Ål til dei fine


Las på nettet i dag at Ole Magnus Leiknes skulle hjelpe til med å forske på ål i Osterfjorden.
Då kom eg til å hugse på far hans, han Martin, som og var ålefiskar. Han budde på Flossvika, og dei første åra vi budde der, selde han og ho Aslaug bringebær og egg, og vi var kundar. Eg trur dei selde på torget også.
Martin var yrkesfiskar, og vi fekk og kjøpte fisk der. Men ikkje ål. Den var skummel og eksotisk, og nok rekna for andre ganar enn våre. Han drog ut tidleg på morgonen, var vekke av og til om natta, og fiska vel i heile Osterfjorden og kringliggjande fjordar. Snekka hans låg i vika nedanfor småbruket på Flossvika, og vi såg dei vel helst når vi var og bada attmed nausta, og  dei gjorde opp garn eller eigna.


Martin selde ål til byen. stundom leverte han vel på mottaket sjøl, eller sende ål med rutebåten, men  og eg hugsar far henta trekassar med Opel Blitz på Tangen like før han skulle til byen, og tok dei med. Trekassane hadde hol, og eg hugsar eg såg halane til ålen bukte seg ut gjennom hola og inn att da kassane vart lesst ombord på lasteplanet. Dei minna om ormar, ein skapnad eg ikkje hadde noko til overs for.

Turen til byen var som eg har nemt før ikkje den raske 30 minutters ferda vi har no, men den gamle omstendelege, om Kleivdal og Seim til Isdalstø,venting på ferje til Steinstø, gjennom Åsane og Hellesneset, før vi kunne lessa av kassane på mottaket i Sandviken. Likevel tok vel denne reisa kortare tid enn med rutebåten, og var enklare.
Som regel fekk me ungane beskjed om å halde oss i bilen, men ein gong fekk eg vere med inn påmottaket , og såg dei tømde den krelande massen av ål opp i tankar, der dei sumde omkring, i ein slags fridom. Eg hugsar at eg syntest det var bra, og reflekterte vel ikkje noko om at dette var endestasjonen deira, og at dei kort tid seinare ville ende opp på middagsbordet , anten kokt eller røykt, for dei som hadde sans for slikt.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar