Veg, vaktarar og nye vegar.



Det var grusvegar i barndommen min. Kom du til Bergen, hadde dei brusteini heile sentrum. Og rett som det var, vart det lagt ny stein der den gamle måtte vølast. Det var vel asfalt på ein del av vegane rundt Bergen, men det hugsar eg ikkje så mykje til.

På landsbygda var det grus som galdt. Stabbesteinar der det var høgt utfor, og nokre stader vart det etterkvart støypt mur for å skillje veg og stup.

Grusvegen fekk holer etter regn, og vart det hol etter hol, heitte det vaskebrett, og der humpa det ettertrykkeleg, anten du køyrde sykkel eller bil. Grusen la seg etterkvart i vegakanten, og då hadde kommunen ein ansatt som kom syklande med spade og krafse for å få grusen innatt i vegen og oppi hol og vaskebrett, slik at det  vart lettare å køyra. Arbeidet var tungt, men eg er ikkje sikker på om folk flest såg på dette som arbeid. Nokre var vel også misunnelege på at desse var kommunalt tilsette og fekk fast løn. Det gjekk ein del vitsar om korleis vegvaktarne, som dei heitte, kvilte på spadeskaftet så dei sleit det ut. Vegvaktarne måtte gruse og fylle hol i vegbana,skulle og grave grøfter og stikkrenner. Dei måtte og hogge vekk issvullar der det var vannsig og oppkommer i nærleiken av vegen.  I byrjinga vart det køyrt ut grus med hest og kjerre og lagra attmed vegen, og så måtte vegvaktaren trille ut grusen på vegen med trillebår.
Etter kvart som vegane vart fleire, vart det fleire vegvaktarar, og dei fekk til og med ein bil som brøytte vegar om vinteren, og måka møte- og haldeplassar.

Når snøen var borte, køyrde bilen ut grus og let han dryssa frå lasteplanet medan han køyrde med tippen oppe, og det letta arbeidet mykje for vegvaktaren. Men grusing av veg på den måten skjedde ikkje så ofte. Vedlikehald var dyrt.
Om ein skulle lage ny veg, eller forandre ein eksisterande veg, legge han ut eller legge han om, kom syningen inn i biletet. Han var vel ein slags vegingeniør, og hadde det overordna ansvaret for nye vegar.  Han kom på befaring og stakk ut vegen, såg etter at entrepenøren gjorde arbeidet sitt, og godkjende den ferdige parsellen. Far min syntest det var stas å følgje syningen på befaring,Ofte møtte lokale grunneigarar opp, og argumenterte for sitt syn. Det galdt å berge matjord, sjølv om dette var skrinne Vestlandet. Syningen var oftast einig i dette, for dette var like etter krigen, og sjølbergingsprinsippet galdt. Vegen vart oftast lagt til utmark. Vart  ikkje partane einige, vart jorda ekspropiert. Det var eit skummelt ord.

Ein gong var eg med far på Osterøya. Vi hadde køyrt den sedvanlege vegen over Kleivdal, Seim og til Isdalstø, teke ferje til Steinestø, køyrt til Breistein og teke ferje til Valestrandsfossen. Me køyrde svingute vegar opp mot høgda, og ein 4 timar heimanfrå snirkla oss frå skogkrull til skogkrull innover øya.
Vegen var usedvanleg svingut. - Det var synigen si skuld, sa far. Då denne vegen vart bygd, hadde dei ein syning på Osterøy som tok vel vare på all matjord. Då han stakk ut vegen, hadde han lagt den utom kvar liten jordlapp. Det var jordvern i praksis! På folkemunne gjekk vegstubbane  som "Jaabecksvingar". Eg tenkjer ofte på den syningen når eg køyrer her på Austlandet, og vegen går rett og fin nettopp gjennom finaste matjorda. Tida endrar seg! Veit ikkje
om eg heilt likar at sjølbergingsprinsippet til dei grader er forlete. Vi kan jo få bruk for poteter igjen. God helg!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar