Onkel


Onkel  var ein yngre bror av mor. Han fekk ein barnesjukdom i 2-3 års alderen, og vart alvorleg sjuk med feber. Det var ikkje vaksine for slike sjukdommar på 30-talet,og da han kom seg, var han ikkje som andre.
 Han gjekk på vanleg folkeskule heime i bygda, og dei jobba hardt med leksene heime.  Ho mor som var eldst, streva med han for å få han til å lese, og det lærde han, men skriving og rekning vart det mindre av. Enkelte ting hugsa han ualminneleg godt, som fødselsdagar, og kom alltid og gratulerte folk i bygda når dei hadde dag. Han leste Det beste ( Den norske utgåva av Reader Digest, med små kortfatta samandrag av artikklar), og i bygda var han med ungdommane på det som var føre, gjekk på Bygdekino og reiste på dans, og dei andre syrgde alltid for at han kom heim att med den skyssen som var. Han var ein del av bygda, og bygda passa på han, som den passa på alle som var annleis.
Han var ikkje flink til å arbeide, og skulle han hogge ved eller gjere noko anna praktisk, måtte nokon vera med og arbeide saman med han, om det skulle vera noko som var gjort, eller så måtte ein fortelje arbeidsoppgåve for arbeidsoppgåve.
Då bestemor og bestefar flytta, flytta han  etter, men verda var annleis, og han fann seg ikkje til rette blant ungdommane på den nye staden. Han reiste på kino, som han var så glad i, men kom heim att, og ville ikkje dit att. Antakeleg vart han erta, fordi han tok kontakt, prata, men skilde seg ut.

Bestemor og bestefar kjøpte fjernsyn, og så fekk han verda inn i stova i staden. Han fylgde med på det meste. Han fekk plikter, og måtte vaske opp og hjelpe til med middagen, og utførte dei. Greit for oss som var på besøk, og slapp å ta i eit tak, som me elles var van med.

 Men bestemor og bestefar vart eldre, og dei tok den tunge avgjerda at onkel måtte på institusjon. Han flytta til Åsane, til Vestlandsheimen, den store sentrale institusjonen for psykisk funksjonshemma på Vestlandet. Her budde det på det meste 400.
Her viste det seg at onkel hadde uoppdaga ressursar, og han lærde å ta bussen til Bergen , og fekk etterkvart arbeid på posthuset i byen, og skulle sjå etter at postsekkane var skikkeleg tømde. Det var eit arbeid han klarte godt, nøyaktig som han var. Han reiste frå Åsane til Bergen på jobb, og etterkvart fekk han seg eiga leilighet i eit burettslag utanfor den store  sentralheimen.. Han hadde støttekontakt, men klarte mykje av kvardagen sjøl.

Han fekk seg kjærast, og ein dag sat han i stova hjå foreldra med si utkåra,  som han hadde trefft på Vestlandsheimen. Han hadde forlova seg, og som alle sine søsken tok han med si utkåra heim. Bestemor og bestefar var nok rysta, og det skaka litt i samanføyningane i familien elles og, men det gjekk seg til, og dei var rekna med, og kom  på familiesamkomene i mange år. Dei vart henta og brakt, og onkel lyste opp med smilet og latteren sin, og var levande interessert i korleis det gjekk med slekta. Dei to levde saman i mange år, til glede og hjelp for kvarandre.
Eg synest det er greit å huske det som var før, samhørigheit og solidariteten i eit lite samfunn, og korleis nye metodar kunne lokke fram evner og anlegg som var gøymt.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar