Pirqueprøve og helsekontroll



Vi dreiv og øste kvarandre opp - Det gjer ikkje vondt, - Jau, det gjer det! Vi skulle ta pirquetprøve, påbudt med lov for alle skulebarn. Tuberkulosen, som hadde herja i mellomkrigstida var på hell, men alle skuleungar skulle framleis ha dei to rispa i venstre arm , for å sjå om ein hadde smitte eller ikkje. Ein skrapte 1 cm lange streker  i huda på underarmen, og tuberkulin (et ekstrakt fra tuberkelbakterien) vart  dryppa på. Prøven vart lest av etter 48 timer. Då vart rispa målt med linjal, og var dei mindre enn 4cm, var prøven negativ, og du var tuberkulosefri. Nokre av gutungane tøffa seg, og prøvde å få merkene større, men dei lukkast ikkje. Me jentene okka oss: - At dei torde! Det kunne jo vera farleg!

Då eg var 12-13, tok me BCGvaksine, som og var påbode med lov. Det var rekna som litt fårleg, og me vart instruerte om at ein kunne få biverknader av sprøyta, som feber, hovudverk og kvalme. Å ta sprøyte var ikkje kvardagskost, så me fortalde kvarandre skrekkhistorier om storleiken på sprøyta og ikkje minst om kor vondt det gjorde. Sprøyta vart sett i skuldra, og me fekk ordre om å sjå vekk, etterat me hadde sett korleis sprøyta såg ut, korleis væska vart soge opp og sprøytespissen på storleik med ei middels stoppenål, men tynnare, nærma seg målet. Nåla gjekk ordentleg langt inn, og det kjendes når væska vart pumpa inn i kroppen. Ei stund etter var det pirquetprøve, og no var det om å gjere at prøven var positiv, og du målte meir enn 4 mm på tvers av rispet
Pirquetprøven vart teken samstundes med at me vart vege og målt. Avkledningsrommet var det kombinerte lærarrommet, biblioteket og lageret. Ei etter ei gjekk vi ut til helsesystra eller lækjaren, medan gutane hadde friminutt og var ute og leika. Etterpå var vi ute, og så var det gutane sin tur.
Ei vekt med måleinnstrument på eine sida som du stillte deg under, og så vart resultatet skrive ned på helsekortet ditt. Du steig på vekta, etter at du hadde kledd av deg så du stod i berre underbuksa ( ikkje truse, som var eit framandord, men trauste makkobukser med gummistrikk i beina) . Det var ikkje vanleg å vise seg så naken for framande, så det var litt skummelt. Resultatet fra vekta vart og skrive på helsekortet. Som vanleg fekk eg vite at eg
var både for liten og tynn i høve til normalen. Gener og arv var det lite snakk om. Du skulle være normal, punktum!

Helsekontroll

https://www.nrk.no/skole/?mediaId=12520&page=search&q=helsekontroll










Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar