Konfirmant 1960


.



Eg var tidleg oppe. Det var vi alle. Eg skulle konfirmerast. Borte på stolen hang den nye Hardangerbunaden, og skjorte og forkle var stiva og nystroke, av mor, sjølsagt. Bringestykke og belte var arv. Det perlebroderte beltet hadde gullbelagt spenne. Stakken hadde svarte bånd nedst, og vesten var raud, medbånd og sølvfarga krota band. Eg hadde fått nye bunadsko, og bestemor og bestefar hadde kjøpt ny stor sølje. Du kan tru eg var fin, etterat mor hadde hjelpt meg på med bunaden, og festa bringeduk med sikkerhetsnåler forat han skulle halde seg på plass!

Det vart lite mat, for spenninga var for stor. Snart gjekk varselet om at Oster gjekk til Hjemås, noko vi såg gjennom stoveglaset, og me skunda oss i veg. Mor litt seinare, for ho måtte gi instruksar til dei som skulle ta kjøkkenet og passe dei minste.
Eg hadde fått ny kåpe, pepitarutete som var høgste mote, sjøl om rutene var litt annsleis enn på biletet i vekeblada, ny paraply,  men eg hadde fått klokke  tidlegare.  Det var vanleg at dei som ikkje hadde klokke, fekk ho til konfirmasjonen. Klokka hadde urverk som du trekte opp kvar kveld, og visarar og tal. Må heller ikkje gløyme nynorsk salmebok, med inngravert namn og dato i gullskrift.

Båten fløytte, seig til kai, og mannskapet la ut landgangen. Klokka måtte vel vere 9, for me skulle til Hjelvik, Tepstad og Nepstad før båten drog tvers over fjorden att og la til kai ved Hamre kyrkje.
Me konfirmantane skunda oss til Bårdsstova, der me fekk nystrokne kapper. Resten av kyrkjelyden helsa på kjensfolk, såg til gravene og seig så roleg inn på plass i kyrkja. Vi gjekk så i prosesjon opp trappene, gjennom nedre del av kyrkjegarden og stod og venta medan kyrkjeklokkene kima, før presten i spissen for flokken sin gjekk inn i kyrkja. Me sat alfabetisk, jentene på ei side og gutane på den andre. Det var var høgtidsgudsteneste, og etter preika kom overhøyringa. Presten Vaksdal hadde høyrt meg i forklaringa til andre artikkel siste førebuingsdag, så han rekna vel med at eg kunne sjølve artikkelen, så eg fekk spørsmål om den.Det gjekk



som ein foss. Høgtideleg var det når me fekk prestehanda på oss med dei obligatoriske velsignelsesorda.

Ein tur ovafor kyrkja, til grava til far. Me tok bilete der, kanhende for å inkludere han på den store dagen. Folk prata, såg om graver og trefte nye kjentsfolk, så Oster ringde både 2 og 3 gong før dei siste kom ombord. Dei aller siste måtte hoppe over rekkja. På ny kryssa vi fjorden fram og attende, før me steig i land på Leiknes. Så vidt eg hugsar, gjekk vi heimatt og, og tida var for å opne gåver på eit rikhaldig presangbord. Smykker, klede, pengar og toalettsaker, og ikkje minst dei mange korta med lukkeynskje. Trur faktisk det kom eit par telegram og, som då vart lese under middagen.

 Hugsar ikkje menyen, men veit vi song bordverset, dei 4 av omkring 25 som kunne syngja i familien. Det var ingen talar, men eit rikeleg kaffibord, med kaker laga av mor og slekt som ville bidra ein slik dag. Ungane måtte sitje i ro til måltidet var over.

Gjestane reiste heim, med siste rutebåt, og nokre hadde vel fenge seg bil og, eller leigde drosje.
. Men tidleg måndag morgon var det å bli kjørt til Kleivdal, ta buss til Isdalstø, byte buss og kome seg til Alversund til ein ny dag på realskulen. Etter endt dag gjekk me over brua til Straumen, og fekk middag på pensjonatet, der eg også budde i vekene
Var eg blitt vaksen? Det kjendest ikkje slik ut, og mor styrde nok som før
( Brua då ho var nybygd).

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar