Ferjer batt oss saman.



- Vi må nå ferja.
Eit vanleg ord når eg vaks opp. Skulle du over ein fjord, måtte du ta båt eller ferje. Bergen Norhordland Rutelag hadde eit hefte med ferjeruter så langt som eit vondt år, og det gjekk ferjer på kryss og tvers over fjordane for å binde folket saman. Reiste du med bil, var livet styrt av ferjerutene. Du kom ingen stad før ferja gjekk, og du kom ingen stad etter siste ferje. Då eg var liten, slutta dei å gå tidleg, særleg om laurdag. Etter kl.18.00 gjekk det ingen ting. Far kom for seint til ferja på Steinestø ein laurdagskveld, og returnerte då til slektningar i Bergen. Telefonen var stengt for helga, så dei kunne hverken ringa eller sende telegram. Ei tante mi vart redd for onkelen min, som og var med, og trumfa gjennom at dei skulle etterlysast. Dei sette nesten kaffien i halsen då dei høyrde seg etterlyste på radio utpå kvelden. Det var berre kriminelle som vart etterlyst! Far var skikkeleg opprørd då han kom heim att ut på sundagen.
Då eg var riktig liten, hende at du køyrde inn på sida av båtar på ein lem, men som oftast var det ferjekai med lem, stengt av ein bom når ferja ikkje var der. Når ferja kom, hoppa matrosen i land for å heise lemmen på plass og opne bommen, men etterkvart kunne dei styre lemmen frå ferja, medan bommen måtte opnast manuelt.


Billettar kjøpte ein i kiosken før ferja kom, men etter kvart gjekk billetøren omkring og selde bilettar til kvar enkelt bil. Han hadde huve på hovudet og pengeveske på magen, reiv av billettar som du måtte vise for deg seinare på turen, For det var kontroll på det, og du viste billett. Sjåføren køyrde ombord, og vart vinka på plass av ein av mannskapet. Det var ikkje populært å bli vinka inn i ein krok, slik at ein ikkje kom av ferja i rett rekkefølge. Passasjerane måtte gå over lemmen. Det var ikkje lov å sitje i bilane under ferjereisa, men nokre


gjorde jo det.  Skulle ein ha kaffi og vaffel, ( eller brus) gjekk ein nedanunder, der det var ein liten kiosk der ein kunne kjøpe snop, rundstykker, kaffi og  etterkvart aviser. Dei første ferjene hadde rette ryggar  på benkene, og var heller vonde å sitja på. Det var som regel to rom nede, og på dei største ferjene var det og eit rom oppe. Du kunne stå ute, og sjå på landskapet, og kjenne vinden ruske i håret.
Dei var ikkje alltid så nøye på passasjerantalet i bilen på den tida. Det var stas å ta ein biltur, og alle skulle med. Ein sat i fanget på kvarandre, og det gjekk to ungar på ei vaksen. Dei minste vart ikkje rekna med. Så difor var det ikkje så uvanleg med hendingar som ligna sitatet i denne ferjehistoria:
Ferjesambandet frå Norhordland til Bergen gjekk i førstninga mellom Steinestø og Isdalstø, og tok
30 minuttar. I 1956 vart det laga veg til Knarvik, og då var ferjetida 20 minutt, og det vart også fleire ferjer, også fordi bilparken auka.

 Far snakka med lengsel om veg gjennom Mundalsberget. Det fekk han aldri oppleva. Han kom først i 1973, og korta reisetida vår til Bergen med nesten ein time.
I 1994 kom gjennombrotet: Norhordlandsbrua, som batt saman Bergen og Nordhordland. Sidan har me vorte meir og meir ferjefrie, og distriktet er no bunde saman av eit nettverk av bruer.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar