Til minne om tante Sofia.

(illfoto)

Før vi forlet slekta hennar mor for denne gongen, må vi skriva litt om eldste syster til bestemor, ho Sofie, eller Sofia som ho vart kalla. Ho var fødd i  1901, og opplevde både Noreg som sjølstendig stat, to verdskrigar og byrjinga på oppgangen etter krigen.
Ho var jordjente, men då eg var fødd, var ho meierske på Leiknes, og budde på loftet over meieriet  på Tangen. Ho budde på eit stort rom med kokeplate, seng , bord og stolar. Det var kaldt der, ettersom meieriet var bygd i byrjinga av århundret..
 Sofia vog inn mjølka som bøndene kom med, anten køyrande med hest og vogn, med spannet i håndkjerre eller bærande det på ryggen. Ho tok prøvar av mjølka, og sende inn, og sette ho til kjøling i vasstroene på lageret, Så selde ho mjølk til oss som kom med spann for å hente.  Meieriet var ope både formiddag og ettermiddag, og i tillegg skulle ho sørge for at  50 og 100 literspanna var klar til dampen kom, Ho frakta spanna ned til kaikanten med håndkjerre. Der vart  dei  heiste ombord og frakta til bydn.

Det er noko av dei trygge minna frå barndommen, å kjøpe mjølk hos tante Sofie.
Men det var berre jenter på Mundal, og Sofie, som den eldste, tok over den tungvinte gardeni 1949.
Eg trur ho heldt fram som meierske ei tid, men da Bergitta, syster hennar, byrja å arbeida i udlavågen, måtte Sofia ta stiet i fjøsen sjølv. Då var det slutt på inntekta, og ho laut leva av det garden gav. Å drive ein gard på 50-talet var tungt og lite lukrativt, og det var nok ennå verre for eit kvinnfolk. Tilskot til å drive vart først gjeve til bønder etterat olja kom, så på 50-talet måtte ein leve av det garden gav, og selje av produkta for å få pengar. Det var litt sal av  beist, poteter, egg, bær og frukt, som gav inntekt til mjøl, kaffi, sukker og salt, det nødvendigaste ein vestlandsbonde trong.

Dei hadde vel hest første tida, men det var ikkje alle stader på den bratte garden at han kunne brukast. Då måtte ein bera på ryggen eller i kipa. Det var mykje ho Sofia måtte gjera. I det tungvindte fjøset med murar av stein, måtte ho handmjølke morgon og kveld, og bryne kyrne, og når kyrne var på beite om sumaren, var det å gå på stølen, mjølke og bere mjølespannet heimatt, på ryggen. Ho hogg ved og saga han, ho sette poter og tok dei opp att, ho vølte utgardar og jaga krøtter som kom på bøen, og vølte utgarden på nytt.

Ho slo og hesja, køyrde inn høy og bar inn noko på tog. I onnene hadde ho litt hjelp, ein dreng i ny og ne, men det kosta pengar. Bergitta hjelpte til, og av og til anna slekt, men dei fleste og tyngste taka tok ho sjølv.
Ho hadde ein brevvenn, og ein dag kom han, vossingen. Bygda var i ekse, og ungdommen sette seg føre å bjødla og rabba, som skikken var. Lydnivået var stort, og til slutt la vossingen Bibelen i glaskarmen. Då stilna det, fotel historia.
Det såg ut som det gjekk fint med dei to, og han var til stor hjelp med gardsarbeidet. Men ein dag var han borte. Var det fordi dei hadde kvar si tru? Sofia var pinseven, han ikkje. Eller var det noko anna som kom i vegen? Eg veit ikkje.
(Illfoto)
På slutten fekk ho seg tohjult slåmaskin med kjerre. Då kunne ho køyre der det ikkje var bratt, og bruke tohjulingen når ho hadde ærend på butikk eller meieri. Det letta sikkert.
 Sofia  hadde mykje å gjere, og det var ikkje ofte vi såg henne etter vegen. Ho deltok ein del på sundagsmøtene i   i Betel, og  når ho gjekk forbi oss, kom ho innom, eller stoppa og snakka med mor. Eg hugsa ein gong eg syntest ho var rar, for då hadde ho fest ei sikkerhetsnål  og brukte ho i staden for ein knapp i kåpa si.  Eg skjøna nok ikkje at det ikkje berre var å få tak i ein ny knapp når han var borte. Det var korkje tid eller pengar til å reise til bydn og kjøpe ny. Kven skulle stia beista om ho for?  Og ho hadde nok ikkje alltid pengar til å proritere bybesøk.
Men Sofia var glad i oss borna, og det var gildt å kome til Mundal.Om det var travelt, hadde ho drops, som så mange på den tida.
Sofia døydde i 1966, så altfor tidleg. Ei strevsam hand fekk kvile. Ein sliten kropp fekk ro.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar