Mørkaloftet- ein spanande tilfluktsstad.
Mørkaloftet var bak ein glugge i taket på utelemmen. Det var spanande og kanhende ikkje heilt ufarleg å krype dit opp, ettersom du kunne risikere å ramle ned troppa til første etasje. Derfor var det helst Flossvikas svar på Tarzan(les Britt) som klauv dit. Det var spanande der oppe. Halvmørkt, med gamle kledeplagg, bøker og andre ting som ikkje var i dagleg bruk, men for gode til å kasta. Dei hadde ikkje lagt golv der, så du måtte balansere på tverrsprossene, elles kunne du gå gjennom taket, sa dei vaksne. Eg var vel så lett at det hadde gått greit, men eg passa meg jo, og steig på sprossene. Skorsteinen gjekk gjennom loftet og ut, og det gjorde det varmt og lunt vinterstid. Av og til hang det fisk til tørk der oppe, eller mor hadde hengt eit par fenalår eller ei spekeskinke der. Eit år hang det ribbe attmed skorsteinen. (ikkje fullt så mange) Mor førde rekneskapen for far, og bilaga skulle oppbevarast i ti år. Dei låg på høgre sida, klede bak skorsteinen, , bøker på ven