Lys i mørket


Lyset blinka ein gong, så eingong til, og du heldt pusten: Gjekk lyset no? Ja, plutseleg var stova i stummande mørke, og det var mørkt i gang, kjøkken og utelampa var sløkt. Det var straumbrot enno ein gong. Slike brot kunne vara lenge, for linemanskapa skulle ut, gå etter linjene i ulendt terreng, ta vekk trea som hadde lagt seg over linene eller feste lina eller kva det enn var som var gale denne gongen. Det tikka ikkje inn ei forklaring på SMs som det gjer i våre dagar, så du måtte berre vente og vone at det ikkje skulle ta dagesvis.
Rutinene var klare: Famle seg fram i stummande myrker og finne fyrstikker, tenne ei og orientere seg i landskapet. Stearinlys stod som sedvanleg ikkje framme, men vi famla oss fram til kråskapet, og fann ein lysestump, og etterkvart ein lysestake. Då såg ein litt framfor seg, og kunne starte jakta på fleire stearinlys og stakar. Vi sette dei på strtegiske stader på kjøkken, gang og stove, og så strarta leitinga etter lommelykter med både batteri og pærer inntakt. Dei skulle være i skapet ute i gangen, men var ikkje alltid der. Ofte mangla ei lyspære eller eit batteri, men til slutt var det i alle fall ei lommelykt som lyste. No kunne vi gå i kjellaren, eller ut å hente ved!

Vi såg i vindauga. Lyste det hjå naboen? Han tilhøyrde ein annan trase enn oss, så då var straumbrotet lokalt. Lyste det i Hillesvåg? På Hjelmås?

På Fyllingsnes? Korleis var det med dei sørom fjorden, på Bysheim og Hosanger? Omfanget vart kartlagt, og dermed også kor sannsynleg at det var 2 timar, 4 timar eller heilt til neste dag før straumen kom att.
Me fyrde med ved, så det var ikkje noko fare for å fryse, men det var litt meir stussleg å hente ved med lommelykt. Då var me to. Den eine lyste, og den andtre plukka ved i vedkorga.
Radioen var daud, så det var lite underhaldning. Vanskeleg å lesa i blafrande stearinlys.  Gøymespel var tingen, men det kunne vera litt farleg. Du såg korkje dører eller trappetrinn. det hende vi slo oss, og grininga gjorde at mor sette ein stoppar for den leiken.

Ute var det bekmørkt, om ikkje ein bleik måne eller stjerner gav lys. Alle utelampar var utan lys, og dei få vegalysa var sløkte. Måtte me til naboen, så måtte lommelykta med. Det var belgmyrkt, og ingen utelys, så ein måtte lyse på veg og snublesteinar , og like inn i bislaget, snuble seg over tresko
før ein banka på og steig inn.
Så blinka det igjen, og lyset kom, og gjekk eit par gonger, før ein igjen kunne glede seg over lys i taket, fri tilgang til do og vedskjul, sette på radioen og la musikken til Trojarenes inntogsmarsj eller kva det var dei spela akkurat då. Vi pusta letta ut.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar