Udlavågen - ei hjørnesteinsbedrift på 50-talet


 Inne i ein liten våg mellom Leiknes og Hjelmås ligg Hillesvåg Ullvarefabrikk, eller Udlavågen, som han heitte i daglegtale. Han hadde kai, og i mine heilt yngste dagar hadde dampbåten stopp der om hausten, for å levere ull frå indre Osterfjord til fabrikken. Då som no kunne du levere rein ull og skiten ull, og  fekk betaling for kvaliteten. Ulla vart vaska og tørka, karda og spunne til ull og tvunne til hesper.
Da eg var lita var fabrikken hjørnesteinsbedrifta i bygda, om du kan ta så store ord i munnen. Det var vel litt småindustri i bygda elles, som garveri og snekkarar, men dette var staden som hadde flest sysselsette,  20-30 menneske på det meste.
Mellomkrigstid

Dei tok altså  imot ull frå bønder frå heile Osterfjorden, sorterte, vaska, karda og spann ulla til grått og kvitt ullgarn.I  den første tida kom bøndene med ulla si og fekk igjen garn laga av si eiga ull.
Fra 1953 utvida dei til sentralt ullkjøp. Fabrikken hadde og eige veveri  der  det vart laga vadmol, sjeviot og ullteppe. Bønder som vov sjølv kunne levere inn dei vovne stoffa sine for å få dei behandla. Fra 1950-åra produserte dei mest garn til industrikundar som laga gulvteppe, møbelstoff og trikotasje. Heilt sidan 1930–tallet har fabrikken karda ull til  filttøfler.

Det lukta stramt av ull når du kom inni det vesle utsalet, der to damer pakka varer og  selde to- og tretråda kvitt, svart og grått garn. Det var fint til leistar og vottar om vinteren. Seinare vart ulla farga, og du kunne få farga garn til strikketøyet ditt. Dei selde ullteppe, grå, tjukke og varme teppe som varma godt på kalde vinterdagar. Dei byrja og å lage farga ullteppe med mønster, og så selde dei remser som dei skar av rullen til slutt, og som me ungane syntes var kjempefine til leiken. Vi brukte dei som dokketeppe, men dei lengste remsene på meteren og meir, vart og brukt som underlag når me aka ned trappene. Sette oss på tepperesten øverst i trappa, og to tre ungar  køyrde så buss med dei nedover trinna, eller vi reiste til Bergen på handletur.
Svingen er utvida i dag
Det var bratt å gå ned til fabrikken, eller å køyre ned til han. Svingen var krapp, og det var steilt å køyre, særleg på vinteren.  Difor var det bygd sykkelskur oppe ved vegen, der arbeidarane sette syklane og mopedane sine. Ulåst for det meste, og av og til til freisting for den yngre garde i bygda.

Det var og ein arbeidarbustad, Stiftelsen, der det budde ein familie og nokre kvinnelege arbeidarar.
Kvinnene hadde kvart sitt rom og delte kjøkken, medan familien budde i leilegheit i andre enden av huset.
Som vaksen lærde eg at bestefar min i mellomkrigstida var med å leggje den opne vassledningen i lukka trerør. Saman med sønene sine konstruerte han eit system som lukka den eine røyret i det andre, slik at det vart tett. Fabrikken stengde ned medan arbeidet gjekk føre seg. Då dei var ferdige sikra det stabil tilførsle av vatn til  turbinen som dreiv fabrikken. 

Eg veit eigentleg lite om dagleglivet, om maskinane og menneska som arbeidde der, Mange var pinsevenner, og det prega nok arbeidsmiljøet . Men arbeidarane var bakover i lokala, og det vesle utsalet var fremst. Vi gjekk opp ei steintrapp då som no, og møtte Judit og Borgny når me kom for å handle, og dei var hyggelege og pratsame, og slo gjerne av ein prat med oss ungane. Me kjende oss viktige og verdifulle i samtalen med dei. 
Det er fint at min barndoms ullfabrikk framleis lever i beste velgåande, at dei framleis sel ull og ullprodukt, brukar gamle og nye maskiner, og kombinerer gamal og ny teknologi og produksjon.
Det er framleis gildt å besøke Hillesvåg Ullvarefabrikk når eg er på Vestlandet!





.Bileta er for det meste frå www.ull.no/  


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar