Varme om vinteren

Når nettene blir lange, og kulda setter inn..
Husa var bygd annleis, og det var ikkje trelags vindaugo og isolasjon i veggene. Treullplater og sagflis var vanleg i nye hus på 50-talet, og doble vindauga var regelen, og så tok du ut det eine laget om våren, og sette det innatt om hausten.
Ein fyrte med ved, og brukte elektrisitet til å ta toppane, for straumen var dyr.
I  min tidlege barndom fyrte ein med koks og ved, og eg synest å hugsa at ein brukte ved til å tenne med, deretter  koks , og kol oppå det, når ein hadde fått skikkeleg varme. Begge to kjøpte me i sekkjer, og henta inn fra skykkja i koksboks, og så brukte me skyffel til å kasta koksen inn i omnen.

Men det langt vanlegaste var ved, som det var rikeleg av i alle utmarker og på alle haugar. då som no. Bjørkeveden var rekna som den beste, og bruka når det var verkeleg kaldt, medan older var kvardagsveden, saman med litt gran og furu, men ho var det ikkje så mykje av på min del av Vestlandet.
Veden vart felt, saga og kløyvd. Heime kjøpte vi helst ved, men når han kom til hus, var det alle si oppgåve, også ungane, å bere inn og stable i skykkja. Nokre famnar ved var vanleg å ha , så ein kunne sjå vinteren trygt i møte. Når ein hadde forskalingsplankar eller anna tre som ikkje var i bruk, vart det saga og opp til ved. Til å nøre opp i omnen brukte me never om me hadde det, eller hogg små fliser som ein brukte til tennved eller kveiksle.

. Ein må heller ikkje gløyma hun, brenneved av oppkappet bakhun fra sagbruka, som vart saga opp og brukt i omnen når det ikkje var for kaldt. Bestefar hadde sag, og det hende far henta eit lass frå han.

Så kom oljekomfyren! I vårt hus kom han på slutten av 50-talet, som kombinert olje og vedomn. Me brukte vedomn så lenge det ikkje var for kaldt, og gjekk så over til olje. Det var eit herk å fyre den opp, og endå verre hvis det var noko i vegen med veiken. Då vart det kaldt, då! Men stort sett brann det, så sant me hadde fylt opp den 20 liters tanken som stod i trappegangen. Det var ofte dei eldste ungane som fekk æra av å sørge for påfyll på han. Då måtte me tappe frå oljefatet som stod ute, og slå over i innetanken. Når alarmen gjekk at det var lite på tanken, var det berre å sleppe det ein hadde i hendene, finne oljekanna og fylle opp!

Vanlegvis var det ikkje varme på soveromma i 2. etasje, men overskuddsvarme gjekk jo opp om dørene stod oppe. Men me la oss på kalde soverom. Ofte brukte me varmeflaske med gloheitt vatn frå springen, og tulla den inn i eit håndkle. Då var det godt og varmt i senga, som i tillegg sjølsagt hadde ullteppe om vinteren. Om det var riktig kaldt, sette mor på elektrisk omn som  varma på  soverommet vårt. Men den stod sjeldan på om natta, så då måtte me hutrande ta kleda med og gå ned og kle oss på badet eller foran omnen i stova.
Me brukte mykje meir ull om vinteren. Ullsokkar, strømpebukser, leistar, og ikkje minst ullgensarar og trøyer. Ser du bilde frå 50-talet, har alle strikkagensarar og -trøyer. Det var måten å kle kulda ute på. Me fraus ikkje!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar