Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2018

Skogplanting

Bilde
Like etter krigen rådde det mykje optimisme. Krigen var slutt, og alt gjekk framover. Gardbrukarane planta skog på teigar som var vanskeleg å dyrke. Skuleungane vært ofte bedene om å vere med å plante. Eg trur ikkje me fekk noko for det, men vi var nyttige, og vi var med på å gjere landet vårt betre, meinte vi. Vi planta skog i Øvstegardsmarka, trur eg, men denne gongen skulle vi langt av stad, like til Torsheim eller Tosjheim, som det heitte på lokalspråket. Læraren vår førebudde oss, og gutane fekk beskjed om å ha med seg plantehakke heimanfrå, eller låne seg reiskap. Han teikna på tavla  og fortalde om kor djupt  gutane skulle hakke, at vi jentene skulle strø litt av molde nedi holet, sette planta nedi, og strø på mold. Det var viktig at planta stod rett, at vi klappa godt til rundt ho, og la torva på plass rundt treet til slutt  VI kjende oss viktige, og lærde prosedyrene. Læraren fortalde at grantre voks seint. Dette var arbeid for framtida. Ikkje bonden, ikkje ungane
Bilde
Dette innlegget tar for seg lokalhistorie frå Leiknes, men kan vel ha noko allment i seg også. Nå reiser ein frå Leiknes til Bergen på halvtimen, men det er underleg å tenkje på at det var først i 1949 at det kom bru over Leiknesvågen, og dermed vegutløysing til Dalebygda, som dei kalla bygda. Kor tid det kom veg til Hodnesdal, veit eg ikkje, Men vegen til Hopsdal var kome til Port Arthur, då dei i 1905 fekk beskjed om det store slaget i Kinahavet, og så fekk svingen namn etter slaget. I 1910 var vegen til Hopsdal ferdig, etter mine kjelder, og det vart lettare å kunne levere mjølka  til meieriet , hente varer frå butikken  og det vart lettvint ta dampen til bydn, for alt dette låg på Leiknes, på kaia på Tongjen. Skulle du ut av bygda, var det lettast å ta båt, og ingen reagerte negativt på at Hamre kommune låg på begge sider av fjorden, anna enn at bygdene på sørsida av fjorden hadde meir folk, og dermed fleire i kommunestyret. Så dei vaksne nordom fjorden snakka litt om at d

Tre ord på snei, glem ikke meg!

Bilde
Boka var blå, dekorert med gull på utsida. Minnebok stod det på utsida. Eg fekk ho då eg gjekk i første klasse., og når eg blar i henne, finn eg minne skrive av første lærarinna mi, av elevar eg gjekk saman med på skulen, av lærarinna i 2. og 3. klasse, og  av Andreas Midtgård då eg gjekk i storskulen. Det var stas å ha minnebok, å spørje venner om å skrive minne, og vente i spaning for å få boka attende. Nokre hadde fått hjelp frå mor og far, andre hadde hadde streva og laga minne sjølv. Det var ein del av heimearbeidet å skrive i minnebok, om du hadde ei med deg heim. Stovebordet vart rydda, og mor hjelpte deg å lage fine tynne liner med blyant, og skreiv eit minne på kladdeark. Eg skreiv etter, og lærde at overskrifta skulle være midt over minnet, anten det var minne, eller minne til Aslaug.  Så kom poesien, lykkeønskjet og helsing med nanm. Det siste skulle stå midt under, eller til høgre på sida.  Eit vakkert minne skulle ha teikning, og ofte måtte mor hjelpe til å lage

INDL- vegen til bygdene i Osterfjorden på 50-talet.

Bilde
Ved Bryggen i Bergen låg Indre Nordhordland Dampbåtlag sine båtar. Tvers over byfjorden låg Bergen Nordhordland sine båtar., INDL hadde  tre i talet, Oster, som gjekk på kol, og Hosanger 1 og Bruvik brukte  damp. Men det var sjeldan dei låg til kai i Bergen samstundes.  Desse tre båtane var forbindelsen innover Osterfjorden, og dei kom kvar morgon med ferdafolk, varer, post, dyr , mjølk og kva elles som skulle til bydn, og returnerte om ettermiddagen med tomme mjølkespann og få dyr, men elles mykje av same lasta. Varene var heist ned i lasterommet, Dyra plassert framme under dekk, posten var på plass i postlugaren, der postfunksjonæren  hadde sekkar med post, aviser og  pakker til heile fjorden. Dei stripete sekkane var bunde att med hyssing, og hadde posten sitt emblem på. I postlugaren kunne du kjøpe frimerker og poste brev,  Ferdafolket fann sine sete i lugarane oppe og nede, og praten gjekk med kjentfolk ein kanhende ikkje hadde sett på lenge.Nokre av oss åt resten av nista