Riksveg 1.



I dag tek det ikkje lang tid frå Leiknes og til Bergen. Mange arbeider der, går på skule, eller handlar mykje av varene sine der.Iløpet av vel ein halv time er du der. breie vegar, bruer og tunellar bitt saman Nordhordland, Bergen og øysamfunna ut med havet. Turar som tok ein dag eller dagar, er no unnagjort på nokre timar.
I min barndom var fjorden riksveg, og skulle du nokon stad, tok du båt, du rodde, bruka motorbåt eller tok dampen. Hamre kommune låg på begge sider av fjorden, og det same gjorde Hosanger.
Kommunesentret låg i Valestrand, og der budde lækjaren. Flatøy tilhøyrde den gongen Hamre.
For oss nordom fjorden var det vanskeleg å nå kommuneadministrasjonen i Valestrand., så dei hadde kontordagar på nordsida, fortrinnsvis på Eikanger. Lækjaren hadde kontordag både på Leiknes, Hjelmås og Eikanger, seinare berre dei to siste.
Brua over Leiknesvågen kom i 1949, og fyrst då kunne det koma bilar til Leiknes, og folk frå bygda kunne reise til Hjelmås, Eikanger, Lindås og Seim eller Isdalstø med bil. Før den tid var bygda Dalebygden og Mundal/ Hopsdal, punkt slutt.

Og skulle du lure på kvifor du har noko av slekta di frå Osterøy, så er forklaringa enkel: Det var lettare å krysse fjorden enn å gå over fjellet, så mange fann seg ein kjærast frå Øynæ, anten dei fann ho/ han på dans eller kristne møte.
Skulle du til Bergen, tok du oftast dampen. Han starta i frå Mo grytidleg om morgonen, og kryssa fram og tilbake over Osterfjorden, tok på og sette av passasjerar og gods, tok med post og krøtter som skulle på slaktehuset. Båten fløytte ute på fjorden, og når han kom til kai, slengde matrosen ut trossa, som dampskipsekspeditøren tok imot. Kvar stoppestad hadde sin ekspeditør, som tok imot båten, og syrgde for lasting, lossing og oppbevaring av gods.
 ill foto

Matrosane løfta opp landgangen, som og ekspeditøren la til rettes. Ferdafolket gjekk ombord, etterat dei passasjerane som skulle i land hadde gått av. Ekspeditøren tok imot og sende varer, medan postopnaren gjekk ombord med postsekker med flaggstriper og horn på, leverte desse i postlugaren ombord, og fekk liknande sekker med post tilbake, alltid knytt med tau for å signalisere  at posten var viktig og urørd.
ill foto frå ein større båt.

Krøttera vart leidd ombord, eller heisa ombord, og plassert framme i stavnen. Du høyrde av og til nokre såre raut derfrå, men dei fleste roa seg med høyet dei fekk.
Passasjerane fann seg plass, anten nede i salongen eller oppe . Var det fint ver, kunne du sitje ute. Turen ville ta nokre timar, så dei fleste kjøpte seg kaffi hjå trisa,som hadde utsal og kjøkken bak i båten,  og åt medbrakt niste. Nokre såg seg råd til å kjøpe svele eller eit halvt rundstykke, men dei var unntaka. Folk snakka saman, ein treffete kjentfolk, og bytte plass for å frette nytt ettersom båten kryssa fjorden fram og tilbake, fekk på nye passasjerar og slepte andre av. For det var slekt å besøkje, på Tepstad eller Nepstad, nokre skulle til Hamre eit ærend..For Hamre hadde av og til kontordagar frå administrasjonen i Valestrand, og presten budde  på Hamre.

Båten la først til i Sandviken, der slakteriet var, og sauer, kyr og ein og annan gamal avdanka gamp var levert, for å gå sin lagnad i møte. Det hende ein villsleg ungokse sleit seg, og tok ein runde i bygatene før han vart fanga inn og avliva. Det lukta nok blod og død frå huset, så det var ikkje løye at dyra prøvde å gå fri.

 Folk som hadde ærend i denne bydelen, gjekk og i land her. Tannlegen vår var i Sandviken.
Båten drog så vidare, runda Skoltegrunnskaia der du i heldige øyeblikk kunne sjå Amerikalinjen og hurtigruta, og NHDL sine båtar la til på sine faste plassar, innst ved Bryggen.  Bykledde folk gjekk i land, med handlenett, koffertar og ryggsekkar, og dei fleste skunda seg for det var mange ærend som skulle gjerast før båten returnerte, ein gong mellom eitt og fem. Mange brukte hatt, hadde pensko, kåpe eller frakk på desse turane.
Ja, andre var meir kvardagsleg kledd, og  hadde med seg egg , bær og frukt, og stod nokre timar på Torget for å selgje, og få nokre sårt tiltrengte kroner til privatøkonomien.

Folk kom attende til båten, og  dei kjøpte kaffi og åt niste, om dei ikkje hadde kjøpt seg noko på ein av dei mange kafeane i byen. Nokre hadde vore på Polet, og det hende dei steig litt annsleis på vegen heim, om dei hadde seg ein snartur på toalettet på båten og smaka på det dei hadde kjøpt.
Båten var som regel tungt lasta med varer, for både meieri, post og butikkar skulle ha sitt på heile den lange ruta. Det var ikkje anna val, for rutebilar og varebilar gjekk ikkje, og få hadde bil, og færre køyrde den lange vegen om Seim og Isdalstø når dei skulle til bydn. Der var vel far min blant dei fyrste som reiste frå Leiknes til Bergen for å hente varer til bedrifta si.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar