Myramannen, ein nabo




 I dag skal eg skrive om naboen vår, Myramannen, slik eg hugsar han som barn. Det er sikkert mykje å føye til, men dette er slik barnet hugsar han. Han var fødd i Myræ, ein gard i Dalebygda, og sidan han ikkje var odelsgut, tok han lærarskulen i Volda. det var ei dyr og omfattande utdanning i dei dagar. Som nyutdanna lærar hadde han mor, så han var utgamal i mine auge.
 I fyrstninga budde han på heimegarden saman med syskena sine, og hadde eit rom der, men bygde seg så hus i Naustdalen, og då me flytta til Flossvik i 1954, vart han næraste nabo. Som dei fleste, leigde han ut øvste etasje, og budde sjølv nede i huset sitt. Han gjekk gjennom utmarka til skulen kvar dag, og åt middag hjå syskena sine på heimegarden, men heldt brødmaten sjølv.
Rundt huset hadde han planta ein stor frukthage, og då eg var liten, hadde han vakse seg til, så det var rikeleg med både eple, pære og plommer. Ja han hadde til og med moreller og kirsebær!
Vi ungane kom med nett og plastposar, og fekk plukka nedfallsfrukt, og kjøpte frukt for ein symbolsk penge. Ofte tok han oss med gjennom hagen, og fortalde om sortar, og me fekk smake ein bit. Han hadde ein lommekniv som han brukte til det.Han hadde også  eit tre med Leikneseple, ein sort som var avla fram lokalt, og den trur eg han var kry av å eige. Epla smakte kjempegodt, dei! Vi lærde om tidlege og seine plommesortar, og smaka på ulike blå plommer. Pærer og plommer var ikkje kvardagskost for alle den tida, så me sette pris på å smaka dei og.

Myramannen var etter det me trur kjærast med ei lærarinne som var der eit år, og me ungane var nysgjerrig på dette, og låg vel på lur av og til for å spionere, men det var lite me oppdaga. Det var nokon som trudde dei hadde sett dei halde hender, men det var det næraste me kom sensasjoen!
Han brukte ikkje mykje pengar, så me snakka vel litt om at han var gnien, men ein dag tok han til å lærekøyre, og han tok sertifikat. Så  kjøpte han seg ein splitter ny Volvo Amazon Pv, eit storhende i ei lita bygd på 50.talet. Volvo var svensk den gongen, og betyyde kvalitet.
Eg hugsar enno den beige fargen, og at han kom for å fylle bensin på den vesle bensinstasjonen vår. Det var heller sjeldan me fekk sitje på, men bilen var velhalden, ikkje tvil om det, og høvde vel ikkje til skitne barnebein og heder. Han køyrde turar med han, også lengre ferieturar, men brukte han sjeldan til skulen. Då gjekk han, uansett ver, i mi tid.

Myramannen var interessert i skogreising, og sette ein del gran på tomta si. Men eg trur han var meir interessert i å setje dei enn å vyrdsle dei, så dei vaks litt hulter til bulter, sjøl om han selde nokre juletre.
Seinare vart han ven mes ein annan ungkarslærar frå nabobygda. Dei var ofte saman, og tok seg ofte ein kveldstur til fots.  Om sumaren når eg låg med vindauga oppe, høyrde eg røysta deira når dei gjekk forbi på vegen utanfor husetog når dei kom tilbake.  Ein del av rutinene i bygda det og.
Han var læraren min i storskulen. Eg kjem tilbake til Skulen, som me også kalla han .

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar