Innlegg

Viser innlegg fra august, 2017

Ål til dei fine

Bilde
Las på nettet i dag at Ole Magnus Leiknes skulle hjelpe til med å forske på ål i Osterfjorden. Då kom eg til å hugse på far hans, han Martin, som og var ålefiskar. Han budde på Flossvika, og dei første åra vi budde der, selde han og ho Aslaug bringebær og egg, og vi var kundar. Eg trur dei selde på torget også. Martin var yrkesfiskar, og vi fekk og kjøpte fisk der. Men ikkje ål. Den var skummel og eksotisk, og nok rekna for andre ganar enn våre. Han drog ut tidleg på morgonen, var vekke av og til om natta, og fiska vel i heile Osterfjorden og kringliggjande fjordar. Snekka hans låg i vika nedanfor småbruket på Flossvika, og vi såg dei vel helst når vi var og bada attmed nausta, og  dei gjorde opp garn eller eigna. Martin selde ål til byen. stundom leverte han vel på mottaket sjøl, eller sende ål med rutebåten, men  og eg hugsar far henta trekassar med Opel Blitz på Tangen like før han skulle til byen, og tok dei med. Trekassane hadde hol, og eg hugsar eg såg halane til ålen b