Innlegg

Viser innlegg fra september, 2017

Tante Bergitta

Bilde
Bestemor hadde 4 søstre.  Dei kom frå ein tungvindt gard på Mundal, som var bratt og ulendt, tungdriven som gav lite av seg. Garden hadde eit vånigshus med inngang på midten, kjøkken, og ei stove i kvar ende av huset, og to-tre loftsrom.  Bestemor fortalde at hovudhuset fekk tregolv i stova då foreldra hennar gifta segi i 1900.  Det var  eit gamalt fjøs med  tradisjonell vestlandsk utsjånad., med store steinmurar og litt trevirke øvst. Ei låvebru gjekk opp til låven, og der var det høystål. Rundt huset var det ein stor bær og frukthage, og i den sørvestvendte bakken bak huset vaks det hassel, som gav nøter om hausten. Sofia var eldst,fødd i 1901,  så kom tvillingane Martha og Bergitta i 1903, Anna som vart bestemor mi 1906, og attpåklatten Ingeborg 13 år seinare, i 1919. Martha gifte seg til Leiknes, med Arthur, medan Bergitta vart ugift heile livet sitt. Ho hjelpte til på garden, og mor snakka om at ho ofte var til hjelp når nokon fødde heime, som dei fleste gjorde til langt

Tante Stina- sjølstendig næringsdrivande og kvinnesakskvinne.

Bilde
Kven var tante Stina? Eg sende eit pm til den i familien som kan slekta. Ho leitte, og snakka med andre som visste meir, og så fekk me oss ein god samtale om det ho visste, hadde fått vita og det eg hugsa. Ja, tante Stina er verd eit minne! Helene Kristina var fødd på Mundal i 1877 som den eldste i ein søskenflokk på 3. Ho flytte til Bergen, og gifte seg med båsmann Andreas Olson Kjerrgarden i 1908, altså 30 år gamal.  Kva ho arbeidde med før det veit me ikkje, men ein kan vel tru at ho starta som hushjelp i ein familie. Det me veit, er at ho var sterkt innvolvert i kvinnesaka, før kvinnene fekk stemmerett i 1913. Frå andre kjelder veit me at Norsk kvinnesaksforrening mobiliserte, og at det mellom anna var fleire underskriftskampanjar for at kvinnene skulle få stemmerett.                    Første  kvinne legg stemmesetelen i urna ved kommunevalget i Oslo 1910  Tante Stina vart skilt frå mannen, noko som og var uvanleg, og ho gifte seg aldri att. Derimot dreiv ho sin eigen tobakk

Sparing i Hamre og Åsane Sparebank

Bilde
Etter krigen dreiv vi og sparde.Dei vaksne sparde i premieobligasjonar, der ein betalte inn eit beløp, og så kunne dei som var med trekjast ut til å vinne premie. Obligasjonen vart tilslutt innfridd med innbetalt beløp, uansett. Vi ungane sparde og. Det var ein del av oppdraginga, det. Skulle du få noko, måtte du spare. Større ting, som sykkel og ski, sparde vi delvis til sjøl, og så la foreldra til resten. Men du var ekstra stolt både når du tok pengar ut av banken, og når du var med å betale!  Vi hadde sparebørser, og nedpå dei forsvant 5- ørar og 10-ørar, 50-øringar og kronestykke, når det baud seg slik. Når slekt kom på besøk, hende det vi fekk ein 50-øre eller ei krone til å leggje på børsa. Ho vart rista, og sett på plass. Av og til tok du henne ned , og kjende på tyngda. Burde ho tømmast snart? Alf Prøysen bidrog til å fylle på børsa, kvar gong han song:" Å du gode sparegrisen min, nå skal du få ettøringen din" . Me sprang til mor, og ho gav oss  øre til å sle

Riksveg 1.

Bilde
I dag tek det ikkje lang tid frå Leiknes og til Bergen. Mange arbeider der, går på skule, eller handlar mykje av varene sine der.Iløpet av vel ein halv time er du der. breie vegar, bruer og tunellar bitt saman Nordhordland, Bergen og øysamfunna ut med havet. Turar som tok ein dag eller dagar, er no unnagjort på nokre timar. I min barndom var fjorden riksveg, og skulle du nokon stad, tok du båt, du rodde, bruka motorbåt eller tok dampen. Hamre kommune låg på begge sider av fjorden, og det same gjorde Hosanger. Kommunesentret låg i Valestrand, og der budde lækjaren. Flatøy tilhøyrde den gongen Hamre. For oss nordom fjorden var det vanskeleg å nå kommuneadministrasjonen i Valestrand., så dei hadde kontordagar på nordsida, fortrinnsvis på Eikanger. Lækjaren hadde kontordag både på Leiknes, Hjelmås og Eikanger, seinare berre dei to siste. Brua over Leiknesvågen kom i 1949, og fyrst då kunne det koma bilar til Leiknes, og folk frå bygda kunne reise til Hjelmås, Eikanger, Lindås og S