Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2017

Spøt.

Bilde
 Det første eg spøta, var sjerf til dokka. Eg hadde ein eller annan barnesjukdom, og måtte sysselsetjast, sidan eg ikkje kunne gå ut, og ikkje kunne få besøk og soleis smitte andre. Eg strikka fram og tilbake, rett på båe sidene. Det vart litt buktete, for det var ikkje så enkelt å hugse å ta av første maska i omgangen, og ei og anna maske miste eg nok, så ho mor måtte fikse ho. Av og til vart det lagt opp ei ekstra maske,  så halstørkledet vart litt større øvst enn nedst.  Men dokka lika det, og var glad for å ikkje fryse  når ho skulle ut. Så gjekk vegen vidare til rang og rett, til fire strikkepinnar, til leistar og vottar, der sjølsagt mor måtte hjelpe til med å hente opp masker, felle og strikke nokre omgangar når den vesle strikkerska vart motlaus. Strikkegarnet me bruka kom frå Hillesvåg ullvarefabrikk, så det var kortreist.  Ulla var ikkje tova, så  ein måtte ta høgde for at leistar og vottar måtte strikkast litt store, så dei passa når dei var ferdige. Milo v

Myramarka- den gode vegen til storskulen.

Bilde
Når  eg skulle gå på storskulen, gjekk eg Myramarka.Det var ein 15-20 minuttar å gå gjennom utmark, som nå er nesten borte, for traseen til E39 går gjennom barndomsriket mitt. Det var om å gjere å komme tidleg på skulen, Helst først. Radioen stod på, så når Vermeldinga og Dagsnytt byrja, var det tid å finne sko, ransel og yttertøy. Hvis andakten hadde begynt,  og klokka var 8.15, var ein sein, sjøl om skulen ikkje byrja før 9. Som oftast gjekk me storvegen bort til ledet til Myramarka, og tok vegen over gråberga og myrhola opp mot sjølv  utmarka. Det hende seg at me gjekk ein snarveg, men sjeldan forbi Myramannen sitt hus. Respekta var for stor. Blokkebær, eit og anna tytebær eller blåbær var å finna, og vegen var steinut men tilrettelagt for hest og kjerre, så du kunne gå tørrskodd. Forbi nokre graner, litt utsikt mot Kleivamarka, før vi snudde mot nord og fortsrtte ned ein liten bakke, der det sildra vatn som laga svell når det vart frost. Eit lee, og så var vi ved Lona, Ei

Småskulevegen.

Bilde
I dag står det barn og ventar på bussen.  Eller dei vert køyrd i privatbil. Dei køyrer nesten frå dør til dør. For å få fysisk aktivitet, må dei seinare køyrast på svømming, fotball- og handballtrening. Trygg trafikk skriv dette om skulevegen: Der det er mulig bør barna gå til skolen, gjerne sammen med voksne. Frisk luft og fysisk aktivitet gir elevene en god start på skoledagen. Øv på skoleveien sammen med barna. Foreldre eller andre voksne kan samarbeide om å følge og hente barna på skolen hver sine dager. Det var annleis før. Eg byrja på skulen i 1953, og gjekk mine første tre år i bedehuset på Midtgard. Me gjekk annankvar dag, og hadde skuleveg der me måtte bruke føtene. Det som slår meg er tryggheita på vegen. Du kjende dei du gjekk forbi, dei fleste var eg i slekt med. Bli med på skulevegen min! Grønrutete ransel, trepenal med blyant, viskelær og etterkvart pennesplitt og linjal. Lese- skrivebok, etterkvart bibelsoge og salmebok, flaskemjølk og matboks.  Eg var klar

Julebesøk hjå andre ungar var vanleg

Bilde
Me ungane vart bedne på julebesøk til kvarandre. Det var ofte dei vi leika med, eller dei som vi hadde mest omgang med som bad venene sine. Me kledde oss fint, i julekjole eller matroskjole, og ofte hadde me finsko med i ei veske. (plastposen var ikkje funne opp). Høgtideleg innbeden til eit visst tidspunkt på ettermiddagen, steig me fram og banka på døra. Ein måtte banke på, når ein kom i så fint ærend. "Vertinna" lokka opp, og me kledde av oss yttertøy og tok på finsko. Det rosa perlebandet eg hadde fått då onkel Rasmus frå Amerika kom på vitjing til Noreg, var det naturleg å bruke ein slik dag. Det var elles dårleg i låsen, og såleis til spesielle høve. Var me hos  syskenbarnet mitt,Oddveig, starta vi alltid med å springe etter kvarandre rundt i første etasje, for det passa så godt, fordi det var dører heilt rundt frå gang til kjøkken, til spisestue til stue til gang igjen. Frykteleg moro, men så sa tante Solveig stopp, og me sette oss prydeleg i kvar sin stol og sna