nabo


Den lange kvite kroppen med gule og svarte flekkar låg utstrekt på bakken. Litt blod pipla frå eit sår i sida.  Det ligna Tiko, Tiko, pusen min som eg hadde kosa med, kjøyrt i dokkevogn og slite i halen. Samstundes var det ikkje han.. Eg hadde som vanleg sprunge over steingarden og nesten aka meg ned til naboen for å ta ein prat. Hans, sonen pp garden,  fekk det travelt med å flytte katteliket, som eg som eigar av det tidlegare kjæledyret ,ikkje skulle sjå. Kona hans, Ingeborg fekk det travelt med å be meg inn for å smake på kaker, og då eg kom ut att, var den døde kattepusen borte borte, sannsynlegvis kasta i møttinga, der slike kadaver enda.. Eg sakna han ikkje så mykje, for det var mange kattar heime, og mor hadde bedt naboen, som hadde gevær om å tynne litt i rekkjene.

Då eg budde på Leiknes, hadde vi naboar. Nedanfor haugen budde Stella og Bernhard, og seinare Hans, sonen deira og kona hans Ingeborg. Både Bernhard og Hans hadde reist til sjøs i sin ungdom, og hadde derfor ein patina av å vere annsleis, fordi dei hadde sett den store verda. Dei hadde ein vanleg vestlandsgard, bakkete og tungdriven. Det var som ein sa på Nordmøre: Hadde det vore litt brattare, kunne ein brukt det på bæe sider. Ein gamal fjøs, delvis mura i stein, som skikken var. Det var plass til nokre kyr, ein hest i andre enden av bygget, og nokre sauer i sauefjøset av stein. Dei hadde bær og frukthage, og sette poteter på ulike teigar år for år, for å driva vekselbruk.

 Kyrne gjekk i utmarka om sumaren, og den vesle bekken sørgde for vatn, granbusker for ly om det regna. Det var le mellom innmark og utmark, og du var ikkje stor før du visste at den måtte latast att. Over steingjerdet var det strekt piggtråd, slik at ikkje dyra skulle kome over. Sauene vart sendt til fjells om sumaren, og på hausten etter siste slåtten gjekk alle dyra på heimebeite. Då var det om å gjere at grindane mellom gardane var lukka, ettersom dyra gjekk på båe sider av storvegen.

Me gjekk over steingarden og ned bakkane når vi skulle besøke dei. Dei var gamle, og hadde tid for ein prat. Nokre sa Stella var forviten,  ho ville vita litt korleis tinga gjekk. Me plukka blomar til dei, og handla for dei når dei mangla småting. Dei hadde høner, og etterat våre hadde gått til dei evige hønegardar, kjøpte me egg der.
Hans og Ingeborg gifte seg i 1952, og eg og syskenbarnet mitt skulle få vere med i bryllaupsmiddagen! Det var stas! Etterpå sat dei vaksne og tala om at tida gjekk fort. Snart var det sølvbryllup. Små gryter høyrde etter, og spurde om det var dei same som vart bedne då. : Det var ikkje sikkert, sa dei vaksne. Eg hugsar eg gret ved tanken på å ikkje bli bedt i neste jubileum!

Huset dei budde i, var eit vanleg vestlandshus. Steintrapp på utsida,inngang på midten, gang, kjøkken, og ei stove mot nord, og ei mot sør. Ei trapp opp til andre etasje, og nordre og søndre lem. Bernhard og Stella budde i nordre del av huset, og Ingeborg og Hans i søre del . Dei delte kjøkken, men det tok ikkje lenge før dei delte av, slik at Ingeborg og Stella hadde kvart sitt kjøkken. Ingeborg hadde elektrisk komfyr, medan Stella brukte vedkomfyr. Det var ikkje enkelt å dele kjøkken, då som no.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar