Syne på språkje ha vørte omkalfatra..




 Idag er striledialekta populær. Det er nettside på Facebook, språket blir forska på, det finns bøker, og Svein Børtveit har lagt ned eit stort arbeid med å utarbeide ei ordliste med forklaringar på ord og uttrykk frå mitt heimeområde. Å vere stril er i vinden, og eg fortel ofte om strilekrigen,på 1750-talet, der folk frå Norhordland drog til Bergen med høigafflar og øks for å klage på skatten. Dei tenkte lite på at futen hadde muskedundre og kanoner! Eg vart faktisk litt stolt då eg i sommar  fann ut at ein av forfedrane mine frå Leiknes var med på den turen.
Det språklege medvitet om dialekta var ikkje så stor då eg vaks opp. Medvitet om det skriftlege språket var der . Bestemor sa eingong :-Du forstår ikkje kor godt det var å kunne skrive og lese på sitt eige språk! Medan ho gjekk på skulen,omkring 1915,  skifte dei målform frå bokmål (som nærast var dansk då), til nynorsk. Mor var klar  om det nynorske språket, og det same var læraren vår, Andreas Midtgård.

Så me skreiv nynorsk, og fann oss i dei nye rettskrivingsreglane som kom med ujamne mellomrom,ettersom det var politikarane sitt faste fortsett å sameine dei to språka, og gjere dei til ettt med rettskrivingspåbod. Vi frå Bergenskanten skjøna lite Aasen sin fobi for tyske ord, ettersom tyske ord kom til området vårt med hanseatane, og vi bestemte og anbefalte villig vekk. Vi kjende oss ikkje heime i telemarkske i-endingar som i bygdi, og ville gjerne skrive me og skule.
Men vi skreiv nynorsk, las nynorsk litteratur og kjende oss likevel heime i dette verdsbiletet. Det var røtene våre.

 Men korleis stod det til med talemålet? Vi tala dialekt, men vi ropa ho ikkje ut, akkurat. Når småungane leika rolleleikar tala vi bergensk. Det lydde tjuaguttspråk frå leikekroken. Det hadde større autoritet og var meir vyrd.Seinare, då NRK fekk meir sendetid, vart normalisert bokmål språket som lydde i frå barnemunn i leiken.  Dei vaksne bukka litt og knota litt når byfolket kom på besøk, eller når dei drog på handletur til Bergen. Folk som flytta til bydn for å arbeida, knota og la om. Byspråket hadde tyngde og tok over. Vi var husmenner, ikke klar over verdien av det munnlege språket vårt.
Ja, eg hugsar  då eg som student møtte ei fin dame frå Austlandet. Ho sa rett ut at ho ikkje skjøna meg. Så eg knota dansk, for eg ville jo kommunisere.
No har striledialekta vorte stuerein. Men fleire og fleire av den yngre garde talar likevel tilnærma bergensmål.
Her er nokre sitat frå Faceboksida "Strilamål":
Ho va eit løye levane
Ga sta å få på deg tølena tøtta, da kjem følk
No må de tølma deko lit

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar