai. Korleis? Ja, det kjem 19. mai.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar