Erten og furten dei sat på ein haug, og furten han ynskte at erten var daud". Om å terge og plage

"

Vi mobba ikkje i mi tid, for me kunne ikkje engelsk. Men fenomenet var der nok, og i si milde form t heitte det  erting. Kva gjorde du når du erta`? Du terga nokon, Du dreiv ap med dei for å få dei sint. eller grine.Eldre søsken hadde mange måtar å terge dei som var yngre på. Som regel gekk dei vaksne imellom, dersom dei syntes det gjekk for vidt. Eg var vel ikkje heilt fri for å terge og egle, eg som var eldst i søskenflokken.
Verre var det når ein gjeng som brukte fysisk eller psykisk vald mot ein einskild.. Det var nok moro for dei som var i flokken, men slett ikkje for den som var åleine.Skadeleg då som no. Nokre var hissige, og dei var lett å terge så dei miste fatninga. Nokre innesitjingar og attsitjingar på skulen vart det nok på  grunn av det,  helst på gutegjengen.

I første klasse var det nokre jenter som sprang etter nokre andre på heimvegen. Dei siste vart redde, og det syntes dei første var moro, så dei sprang etter på nytt, huja og ropa. Dagen etter fekk dei ei samtale med klasseforstandaren, og så måtte dei sitja att på skulen ettterat vi andre hadde gått heim . Det sveid nok, og me andre syntest det var fortent. Ein gjorde ikke slikt! Jentene fekk gå i fred heimatt etter det.


Men korleis visste læraren vår det? Vi undra oss. Men  på sida av storvegen var det hus, og folk arbeidde ute. Dei såg, og gav beskjed til læraren om kva som hadde hendt. Bygda såg deg, på godt og vondt, og ho oppdrog deg.
Eg var eldst, og fekk handleoppdrag frå eg var ein neve stor. Det var vel 1-2 km til butikken, og mykje av vegen var synleg heimanfrå. Ein dag eg hadde vore og handla, og var på heimveg, kom det to-tre store gutar syklande. Dei hadde store svarte syklar, og var vel så store at dei sat over ramma og ikkje inni når dei sykla. To hadde syklar, og den tredje sat på bagasjebrettet. Det var vanleg å ha passasjer bakpå i dei dagar. Eg gjekk med handlenettet, og drog vel på brød og middagsmat, som vanleg.

Dei stoppa, og den eine av dei sa:- Du får ikkje gå over den streken. Han laga ein strek med foten over vegen. Eg skaut hjarta opp i halsen, og trassa og sa: - Det gjer eg, og så gjekk eg over streken. Hjarta banka, for dei var store, og fleire.
- Eg skal la det gå for denne gongen, men denne streken går du ikkje over! sa han, og laga ei ny strek over vegen litt lenger framme. Eg tvika litt, mota meg opp og gjekk sakte mot streken og steig over.
Tårene stod i augo, og eg hiksta.
Kanhende skjøna dei at dei hadde tøydd strikken, og for.
Men eg for gråtande heim til mor og fortalde alt.

Dagen etter var eg ute og køyrde bil med far min. Eg sat høgt oppe i forsetet på Opel Blitzen, og såg ned på verda. Der møter me gutlarvane frå i går. Far stansar, sveivar ned sideruta og seier: - Eg høyrer de driv og ertar småungar! Det får de slutta med om de vil sitja på med meg!
Far var på den tid den einaste som hadde bil i Leiknesbygda, og det var populært å sitje på med bilen hans. Gutane kom gjerne opp til oss, og dei hjelpte å losse og laste, fylle bensin og vaske bil, og så fekk dei sitje på bilen på korte og lange turar, etter som det høvde.
Orda hans ramma nok hardt. Ingen ville gå glipp av bilturar i dei dagar!  Eg kjende at eg triumferte der eg sat og såg ned på plageåndene. Seinare  gjekk eg trygt på butikken.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar