Sparing i Hamre og Åsane Sparebank


Etter krigen dreiv vi og sparde.Dei vaksne sparde i premieobligasjonar, der ein betalte inn eit beløp, og så kunne dei som var med trekjast ut til å vinne premie. Obligasjonen vart tilslutt innfridd med innbetalt beløp, uansett. Vi ungane sparde og. Det var ein del av oppdraginga, det. Skulle du få noko, måtte du spare. Større ting, som sykkel og ski, sparde vi delvis til sjøl, og så la foreldra til resten. Men du var ekstra stolt både når du tok pengar ut av banken, og når du var med å betale!
 Vi hadde sparebørser, og nedpå dei forsvant 5- ørar og 10-ørar, 50-øringar og kronestykke, når det baud seg slik. Når slekt kom på besøk, hende det vi fekk ein 50-øre eller ei krone til å leggje på børsa. Ho vart rista, og sett på plass. Av og til tok du henne ned , og kjende på tyngda. Burde ho tømmast snart?
Alf Prøysen bidrog til å fylle på børsa, kvar gong han song:" Å du gode sparegrisen min, nå skal du få ettøringen din" . Me sprang til mor, og ho gav oss  øre til å sleppe gjennom holet. Etterpå var det sjølsagt obligatorisk lang risting. Etter ei stund vart det 5-ører i songen, og då sjølsagt på grisen og. Ristinga var den same, men børsa vart fortare full. Banken hadde nøkkelen. Her var det ingen som skulle bli freista til å dirke ut noko. Eg hugsar søskenbarnet mitt fekk ei børse du kunne få ut pengar av, men vi var enige om at det var inga skikkeleg sparebørse. Pengane skulle inn, og ikkje ut att!
Banken hengte seg på Prøysen. Den tradisjonelle børsa vart utbytt med gris. Vi valfarta til banken for å få bytta til meir moderne sparereiskapar. Det heitte seg at børsa måtte vere full før vi fekk bytt, men når tårene stod i augnekroken og geipen vart lang, vart  det nok børse i staden for gris på alle som kom.
På skulen fekk me Lykkesmeden, eit blad gjeve  ut av Sparebankforeningen. Der stod det oppbyggelege historiar om verdien av å spare, eventyr og forteljingar, kryssord og spørjekonkurranar, og ikkje å gløyme fargeleggingsoppgåver. Vi las bladet frå perm til perm, som alt anna lesande du fekk. Ingen stilte spørmål om det var reklame. Sparing var viktig, for store og små! Norge opp og gå.

Hamre og Åsane sparebank var banken med stor B. Det var ingen annan, før du kom til bydn.Dette viser igjen at fjorden var riksveg 1 på den tida. Du tok båt dit du skulle, og dampbåten og posten var naturleg formidlar av varer og tenester. At Hamre låg på begge sider av fjorden og Åsane på sørsida, var inga hindring.Banken hadde lokale i  meieriet på Hjelmås. Den hadde opningstid nokre kveldstimar i veka, trur eg, (eller var det kvar fjortande dag ?) i same lokala som  lækjaren hadde kontor når han var på nordsida av fjorden. Når vi kom inn, saman med far , oftast,  sat vi på eit lite forværelse med benkar langs veggene, 

og ein kom inn på kontoret etter tur. Der sat lærar Sverre Kvamme og disponent Birger Myhr fra Hillesvåg Ullvarefabrikk .Kva tittel dei hadde i bankverda, hugsar eg ikkje. Eg trur dei sat på kvar si side av eit skrivebord, og når ærendet kom fram, tok dei fram nøkkelen til sparebørsa, vrei rundt, og kroner og ører fall ut.

 Myntane vart behørig tald opp, og resultatet vart sirleg skrive inn i bankboka, som du hadde med deg. Den vart oppbevart av far og mor, og berre teke fram når du skulle gjera innskot . Ditt vesle bidrag til spare-Noreg vart låst inn i pengeskapet som stod ved eine veggen. Der låg kontantane.

I denne tid var det ikkje bankkort, minibank eller sjekk. Trong du pengar, gjekk du i banken med utbetalingskort du hadde fått i posten. Arbeidstakarar fekk løn i reie pengar frå arbeidsgjevar.

Seinare kom bankbussen, der banken kom ut på bygda.. Han hadde faste stoppestader, men stoppa og " on demand". Ei ny, meir effektiv tid, var komen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar