Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2017

Syne på språkje ha vørte omkalfatra..

Bilde
 Idag er striledialekta populær. Det er nettside på Facebook, språket blir forska på, det finns bøker, og Svein Børtveit har lagt ned eit stort arbeid med å utarbeide ei ordliste med forklaringar på ord og uttrykk frå mitt heimeområde. Å vere stril er i vinden, og eg fortel ofte om strilekrigen,på 1750-talet, der folk frå Norhordland drog til Bergen med høigafflar og øks for å klage på skatten. Dei tenkte lite på at futen hadde muskedundre og kanoner! Eg vart faktisk litt stolt då eg i sommar  fann ut at ein av forfedrane mine frå Leiknes var med på den turen. Det språklege medvitet om dialekta var ikkje så stor då eg vaks opp. Medvitet om det skriftlege språket var der . Bestemor sa eingong :-Du forstår ikkje kor godt det var å kunne skrive og lese på sitt eige språk! Medan ho gjekk på skulen,omkring 1915,  skifte dei målform frå bokmål (som nærast var dansk då), til nynorsk. Mor var klar  om det nynorske språket, og det same var læraren vår, Andreas Midtgård. Så me skreiv

Veg, vaktarar og nye vegar.

Bilde
Det var grusvegar i barndommen min. Kom du til Bergen, hadde dei brusteini heile sentrum. Og rett som det var, vart det lagt ny stein der den gamle måtte vølast. Det var vel asfalt på ein del av vegane rundt Bergen, men det hugsar eg ikkje så mykje til. På landsbygda var det grus som galdt. Stabbesteinar der det var høgt utfor, og nokre stader vart det etterkvart støypt mur for å skillje veg og stup. Grusvegen fekk holer etter regn, og vart det hol etter hol, heitte det vaskebrett, og der humpa det ettertrykkeleg, anten du køyrde sykkel eller bil. Grusen la seg etterkvart i vegakanten, og då hadde kommunen ein ansatt som kom syklande med spade og krafse for å få grusen innatt i vegen og oppi hol og vaskebrett, slik at det  vart lettare å køyra. Arbeidet var tungt, men eg er ikkje sikker på om folk flest såg på dette som arbeid. Nokre var vel også misunnelege på at desse var kommunalt tilsette og fekk fast løn. Det gjekk ein del vitsar om korleis vegvaktarne, som dei heitte

Varme om vinteren

Bilde
Når nettene blir lange, og kulda setter inn.. Husa var bygd annleis, og det var ikkje trelags vindaugo og isolasjon i veggene. Treullplater og sagflis var vanleg i nye hus på 50-talet, og doble vindauga var regelen, og så tok du ut det eine laget om våren, og sette det innatt om hausten. Ein fyrte med ved, og brukte elektrisitet til å ta toppane, for straumen var dyr. I  min tidlege barndom fyrte ein med koks og ved, og eg synest å hugsa at ein brukte ved til å tenne med, deretter  koks , og kol oppå det, når ein hadde fått skikkeleg varme. Begge to kjøpte me i sekkjer, og henta inn fra skykkja i koksboks, og så brukte me skyffel til å kasta koksen inn i omnen. Men det langt vanlegaste var ved, som det var rikeleg av i alle utmarker og på alle haugar. då som no. Bjørkeveden var rekna som den beste, og bruka når det var verkeleg kaldt, medan older var kvardagsveden, saman med litt gran og furu, men ho var det ikkje så mykje av på min del av Vestlandet. Veden vart felt, saga og

Til minne om tante Sofia.

Bilde
(illfoto) Før vi forlet slekta hennar mor for denne gongen, må vi skriva litt om eldste syster til bestemor, ho Sofie, eller Sofia som ho vart kalla. Ho var fødd i  1901, og opplevde både Noreg som sjølstendig stat, to verdskrigar og byrjinga på oppgangen etter krigen. Ho var jordjente, men då eg var fødd, var ho meierske på Leiknes, og budde på loftet over meieriet  på Tangen. Ho budde på eit stort rom med kokeplate, seng , bord og stolar. Det var kaldt der, ettersom meieriet var bygd i byrjinga av århundret..  Sofia vog inn mjølka som bøndene kom med, anten køyrande med hest og vogn, med spannet i håndkjerre eller bærande det på ryggen. Ho tok prøvar av mjølka, og sende inn, og sette ho til kjøling i vasstroene på lageret, Så selde ho mjølk til oss som kom med spann for å hente.  Meieriet var ope både formiddag og ettermiddag, og i tillegg skulle ho sørge for at  50 og 100 literspanna var klar til dampen kom, Ho frakta spanna ned til kaikanten med håndkjerre. Der vart  dei  heis